I skuggen av den dramatiske avgangen til partileiar Olaug Bollestad, blir det no klart at KrF fekk eit underskot på vel 1,8 millionar kroner i 2023. Det viser årsrekneskapen for fjoråret.
Underskotet er det fjerde på rad. KrF må heilt tilbake til 2019 for å finne eit år utan raude tal:
- 2023: – 1.850.721
- 2022: – 1.403.663
- 2021: – 3.712.484
- 2020: – 495.163
- 2019: 1.524.401
Tærer på eigenkapitalen
Generalsekretær Ingunn E. Ulfsten i KrF fortel at partiet må satse for å oppnå eitt tydeleg definert mål: Få ei oppslutning på over fire prosent ved neste val.
«KrF arbeider for å komme over sperregrensen i 2025, og har satt inn tiltak tidlig for å oppnå dette. Disse tiltakene handlar blant annet om oppbemanning og økt reisevirksomhet i hele partiorganisasjonen. For å finansiere satsningen, bruker vi blant annet av egenkapitalen», skriv Ulfsten i ein epost til Vårt Land.
Ho seier det er snakk om «langsiktig jobbing» som er «en investering for framtiden».
Stor uro
Partiet blei skipa 4. september 1933, og rundar med det 91 år i dag.
Stoda i partiet er prega av alt anna enn fest.
- Olaug Bollestad trekte seg som leiar i august: – Det er godt for meg å kunne seie at dette er eit eige val, det er ikkje noko eg er blitt beden om, sa ho.
- Tre tilsette i KrF har levert eit varsel på Olaug Bollestad.
- Bollestad meiner nestleiarane Ida Lindtveit Røse og Dag Inge Ulstein samt generalsekretær Ingunn Ulfsten la eit løp for å få ho til å trekkje seg.
- Har ein mellombels leiar, Dag Inge Ulstein.
- Mistar medlemmer som følgje av Bollestad-bråket, ifølgje Stavanger Aftenblad.
- Ligg under sperregrensa på dei siste målingane.
Har millionar å tære
Årsrekneskapen for 2023 får godkjentstempel av revisor, for partiet har pengar i reserve som dekkjer underskotet på vel 1,8 millionar.
Nesten 720.000 kroner av underskotet blir dekt med trekk frå grunnkapitalen, og vel 1,3 millionar kroner blir dekt inn trekk frå «formålskapital med selvpålagte restriksjoner».
KrF hadde nesten 25 millionar kroner å tære på ved årsskiftet.
Til samanlikning hadde dei nesten 42 millionar ved utgangen av 2019.
«Vi har en solid egenkapital – og med situasjonen vi nå er i ville det være uklokt ikke å satse fram mot valget i 2025», skriv Ulsten og understrekar at KrF har «god økonomistyring og har nettopp vedtatt nye økonomirutiner for hele organisasjonen».
Fekk meir i offentleg tilskot, gjekk i minus
Fordi KrF gjorde eit dårleg val i 2021, kom under sperregrensa, blei partiet straffa økonomisk. Det offentlege tilskotet gjekk ned frå 16,2 millionar i 2021 til 14,1 millionar i 2022.
Ordninga med statstilskot er heimla i partilova. Stemmer og mandat oppnådd ved sist stortingsval avgjer storleiken på tilskotet til eit parti. Tilskotet er delt i grunnstøtte og partistøtte.
Men fordi satsane blei justert opp markant i fjor, fekk KrF totalt 19,7 millionar i offentlege tilskot.
Likevel blei det eit underskot.
Rekneskapen viser mellom anna at KrF brukte 7,8 millionar kroner meir på posten «aktiviteter som oppfyller formålet» i fjor enn i 2022.
---
KrF
- Kristeleg Folkeparti blei skipa 4. september 1933 som eit lokalt parti for Hordaland, det var særleg misnøye med venstre i mange kristelege krinsar.
- Ved valet i 1933 kom partiskipar Nils Lavik på Stortinget.
- Har hatt to statsministrar, Lars Korvald og Kjell Magne Bondevik.
- Ved valet i 2021 fall partiet under sperregrensa, har i dag tre representantar på Stortinget.
- Dag Inge Ulstein er fungerande leiar.
---