På Salt-konferansen i år er det duka for feiring av 20-årsjubileumet til Salt.
Laurdag føremiddag delte Øystein nyheiten om at dei skal plante Salt-kyrkjer i Oslo, i Sogndal, på Stord og ein til i Trøndelag.
– Dei stadene der det er ønska å starte kyrkje og der vi opplever at vi har folk som vil, dei tankane forfølgjer vi, seier Øystein Gjerme, hovudpastor i Salt.
I 2004 forlot Øystein og Gina Gjerme Pinsekirken Tabernakelet, som var i vekst, fordi dei ville plante ei kyrkje for å nå nye. Saman med ein gjeng starta dei ei ny kyrkje og hadde gudstenester på Rå skule i Bergen.
I starten var det lite vekst, men etterkvart fann dei ut fleire ting som fungerte.
– Vi har etablert ein måte å gjere kyrkjeplanting på som er mykje meir overkommeleg enn det var for nokre år sidan når ein måtte gjere det heilt sjølv, seier Gjerme.
Han fortel at dei har mange planar for fleire kyrkjer i framtida.
– Vi har eit system og ein oppfølgingsplan rundt det, og det er grunnen til at vi er ganske frimodig på dette.
---
Salt Bergen
- Salt Bergen er ei pinsekyrkje som held til på Forum Scene i Bergen, her har dei vore sidan 2019.
- Vart grunnlagt i 2004 av hovudpastor Øystein Gjerme og kona Gina Gjerne.
- I dag har dei kyrkjer i Bergen, Nordhordaland, Os, Voss, Skien, Levanger og Trondheim.
- Ei kontemporær kyrkje, som vil seie at dei tilpassar seg samtidas uttrykksformer.
- Fokuserer på å nå nye menneske.
- Øystein Gjerme er hovudpastor og leiar for Pinsebevegelsen Norge.
---
– Ikkje viktig å fylle Forum
I 2019 flytta Salt Bergen inn i Forum etter å ha leigd fleire forskjellige bygg rundt i byen. På konferansen har det gått igjen at det ikkje har vore bygget som har vore det viktigaste, men folka.
Øystein fortel at han meiner Forum har fått litt for mykje fokus.
– Eg har vore redd for at å fylle Forum skal verte det viktigaste. Det er ikkje viktig for meg å fylle bygget, men å hjelpe til andre stader også.
I dag har Salt kyrkjer i Bergen, Nordhordaland, Os, Voss, Trondheim, Levanger og Skien.
Gjerme fortel at dei har hovudbase på Vestlandet, men ser no at det er viktig at dei også er til stades i Oslo.
– Mange har blitt kristen i Salt i Bergen eller i Trondheim og så flyttar dei til Oslo. Å vere i Oslo vil då vere klokt.
No går dei nye stader og folk i møte.
– Eg kjenner at dette krev mykje av oss, men det forløyser også mykje energi i kyrkja og mykje tru og vilje hos folk.