Talet på adopsjonar stuper. Byrå er redde for avvikling

Nokre år kom det over 700.

I fjor kom det rekordfå: 37.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har nesten stoppa alle utanlandsadopsjonar til Norge.

Barne- og familiedepartementet (BFD) gav oppdraget: Gå gjennom alle formidlingsløyva til Norge.

Berre eitt land er i dag godkjent, Colombia.

Det er dei som er adopterte som treng hjelp, ikkje adopsjonsorganisasjonane

—  Kristin Molvik Botnmark, forfattar og adoptivmor

Utan statleg hjelp blir det avvikling

inor

Det er økonomisk krise i dei tre organisasjonane som formidlar utanlandsadopsjon. Deira hovudinntekt er formidlingsgebyret.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) vil halde liv i dei. Difor varslar ho økonomisk krisehjelp i 2025-statsbudsjettet, for 2024 og 2025, nesten fem millionar kroner.

– Utan krisehjelpa frå departementet ville det blitt styrt avvikling, fortel dagleg leiar Line Oseassen Onshus i InorAdopt.

Ministerens krisehjelp er feil, seier adoptivmor

– Det blir fullstendig feil, meiner Kristin Molvik Botnmark, adoptivmora som er blitt adopsjonskritikar.

Ho ber om statleg krisehjelp til dei mange adopterte som strevar med å finne fotfeste i det norske samfunnet

– Det er dei som er adopterte som treng hjelp, ikkje adopsjonsorganisasjonane, seier Botnmark.

I haust er ho ute med boka Adopsjonsoppgjøret – En adoptivmors fortelling. Botnmark og mannen blei foreldre til to barn frå Sør-Korea.

Tok formidlingsløyva, svarar på klager

Barne- og familieministeren meiner det er viktig å sikre drifta i organisasjonane som formidlar adopsjon:

«For å sikre ei minstedrift i organisasjonane i 2024 (...) er det i år tildelt 1,8 mill. kroner i ekstra driftsstøtte. Vidare er det i 2025 sett av 3 millionar kroner i ekstra driftsstøtte slik at dei også då kan oppretthalde ei minstedrift», melder BFD.

Til Vårt Land forklarar Kjersti Toppe:

– Organisasjonane står i ein vanskeleg økonomisk situasjon som følgje av at dei fleste formidlingsløyva er trekte, og klagehandsaminga av desse vedtaka er ikkje ferdig.

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) forteller Vårt Land om lanseringen av ny troslov. Tatt inne på Stortinget.

Etterlyser statleg reparasjons- og forsoningsprogram

Krisehjelpa provoserer Kristin Molvik Botnmark. Samfunnsdebattanten krev at regjeringa og Toppe heller må løyve pengar til eit hjelpeprogram for utanlandsadopterte:

– Me treng eit reparasjons- og forsoningsprogram. Mange adopterte treng tre tiltak, fortel Botnmark, og listar opp:

  • Lågterskel psykologhjelp.
  • Juridisk hjelp til å gjennomgå eigne adopsjonssaker.
  • Økonomisk støtte til repatriering; besøk til landet dei kom frå, for å finne foreldre/familie.

– I dag må adopterte anten ha ein sterk privatøkonomi eller få hjelp frå adoptivforeldre. Mange har ingen av delane.

Organisasjonane står i ein vanskeleg økonomisk situasjon som følgje av at dei fleste formidlingsløyva er trekte, og klagehandsaminga av desse vedtaka er ikkje ferdig

—  Kjersti Toppe (Sp), barne- og familieminister

Toppe kyter av etteradopsjonstiltak

Vårt Land har presentert Botnmarks reparasjons- og forsoningsprogram for barne- og familieministeren.

– Etteradopsjon er eit prioritert område for regjeringa, forklarar Toppe og understrekar at hjelpeapparatet må møte «dei særskilte utfordringane adopterte og familiane deira har».

Ho viser til at regjeringa fekk på plass etteradopsjonstiltak i 2023 og 2024. Dei er:

  • Kompetanseteneste for adopterte og familiane deira, individuell rettleiing om tenestetilbodet etter adopsjon. – Adopterte som er bekymra for at det har skjedd noko gale i saka deira, har òg høve til å sende inn ei bekymringsmelding til Bufdir, seier Toppe.
  • Bufetat tilbyr bistand til søk etter biologisk opphav: – Dette var noko dei adopterte tidlegare måtte gjere sjølve, eventuelt med bistand frå adopsjonsorganisasjonane. Bufetat kan òg kontakte opphavslandet på den adopterte sine vegner, og ein kan få dekt enkelte av kostnadane knytt til omsetjing av dokument og tolk i samband med dette, forklarar Toppe.
  • Samtalestøtte til alle adopterte over 16 år, inntil seks timar med erfarne terapeutar.

– Alle adopterte har i tillegg tilgang til det generelle tilbodet i helsevesenet, der mellom anna psykisk helsevern kan vere aktuelt, seier Toppe.

Kristin Molvik Botnmark. Adopsjonsoppgjøret - en adoptivmors fortelling.

Gjev ministeren tydelege svar

Kristin Molvik Botnmark seier seg slett ikkje nøgd med tiltaka Toppe tilbyr:

– Det manglar støtte ved kontakt med biologisk familie, ein prosess som kan vere både emosjonelt og økonomisk krevjande.

– Ventetida for adopterte som treng bistand i søkinga etter eige opphav er dessutan altfor lang fordi trykket frå adopterte aukar.

– Tilbodet om seks timar med samtale er utilstrekkeleg.

– Spesialkompetanse om adopsjon er fråværende i hjelpeapparatet.

Botnmark ber Sp-statsråden styrkje deira kompetanse, ikkje hjå adopsjonsorganisasjonane.

– Granskingar går føre seg i fleire land, og det som kjem fram er svært alvorleg og påverkar adopterte i Norge, eit akutt kriseteam med likepersonkompetanse må difor komme på plass no.

---

Adopsjon

  • Tre organisasjonar formidlar adopsjon frå utlandet til Norge, Adopsjonsforum, InorAdopt og Verdens Barn.
  • Etter oppdrag frå BFD har Bufdir gått gjennom alle formidlingsløyva til Norge, og trekt tilbake eller avslått løyva for alle samarbeidsland utanom Colombia.
  • BFD har fått klage på fleire av vedtaka.

---

Eit land har innført forbod, eit kjem etter

Nederland innførte i mai forbod mot utanlandsadopsjonar.

I Sverige er det blitt kjent at granskingsutvalet til regjeringa vil forby adopsjon.

I Danmark legg det siste adopsjonsbyrået ned og stengjer for godt i oktober.

Neste år kjem rapporten som avgjer framtida til adopsjon i Norge. Utvalet regjeringa sette ned i fjor granskar adopsjonssystemet.

Oppdrag: Har kontrollen med utanlandsadopsjonane vore god nok, og har det «vore ulovlege eller uetiske forhold i samband med utanlandsadopsjonar» til Norge?

I 2025-budsjettet skriv Toppes departement at dei bur seg på alvorlege funn:

«Det er komme fram opplysingar om alvorlege tilhøve i granskingar som andre land har gjort av adopsjonssystemet, og i einskilde utanlandsadopsjonar til Noreg.»

rapp

Toppe valde å ikkje følgje råd

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har ansvaret for adopsjonar til Norge. I januar gav Bufdir Toppe eit råd:

Innfør ein mellombels adopsjonsstopp medan utvalet granskar – ein delrapport skal komme ved årsskiftet og sluttrapporten i desember neste år.

Toppe valde å ikkje følgje stopprådet.

Kristin Molvik Botnmark meiner barne- og familieministeren burde gjort som andre land.

– Avslutte adopsjonane for godt.

Etteradopsjon er svært viktig for både dei adopterte og familiane deira, for det Bufdir og Bufetat tilbyr i dag er ikkje nok

—  Line Oseassen Onshus, dagleg leiar InorAdopt

Framtida har to alternativ

InorAdopt formidlar adopsjon frå fire land: Bulgaria, Ungarn, Taiwan og Tsjekkia. Men etter at Bufdir trekte inn løyva, får organisasjonen sluttføre adopsjonar frå Bulgaria.

Dagleg leiar Line Oseassen Onshus ventar spent på granskingsrapportane.

– Kva skjer om den politiske konklusjonen på granskinga, som blir sluttført neste år, blir eit forbod mot adopsjon?

– Då blir det styrt avvikling, om organisasjonane ikkje kan fylle nye roller.

– Kva kan det vere?

– Etteradopsjon er svært viktig for både dei adopterte og familiane deira, for det Bufdir og Bufetat tilbyr i dag er ikkje nok.

– Dersom avvikling blir konklusjonen, vil InorAdopt gje frå seg arkiv og kunnskap til Bufdir og Bufetat slik at dei kan følgje opp adopterte?

– Bufdir og andre relevante instansar, som Statsarkivet, vil måtte overta InorAdopts arkiv for framtida, samt vidare oppfølging av adopterte og forpliktingane til våre samarbeidsland. Korleis dette skal bli gjort må det bli ein dialog om, seier Onshus – og legg til:

– All kompetanse, kjennskap til og kunnskap om samarbeidsland innad i organisasjonen vil derimot forsvinne ved ei avvikling.