Nyheter

– I kyrkja skal døra vere høg og porten vid

HØGRE OG KYRKJE: – Han er respektlaus, han er historielaus. Han tek feil i alt han foreslår.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum snakkar om Nikolai Astrup frå Høgre.

Difor er Vedum oppgitt. Difor er han også opprørt.

For Astrups evangelium om tru, kyrkjebygg, kyrkjeskatt og Den norske kyrkja er slett ikkje god latin i folkekyrkjepartiet Vedum leiar.

Sist måndag la programkomiteen i Høgre fram første utkast til nytt partiprogram. På livssynsfeltet er det synleg konfrontasjon i komiteen, fortalde Vårt Land.

Det er mogleg å tru utan statsstøtte

—  Nikolai Astrup, medlem i Høgres programkomité

Har tru på kyrkjeskatt

Fleirtalet ønskjer å «endre finansieringsordninga for tros- og livssynssamfunnene for å redusere de totale kostnadene på statsbudsjettet».

Fire komitémedlemmer går monaleg lenger. Dei vil «fjerne trosstøtten og erstatte den med en frivillig kirkeskatt, men sørge for finansiering av Den norske kirke og dens kirkebygg over statsbudsjettet».

Ein av dei fire er stortingsrepresentant Nikolai Astrup.

Energi- og miljøpolitisk talsperson Nikolai Astrup (H).
Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Selje lite brukte kyrkjer som ikkje er meisterverk

Han blei invitert til Jakob kyrkje i Oslo av VG, etter omtalen i Vårt Land, for å utdjupe truspolitikken han forfektar.

Frå talarstolen i kulturkyrkja, som framleis er eit vigsla gudshus, forkynner Astrup eit evangelium som provoserer Sp-leiar Vedum.

Astrup vil kutte inntektene til Den norske kyrkja og andre trussamfunn, og innføre ein frivillig kyrkjeskatt:

– Det er mogleg å tru utan statsstøtte, seier han til VG.

Astrup vil selje kyrkjer som er lite brukte, eller som ikkje representerer norsk kulturarv, eller er arkitektoniske meisterverk, for å skaffe Den norske kyrkja inntekter.

Kvifor ikkje julebord i kyrkja, seier Høgre-ateist

– Treng me alle kyrkjebygga? Kanskje nokre av dei kan brukast til andre ting, meiner han – og konkretiserer: Julebord, opplevingar og verkstad.

Høgre-representanten, som opplyser at han er og blir ateist, oppsummerer slik i VG:

Dersom du betalar for å gå på treningssenter, kan du betale for å gå i kyrkja.

– Eg forstår at åndslivet står litt over idrett og den type ting. Men folk må sjølve ta ansvar for det dei vil drive med.

Finansminister Trygve Slagsvoll Vedum i Mariakirken på Granavollen.

Det offentlege skal betale. Punktum

På veg til søsterkyrkjene på Hadeland, for å presentere satsinga på kyrkjejubileet i 2030, saman med livssynsminister Kjersti Toppe (Sp), har Vårt Land telefonisk kontakt med finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

– Kva tenkjer du om livssynspolitikken Nikolai Astrup utdjupar i VG?

– Han er respektlaus, han er historielaus, hamrar Vedum inn, og oppsummerer:

– Han tek feil i alt han foreslår.

Vedum minner om at han leiar eit parti som vil styrkje og halde oppe folkekyrkja.

– Kyrkjene er viktige møteplassar for folk som trur, difor skal me ha opne kyrkjer over heile landet.

– Som det offentlege, stat og kommune, skal finansiere?

– Ja.

Får me kyrkjeskatt vil mange melde seg ut av Den norske kyrkja av økonomiske omsyn, dei vil oppleve at dei ikkje har råd til å vere medlem

—  Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet og finansminister

Likte ikkje å bli bydd øl i ei kyrkje

– Men fleire kyrkjer står tomme eller er lite brukte, vil det ikkje vere betre å selje dei til anna bruk?

– Nei. Eg har sjølv vitja ein pub i York i Storbritannia som hadde vore kyrkje. Eg syntest ikkje noko om den endringa. Her hadde folk i generasjonar komme saman, i sorg og glede, og så hadde nokon gjort kyrkja om til ein pub.

Vedum meiner at det ikkje hjelper å avvigsle kyrkjer for å bruke dei til andre formål.

– Men kva med å opne kyrkjer for andre arrangement enn dei vanlege, som til dømes julebord, slik Astrup nemner?

– Forslaget er respektlaust, dette seier han berre for å provosere.

Vedum held fram at kyrkjene står i ein særs viktig religiøs og kulturell kontekst, og at linene går heilt tilbake til jubileet nasjonen Norge skal feire om mindre enn seks år, tusenårsjubileet for 1030.

Finansminister Trygve Slagsvoll Vedum i Mariakirken på Granavollen.

Fryktar dyr rekning for gravlegging av ikkje-medlemmer

Sp-leiaren blir særleg engasjert når det kjem til Astrups forslag om å la kyrkjegjengarar sjølve betale for kyrkjegangen.

– Får me kyrkjeskatt vil mange melde seg ut av Den norske kyrkja av økonomiske omsyn, dei vil oppleve at dei ikkje har råd til å vere medlem. Kva skjer så når nokon døyr og ikkje er medlem? Skal kyrkja ha eit taksameter som går for ulike kyrkjelege tenester? Kva vil det så koste å bli gravlagt?

Vedums eige svar er at «Norge lir ikkje av pengenaud», difor skal ingen måtte betale for å gå i kyrkja, eller for å få ulike kyrkjelege tenester.

– I Den norske kyrkja skal døra vere høg og porten vid.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter