23 små kister.
23 boksar forma av never.
23 hovudskallar.
23 namnlause individ.
Ei etter ei blei kistene lagt på langbord dekka med reinskinn. I 146 år hadde leivningane til dei 23 vore på reise. No kom dei tilbake til vigsla jord.
Ei etter ei blei dei lagt ned i nyspadd grav på Akamella audekyrkjegard, heilt nord i Sverige, inntil grensa mot Finland.
Tre biskopar i den Svenska kyrkan følgde tilbakeføringa. På vegner av den gamle statskyrkja kjende dei på eit stort ansvar.
Statskyrkja protesterte ikkje
Leivningane, i hovudsak hovudskallar, blei henta frå Akamella, av forskarar, av staten, som Svenska kyrkan var ein del av. På grunnlag av rasebiologi.
Svenska kyrkan hadde ei rolle. Statskyrkja let gravplyndringa finne stad.
Difor kom tre biskopar til Akamella audekyrkjegard den 18. august. For å gjere bot. Å leggje restane av dei 23 i vigsla jord er ein del av ein lækjedomsprosess, mellom svenske styresmakter og nasjonale minoritetar i grenselandet i nord.
– Me ønskjer dykk fred, trass det som skjedde. Me ønskjer dykk velkomne tilbake. Me ønskjer at de tilgjev oss levande vår aktløyse, vår uforstand og vår gløymsel, sa biskop Åsa Nyström under ein av dei første gjengravleggingane i Lulelå bispedømme, i 2019.
– Dette er ein viktig dag for mange. At han blei utført av så mange gode samanvevde krefter gjev von om lækjedom der sår har eksistert, sa biskopen i Akamella.
Ville dokumentere lågareståande rasar
Raseforskarar i Norden hadde lenge fritt leide til kyrkjegardar og gravplassar. Der spadde dei opp menn og kvinner som tilhøyrde ein minoritet.
Hovudskallane var særleg ettertrakta. Dei blei spreidde til museum og universitet, til forsking på rase. I Oslo, Stockholm og Helsinki blei det bygd opp store anatomiske samlingar.
Gravplyndrarane hadde eit siktemål: Bevise at nokre folkegrupper, som budde i landet, var underlegne majoritetsbefolkninga, den kvite, ariske rasen.
I Norge, Sverige og Finland handla det om kortskallar versus langskallar, og lågareståande versus høgareståande. Med skalleindeksar skulle rasebiologien skilje ulike folkegrupper frå kvarandre.
I Norge blei vel 1.000 graver i Finnmark, Troms og Nordland tømt for samiske leivningar i perioden 1820–1958.
Samar blei vurderte til å vere ei gruppe som ikkje kunne bli plasserte på same utviklingssteg som nordmenn elles.
Låg lenge på lager hjå finsk museum
Gravplyndrarane kom til Akamella sommaren 1878. Ein finsk lege fekk med seg kranier til dei anatomiske samlingane på universitetet i Helsinki.
I 2001 blei 23 hovudskallar overlevert til Siida, det samiske muset i Enare, i Finland.
18. august kom dei heilt heim, til grava i skogen, til landskapet Tornedalen, i Sverige.
Dei 23 tilhøyrde minoritetane tornedalingar, samar, kvenar og lantalaiset, folkegrupper som bur i grenselandet mellom Finland og Sverige.
Gravferda var den første gjengravlegginga i Tornedalen – og det sjette i Lulelå stift, det største og nordlegaste bispedømmet i Svenska kyrkan.
Oppgjer med gamle overgrep
Til Akamella kom tre biskopar, fremst gjekk erkebiskopen. Ved grava vende han seg til Gud:
– No takkar me deg for desse menneska, me har henta deira leivningar tilbake. La din fred råde over denne staden, sa erkebiskop Martin Modéus til dei vel 250 frammøtte, mellom dei mange etterkomarar av dei 23.
Gjengravlegginga nord i Sverige er eit resultat av to ting:
Den Svenska kyrkans vedtak om å be det samiske folket om orsak for overgrepa kyrkja utsette urfolket for.
Den offentlege Sannings- och försoningskommissionen för tornedalningar, kväner och lantalaiset som kravde oppgjer med gammal urett, utført av storsamfunnet, med styresmaktene i brodden.
Erkebiskop: Handla om å skilje og separere
Svenska kyrkan kjenner på eit stort ansvar. For når graver blei plyndra av statsløna forskarar, protesterte ikkje den svenske statskyrkja. Ho aksepterte at så skjedde.
Difor møter biskopar opp. Som i Akamella. Der sa erkebiskopen at fleire treng å komme heim. Det er fleire leivningar att i anatomiske samlingar.
– Rasebiologiens brutale framferd handla om å skilje og separere, sa Martin Modéus.
I skogen i Tornedalen handla det om å samle og reparere.
I skogen nær grenseelva Muonio lydde salmesongen då 23 neverboksar blei lagt ned i grava: Bred dina vida vingar.
Spadde opp 94 skoltesamar i Finnmark
I Norge er samiske leivningar ført tilbake i to rundar.
Opprørsleiarane Mons Sombys og Aslak Hætta, begge samar, blei halshogde i 1854 etter Kautokeino-opprøret i 1852. Skallane deira blei så sendt til dei anatomiske samlingane på Universitetet i Oslo, til bruk i raseforsking.
I 1915 blei 94 skoltesamiske skjelett grave opp i Neiden i Finnmark, og sendt til Universitetet i Oslo, som forskingsobjekt.
I 1997 blei Sombys og Hættas kranier ført tilbake til Finnmark og gravlagt på kyrkjegarden i Kåfjord. Universitetet valde å etterkomme krav frå slektningane om utlevering.
I 2011 blei leivningane til dei 94 skoltesamane lagt ned i vigsla jord i Neiden.
«Har voldt vårt folk stor smerte»
I dag ligg det hovudskallar og skjelett frå 1.062 samiske personar i Dei Schreinerske samlingar på Universitetet i Oslo (UiO).
Universitetet forvaltar den samiske delen på vegner av Sametinget, som kan gje løyve til ny gravlegging.
«Raseforskningen og innsamlingen av samiske skjeletter fra kristne kirkegårder har voldt vårt folk stor smerte. Ønsket og behovet for gjenbegraving er derfor svært forståelig, og det har også blitt utført i nærmere 100 tilfeller. Det synes riktig å skulle føre tilbake noe som er blitt fratatt oss», skriv Aili Keskitalo, tidlegare sametingspresident, på sametinget.no
Kyrkjeleiar vil reise saka i kyrkjeråd
I Samisk kyrkjeråd er leiar May Bente Jønsson klar til å setje gjengravlegging på dagsorden.
– Når me ser kva som skjer i Sverige, ser me at det har stoppa opp i Norge, seier ho til Vårt Land, og viser til gravleggingane i 1997 og 2011.
Jønsson tykkjer det er flott at kyrkja i Sverige er med på gjengravleggingar av leivningar, og med det gjer opp for uretten som fann stad under gravplyndringane – og for raseforskinga.
– Å få gje dei som blei tatt vekk ein verdig kvilestad, er noko veldig flott. Så dette vil eg ta opp i Samisk kyrkjeråd i haust.
Kan få skjelett levert ut frå universitet
Kyrkjeleiar Jønsson ventar også på at Stortinget skal behandle rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen, som blei lagt fram i fjor.
Medan kommisjonen, som blei sett ned av Stortinget, arbeidde, peika Sametinget «tre grenseoverskridende forhold» som kommisjonen burde vere merksame på: Gjengravlegging var mellom dei tre.
I rapporten er kommisjonen varsam med konkrete tiltak, og nøyer seg med nemne at «imidlertid er spørsmålet om gjenbegravelse, og med dette spørsmålet om gravsted, fortsatt aktuelt» – og opplyser at dersom samisk skjelettmateriale, som er blitt grave opp og nytta til forskning, «kan identifiseres til en navngitt person, kan avdødes etterkommere i rett linje kreve skjelettmaterialet utlevert fra Universitetet i Oslo for gravlegging».
45 skallar gjengravlagt i tre korskister
Sundag tok Finland eit stort steg i oppgjeret med raseforskinga. 45 hovudskallar som blei spadde opp frå kyrkjegarden ved ruinkyrkja i Pälkäneen i 1873, vende tilbake.
Bygda Pälkäneen, ligg vel 14 mil nord for Helsinki, fekk i 1873 besøk av svenske Gustaf Retzius som jakta skallar som kunne prove teorien om at den finske «rasen» var lågareståande og ein del av den «gule rasen», medan svenskane var kvite ariar.
Etter seks år med forhandlingar mellom Sverige og Finland kom 45 individ tilbake til Pälkäneen på sundag. Dei hadde lege lagra i Stockholm.
Skallane blei lagt ned i tre korsforma kister, og senka ned i ei massegrav. Gjengravlegginga blei leia av biskop Matti Repo i Tampere bispedømme, i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Finland.
– Me veit ikkje kven desse mennene og kvinnene eller desse jentene og gutane var, som fekk gravene sine opna i vitskapens namn og der hovudskallane blei ført vekk, sa biskopen, og heldt fram:
– No har dei vendt tilbake til kvilestaden i landet dei blei tatt frå.