– I går ringde ein skule og avbestilte besøket. Det var 100 elevar frå fire klassar, seier Mads Tangestuen til Vårt Land. Han er fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.
– Det var éi avbestilling, me har hatt fleire den siste tida.
– Kvifor ville dei fire klassane ikkje komme?
– Grunnen var enkel, skulen vågde ikkje.
Høgna terrortrussel
8. oktober høgna Politiets tryggingsteneste (PST) terrortrusselnivået til trinn fire av fem, opp frå moderat til høg. Bakgrunnen var opptrappinga av krigen i Midtausten, samt åtak mot Israels ambassadar i København og Stockholm.
To personar er arresterte i Danmark, ein av dei har aktivitet knytt til Norge, fortalde PST Det er først og fremst trusselen mot jødiske og israelske mål som er skjerpa.
– Kan du forstå skuleleiarar, lærarar og foreldre som konkluderer slik?
– Ja, men det er synd at så skjer, for då får ikkje Jødisk Museum utføre det viktigaste samfunnsoppdraget vårt, som er å drive undervisning, eit arbeid som også er svært førebyggjande, seier Tangestuen.
Norge har to jødiske museum. Det andre ligg i Trondheim.
– Opplever de også avlysingar?
– Nei, ikkje førebels, ingen har kansellert skulebesøk, svarar direktør Ulf Ingemar Gustafsson, direktør ved Jødisk Museum Trondheim.
Styrer unna alt jødisk
Jødiske museum Europa rundt melder at folk går forbi.
– I eit samfunn der ordskifta blir stadig meir polariserte, og der folk blir tvinga til å velje side, unngår nokre alt som har med jødedom og det jødiske å gjere i frykt for å bli stigmatiserte, fortel Barbara Cuglietta til Berlingske. Ho er direktør på Musée Juif de Belgique, det jødiske museet i Belgias hovudstad Brussel.
På eit år, frå 7. oktober i fjor, har besøkstala ved museet stupt, ned heile 75 prosent.
Det er synd at så skjer, for då får ikkje Jødisk Museum utføre det viktigaste samfunnsoppdraget vårt, som er å drive undervisning
— Mats Tangestuen, Jødisk Museum i Oslo
Går forbi museet i København
Dansk Jødisk Museum i København melder at besøkstala har gått ned med 40 prosent siste år.
Direktør Janus Møller Jensen fortel tv2.dk kvifor:
– Folk fryktar at eit besøk på Dansk Jødisk Museum er det same som å ta stilling i konflikten i Midtausten.
Har ikkje spurt gjestene
På Europas største jødiske museum, Jüdisches Museum Berlin, opplever dei også svikt: 12 prosent ned siste år.
Men presseansvarlege fortel Berlingske at det ikkje er sikkert at 7. oktober-åtaket på Israel og Gaza-krigen som kom, er forklaringa.
– Det har me ikkje spurt våre gjester om, så det kan me ikkje vite, seier Margret Karsch.
Drap fire personar
Eitt jødisk museum har opplevd terroråtak.
I 2014 skaut og drap ein fransk islamist fire personar på Musée Juif de Belgique i Brussel. Mannen hadde vore i Syria og fått kamptrening hjå IS. Han fekk fengsel på livstid.