Siste dagars matlager

Nokon vil helst ha vellagra vin i kjellaren. Vidar Top har ris.

51-åringen dreg ein solid, grå plastdunk ut på betonggolvet.

– Eg var 12 år då eg og far min laga til denne.

Året 1984 fylte han og faren små bitar av tørris i eit titals dunkar. Tørris er utan lukt og smak og kan brukast til å kjøla ned mat. Så fylte dei opp med riskorn.

No står den vellagra risen her, i matbua til Vidar Top i Skien.

Familien er del av kyrkjesamfunnet Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage. Det betyr at dei er litt meir førebudd på krisetider enn dei fleste.

Skal kunne klara seg i opptil eit år

Det er ustabile tider. Krigar rasar i nærområda våre og Russland raslar med stadig skumlare atomtruslar.

I mai skjerpa norske styresmakter råda om beredskap. No er målet at flest mogleg skal kunne klara seg i ei veke i ein krisesituasjon. Det er meir enn dobbelt så lenge som tidlegare tilrådd.

Ei veke kan kanskje høyrest mykje ut. Men kyrkjesamfunnet Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage går litt lenger. Medlemmene av denne kyrkja får råd om å ha eit beredskapslager for tre månader, og helst opptil eit år.

– Prinsippet til kyrkja er at me skal vera sjølvhjelpne og ha overskot til å kunna hjelpa andre om det skjer ei krise, seier Vidar Top.

Vidar Top. Skien. Matlager. Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige.

Han anslår at familien har lager som varar i to månader.

– Berre basert på korn, så har me nok mat til seks månader.

Derfor står Vårt Land no i matboda hans. For mange kan kanskje synest det er litt forhasta å kjøpa inn to posar havregryn, om ein berre treng ein. Men med statens nye råd, er det kanskje på tide å førebu seg bitte litt?

Vil kverna sitt eige korn

– Då ein ven kom innom og såg matlageret mitt, lo han og sa «så desperat er eg ikkje».

Vidar Top smiler. Han er van med å få reaksjonar på matlageret sitt.

I kjellarboden står tørrvarer på rekke i hyllene, saman med pledd, stormkjøkken og store boksar med amerikanskimportert pulvermat som kan bli til fleire hundre måltid.

Vidar Top. Skien. Matlager. Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige.

Han dreg fram ei kornkvern som ein sveiver med handmakt.

– Me i kyrkja har planar om å arrangera ein tur til ei mølle, så alle kan læra korleis ein kan kverna korn sjølv. Korn som ikkje er kverna, heldt seg lenger, og er lurt å ha på lager.

Kyrkjesamfunn kjøper inn tørrmjølk

Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage i Noreg har ei eiga Facebook-gruppe som Vidar Top er med i. Der deler rundt 450 medlemmer tips om matlager og arrangerer store innkjøp i lag.

– I frysen har me 25 kilo vakuumpakka tørrmjølk. Kyrkja bestilte store kvanta frå Tine, som blei fordelt til interesserte medlemmer.

I frysen har me 25 kilo vakuumpakka tørrmjølk. Kyrkja bestilte store kvanta frå Tine, som blei fordelt til interesserte medlemmer

—  Vidar Top

Vidar Top er universitetslektor ved Universitetet i Sørøst-Norge og har gjeve ut bøker om leiing og styrearbeid.

Han fortel at eit lager kjem godt med når noko uføresett skjer.

– Det har vore periodar der eg har vore arbeidsledig, og då har me kunne tæra på matlageret.

Vidar Top. Skien. Matlager. Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige.

Tips frå ein preppe-proff

Medan Vidar Top sorterer nokre glas med taco-saus, kjem tipsa perlande på ei snor. Vårt Land noterer så blekket sprutar:

  • Kjøp inn litt ekstra av varer du bruker ofte. Når det er sal, er det lurt å kjøpa inn store kvanta.
  • Set inn nye varer bakarst i matlageret. Så hentar du ut dei eldste varene først.
  • Ha som vane å sjekke lageret i staden for å gå i butikken, om det er noko lite som manglar.
  • Ha ei liste over kva matvarer du hentar frå lageret, så du veit kva som treng å fyllast på.

Utanfor boden står tre pallar med fleire tusen liter vatn.

– Det er betre å ha for mykje vatn, enn for lite. Eit lager utan vatn er ikkje verdt noko som helst.

Vidar Top. Skien. Matlager. Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige.

Ei tom liste på veggen

Men familien er ikkje mønster-eksempel, bedyrar Vidar Top. Han peiker på ein tom plass på veggen.

– Her pleidde me ha liste over matvarer som me tek frå lageret. Så me kan vita kva varer me skal fylla på med. Men det har glidd litt ut, og me har gløymt å føra liste.

Utanfor huset står nokre kvastar som han sjølvironisk omtalar som «eit desperat forsøk på grønsakhage».

– Me er som folk flest. Nokon gonger flinke, andre gonger ikkje.

Seier matlager ikkje er knytt til dommedag

Oppe på terrassen blenkar ei varm haustsol. Frå ein hagestol fortel Vidar Top meir om kvifor akkurat han og familien er ekstra førebudde.

Heile livet har han vore del av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage. Medlemmane er også kjend som mormonarar, eit ord kyrkja ikkje bruker sjølv.

Ifølge Store Norske Leksikon vektlegg kyrkjesamfunnet fridommen til kvart individ, der kvar enkelt har ansvar for eige liv. Sentralt står sjølvrespekt og handlefridom. Dette blir kopla med råda om å kunna klara seg i ei krise.

Samstundes har kyrkja ei læra rundt apokalypsen, og medlemmene kallast på norsk «siste dagars heilage», som sender tankane i retning endetida. Vidar Top seier det likevel ikkje er sentralt for matlageret han har i kjellaren.

– Det at kyrkja legg vekt på beredskap, er ikkje spesielt knytt til endetid. Det kjem meir av ønsket om at me skal vera god samfunnsborgarar og unngå hamstring i krisetider.

Vidar Top. Skien. Matlager. Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige.

Han har tidlegare vore biskop, er no del av nasjonalt kommunikasjonsråd i kyrkja i Noreg.

Kyrkjesamfunnet vart oppretta i 1830 og har hovudsete i den amerikanske byen Salt Lake City. Det har fleire heilage tekstar i tillegg til Bibelen, mellom anna Mormons bok. I Noreg har kyrkja rundt 4.500 medlemmer, rundt 160 av dei held til i Skien.

Slapp hamstra dopapir under pandemien

Det slår i ytterdøra, og opp trappa kjem tre av dei fem borna i familien. Dei er ferdige med dagens arbeidsøkt.

Philip Top på 22 år er akkurat kommen tilbake etter to år som misjonær i England. Han fortel at beredskap er viktig for familien, og at under familiemøte kvar søndag kan matlageret nokre gonger vera eit tema.

Han jobbar på matbutikk, og minnest då pandemien trefte landet. Han hugsar folk som lasta handlevogner fulle med toalettpapir og restriksjonar på kor mange pakker gjær kvar kunde kunne kjøpa.

– Om folk hadde matlager, så ville dei ha sloppe å hamstra.

Søstera Ellinor smiler.

– Då korona kom, merka me kor godt det var å ha eit matlager.

Lagar havregraut med tørrmjølk

Familien går inn på kjøkkenet for ein litt oppstilt fotoseanse.

På kjøkkenbenken står ein grøn plastboks med tørrmjølk-pulver. Den fyller dei på frå frysen etter kvar som den tømmast.

Vidar Top. Skien. Matlager. Jesu Kristi Kirke av Siste Dagers Hellige.

– Eg synest det er fint å kunne bruka tørrmjølk når me er tom for vanleg mjølk. Det er deilig å sleppa å gå i butikken, seier Philip og måler opp havregryn og tørrmjølk, før han sper på med vatn.

Ellinor ser ned i gryta.

– Altså, det er kanskje ikkje så deilig å setta seg ned med eit glas utblanda tørrmjølk. Men det funkar bra til middag.

Vidar tek diskret fram ein kartong mjølk, som han heller i gryta.

– Det er best med litt fersk mjølk i grauten.

Det er heldigvis ikkje krise no.

f

---

Dette ber staten deg ha i heimen:

  • Reint drikkevatn lagra på kanner eller flasker, rundt 20 liter per person.
  • Nok mat for ei veke til alle i heimen. Ha ekstra matvarer med lang haldbarheit som kan lagrast i romtemperatur.
  • Døme på mat: Knekkebrød, havregryn, hermetiske linser og bønner, påleggshermetikk, energibarar, tørka frukt, sjokolade, honning, kjeks, nøtter, pasta, ris, posesuppe og frysetørka mat.
  • Grill, kokeapparat eller stormkjøkken. Du bør jamleg sjekka at utstyret verkar og er i god stand.
  • Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
  • Fyrstikker og stearinlys.
  • Ved om du har vedomn eller peis. Gass- eller parafinomn er eit alternativ til vedfyring.
  • Avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming.
  • Lommelykter eller hovudlykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
  • DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller.
  • Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
  • Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
  • Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
  • Batteri og lada batteribank.
  • Litt kontantar og fleire betalingskort.
  • Mat og vann til kjæledyr.
  • Liste på papir med viktige telefonnummer som for eksempel nødnummer, legevakt, veterinær, familie, venner og naboar.

Kjelde: Nettsida sikkerhverdag.no, som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) står bak

---