– Me trur ikkje at framtidas kvinner vil finna seg i å bli umyndiggjort og mistenkleggjort på denne måten.
Det sa Kaja Melsom, seniorrådgjevar i Human-Etisk Forbund under aborthøyringa på Stortinget tysdag føremiddag.
Regjeringa har foreslått ei ny abortlov, der grensa for sjølvbestemt abort blir heva frå veke 12 til veke 18. Det er ei historisk liberalisering, dagens abortgrense vart innført i 1979.
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) har sagt at målet er at den nye abortlova skal stå seg.
Det trur ikkje Kaja Melsom kjem til å skje.
– Me tviler på om dette lovforslaget vil kunne stå seg i lang tid framover, sa ho til Helse- og omsorgskomiteen, som heldt høyringa på Stortinget.
– Vitnar om ei manglande forståing
Kaja Melsom er kritisk til at nemndene skal bestemma frå veke 18 til veke 22, i det nye forslaget til abortlov. Ho omtalar ordninga som paternalistisk.
– Tanken om at fosteret i dette tidsrommet må forsvarast mot den gravide, vitnar om ei manglande forståing for den fortvila situasjonen som dei få som søker seinabort, står i.
Ho viser til at når kvinner ønsker seinabort, så gjeld det oftast om det er avdekka sjukdom hjå eit foster som er sterkt ønska.
– Å bruka ressursar frå eit allereie pressa helsevesen for å behandla nokre ytterst få søknader om seinabort, framstår mest som eit forsøk på å signalisera ovanfor liberaliseringsmotstandarar at ein tek dei etiske problemstillingane på alvor.
Biskop Midtømme la vekt på respekt for ufødd liv
Ei rekke organisasjonar møtte under Stortingets aborthøyring. Mellom dei var kvinneorganisasjonar, Sex og Samfunn og Menneskeverd.
Møre-biskop Ingeborg Midttømme la under høyringa vekt på at abort alltid er eit etisk dilemma. Biskopane har levert høyringsuttaling mot ei utviding av dagens abortgrense.
– Den kristne og humanistiske forståinga av menneskeverdet er ein grunnleggande og grunnlovsfesta verdi. Det er viktig at lova sikrar respekten for det ufødde liv, sa Midttømme.

Ho problematiserte korleis ny kunnskap om fosteret kan føra til at folk vel abort.
– Me ser at det år for år blir født stadig færre med Downs syndrom. Me ønsker eit samfunn som rommar mangfald og evner å ta i mot barna som blir bore fram.
Bispemøtet kom i 2019 med ei utsegn om abort, der dei skriv at:
Et samfunn med legal adgang til abort er et bedre samfunn enn et samfunn uten slik adgang.
– Det var nye toner frå Den norske kyrkje, og det var me glade for at utvalet hadde merka seg, sa Midttømme med referanse til regjeringas abortutval.
---
Regjeringens forslag til ny abortlov:
- Ny formålsparagraf – Helse- og omsorgsdepartementet foreslår at loven skal ha et todelt formål. Loven skal sikre ivaretakelsen av hensynet både til den gravides rettigheter og til samfunnets behov for å verne om det ufødte liv.
- Kvinners rett til selvbestemt abort utvides fra uke 12 til uke 18.
- Fosterantallsreduksjon defineres som abort, og den gravide skal ha rett til selv å avgjøre om antallet fostre skal reduseres fram til uke 18, innenfor grensen av det som er medisinsk forsvarlig.
- Kvinner får lovfestet rett til veiledning og informasjon, enten de velger å avslutte eller fullføre svangerskapet. Kvinner som velger abort, får lovfestet rett til oppfølgingssamtaler i etterkant.
- Dagens ordning med abortnemnder reformeres. Dagens nemnder legges ned, og det opprettes nye for å vurdere søknader etter 18. svangerskapsuke.
- De nye nemndene skal ledes av en lege, ha ytterligere ett medlem med helse- eller sosialfaglig kompetanse og ett medlem med juridisk kompetanse. Flertallet i nemndene skal være kvinner.
- Av hensyn til forbudet mot diskriminering av personer med nedsatt funksjonsevne, skal medisinske tilstander hos fosteret ikke gi en direkte adgang til å innvilge abort. Det skal ikke være tilstanden i seg selv, men den betydning fosterets tilstand får for svangerskapet, fødselen, barnets oppvekst og omsorg for barnet som kan gi grunnlag for abort etter 18. svangerskapsuke.
- Retten helsepersonell har til å reservere seg mot abort av samvittighetsgrunner videreføres og lovfestes.
Kilde: Helse- og omsorgsdepartementet
---