Analysen kjem frå Alexander Stubb, Finlands ferske president, som også har vore statsminister og utanriksminister i Norges naboland.
Om vel to veker landar Stubb i Oslo. Under statsbesøket skal han møte kong Harald, stortingspresident Masud Gharahkhani – og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
Norge anerkjende Palestina i vår, noko som har resultert i store utfordringar fordi landet no manglar drøftingskanalar med Israel
— Alexander Stubb, president i Finland
Med seg til Norge og Støre har Stubb harde meldingar:
– Norge anerkjende Palestina i vår, noko som har resultert i store utfordringar fordi landet no manglar drøftingskanalar med Israel.
Finlands statssjef framførte bodskapen i eit intervju med YLE, finske NRK. Som president har han ansvaret for landets utanrikspolitikk.
Feil å påskjønne Hamas
I intervjuet er han tydeleg på kvifor Finland ikkje har gjort som Norge:
– Finland bør ikkje anerkjenne Palestina no då det kan bli oppfatta som å påskjønne Hamas` terroraktivitetar, seier Alexander Stubb i intervjuet med YLEs Radio Suomi.
Presidenten meiner det vil vere feil å anerkjenne Palestina no, for eit slikt vedtak vil ikkje fremme fred i Midtausten, meiner Stubb.
Ein statsminister er mot, ein er for
Statsminister Petteri Orpo, Finlands regjeringssjef, stiller seg heilt og fullt bak Alexander Stubb. Akkurat som presidenten meiner statsministeren at anerkjenning av Palestina no vil vere det same som å påskjønne terroren Hamas er ansvarleg for.
Det seier han til YLE. Dermed talar også han Norge og statsminister Støre midt i mot
Etter lange drøftingar i regjeringa, kalla statsminister Jonas Gahr Støre inn til pressekonferanse 22. mai.
Han og utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) hadde noko dei ville fortelje:
– Norge vil anerkjenne Palestina som ein uavhengig, sjølvstendig stat med alle rettar og plikter det medfører, sa Støre.
Israel svarte med å leggje Norge i fryseboksen. Landets ambassadør i Norge blei hent heim, og Israels utanriksminister nekta å ta i mot Norges, Espen Barth Eide.
Norge vil anerkjenne Palestina som ein uavhengig, sjølvstendig stat med alle rettar og plikter det medfører
— Jonas Gahr Støre (Ap), statsminister
Blågul refs av regjeringa
Både Høgre, Frp og KrF sa seg i mai usamde med Støre – og er dermed samde med Finlands president og statsminister.
Alle tre vil anerkjenne Palestina, men ikkje no.
Frp-leiar Sylvi Listhaug sa at anerkjenning var ei indirekte påskjønning til Hamas’ terrorhandlingar mot Israel.
– Ei anerkjenning no er i røynda ei styrking av krefter som ikkje ønskjer forhandlingar og kompromiss, sa ho til NTB.
Vil ikkje bli hindra i å få snakke med alle
I YLE-intervjuet understrekar Alexander Stubb at Finland korkje er på Israels eller Palestinas side i Gaza-krigen som snart har rast i eit år.
Han seier det er viktig å ha opne kanalar til begge partar for å kunne påverke situasjonen på bakken.
Men statssjefen i Finland seier at landet vil anerkjenne Palestina – når tida er inne.
– Det er også viktig at vedtaket blir tima slik at me skaper press for ei tostatsløsning.
På vegen dit har Stubb ei liste som må bli innfridd:
Partane må først bli samde om våpenkvile, så setje fri gislane, så få inn ein internasjonal, fredsbevarande operasjon, utført av dei arabiske landa.
Først då kan forhandlingar om ein tostatsløysing starte.
Kjem med kona
Finlands president Alexander Stubb og kona Suzanne Innes-Stubb kjem til Norge på statsbesøk 15.-17- oktober.
Etter offisielle besøk på Slottet og Stortinget blir det møte med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og regjeringa.
---
Palestina
- Norge anerkjende Palestina som sjølvstendig stat 28. mai i år.
- I staten Norge anerkjenner inngår Vestbreidda, Gaza og har Aust-Jerusalem som hovudstad.
- Israel henta ambassadøren i Oslo heim i protest mot anerkjenninga.
- Israel har også strippa åtte norske diplomatar på Norges representasjonskontor på Vestbreidda for den diplomatiske statusen.
- I Norden har også Sverige anerkjent Palestina.
---