Nyheter

Muslimsk forskar: Tenk saktare og djupare, Raja

BETRE INTEGRERING: Venstres Abid Raja vil betre integreringa av innvandrarar i Norge. Han ber fleire muslimar om å finne seg ein kristen ektefelle. – Tenk djupare, Raja, helsar forskar.

Stortingsrepresentanten frå Akershus er ute med ny bok. Her vier han integrering av innvandrarar brei merksemd.

Onsdag fremma han eit særskilt integreringstiltak, i NRKs Politisk kvarter:

– Blandingsekteskap på tvers av dei etniske og religiøse skiljelinene vil få ned fordommane og skape eit godt integrert samfunn, sa Abid Raja i eit ordskifte med Frp-leiar Sylvi Listhaug, og utdjupa:

– Om etniske minoritetar, muslimar, blir saman med etniske nordmenn, kristne, så vil det vere ein fordel for integreringa.

Raja peika på at mange innvandrarar i dag hentar ektefelle frå opphavslandet til familien, noko som hemmar integreringa.

Tenk saktare og djupare, Raja.

—  Amina Selimovic, universitetslektor i interreligiøse studier
Hikmah-huset

Avviser Rajas ekteskapsløysing

– Tenk saktare og djupare, Raja.

Oppmodinga kjem frå Amina Selimovic, universitetslektor i interreligiøse studium og stipendiat i islamske studium ved Det teologiske fakultet på Universitet i Oslo.

Ho forskar særleg på islam og muslimske praksisar i samtiden, samt muslimsk-kristen interaksjon i Norge og på Balkan.

– Forslaget hans, at fleire muslimar bør gifte seg med kristne, er rart, seier Selimovic til Vårt Land.

– Det er rart fordi han vil bruke kjærleik og ekteskap som integreringsverktøy. Problema ligg ikkje der, ei heller løysinga, seier ho og legg til:

– Kven kristne skal muslimar gifte seg med, konservative eller liberale? Dette er ei rask og populistisk løysing, meiner Selimovic.

Ho er også styreleiar i den muslimske organisasjonen Hikmah-huset, som driv kunnskapsspreiing om islam og likestilling i islam.

Om etniske minoritetar, muslimar, blir saman med etniske nordmenn, kristne, så vil det vere ein fordel for integreringa

—  Abid Raja, stortingsrepresentant og nestleiar i Venstre

Minoritetsunge har aldri vitja ein norsk heim

Venstre-politikaren som sjølv er barn av innvandrarar er svært uroleg for integreringsproblema mellom muslimar i Norge.

Etter besøk på vidaregåande skular med høg minoritetsbakgrunn, særleg i Oslo, fortel nestleiaren i Venstre at mange unge aldri har vore i ein norsk heim, og at dei manglar personar som kan utfordre dei konservative haldningane tenåringane veks opp med.

Raja har som folkevalt vore oppteken av religionens plass i samfunnet. I 2014 var han med å skipe Det internasjonale nettverket av folkevalde for tros- og livssynsfridom (IPPFORB).

Norges største moské, Central Jamaat Ahle-Sunnat, på Grønland i Oslo.

Nesten 170.000 frå muslimske land

Innvandrarbefolkninga i Norge talde 931.081 personar ved årsskiftet, opplyser Statistisk sentralbyrå. Talet famnar alle verdsdelar.

221.459 er norskfødde med innvandrarforeldre.

I SSBs gruppe «Innvandrere og norskfødde med innvandrarforeldre», er det fem store landgrupper som har opphav i muslimske land:

  • Syria: 46.000 personar.
  • Somalia: 44.000
  • Pakistan: 42.000
  • Irak: 36.000
  • Afghanistan: 26.000

Kartla fire landbakgrunnar

SSBs siste kartlegging av partnarval mellom innvandrarar fortel at barn av innvandrarar vel ofte partnar med innvandrarbakgrunn.

Undersøkinga blei publisert i 2018, og er tufta på rapporten Levekår blant norskfødde med innvandrarforeldre i Norge. Her blei to grupper intervjua:

  • Norskfødde i alderen 16 til 39 år med foreldre frå Pakistan, Vietnam, Tyrkia og Sri Lanka. Halvparten av desse var under 22 år.
  • Innvandrarar frå dei same landa, i alderen 16 til 74 år. Over halvparten av var over 40 år.

Vel partnarar med lik landbakgrunn

I undersøkinga blei både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre som hadde ein partnar spurt om innvandrarbakgrunnen til partnaren.

Mellom de som hadde ektefelle, trulova, sambuar eller kjæraste, hadde 75 prosent ein partnar som sjølv hadde innvandrarbakgrunn, anten innvandrar eller norskfødd med innvandrarforeldre.

Men undersøking avdekte også at det er skilnader ut frå landbakgrunn:

Det er vanlegare å ha ein partnar med innvandrarbakgrunn mellom norskfødde med foreldre frå Tyrkia og Pakistan – to store muslimske land – enn mellom dei som har foreldre frå Sri Lanka og Vietnam.

Koranen

Same tru viktigast for pakistanarar

Dei som blei intervjua blei også spurt om kva som påverkar ekteskapet, kva skaper lukke?

Felles tru, svarar mange, særleg frå to muslimske land.

Å tru på det same er viktigast mellom dei med familiebakgrunn frå Pakistan – 83 prosent av innvandrarane og 77 prosent av dei norskfødde med foreldre frå Pakistan meiner dette er viktig for eit lukkeleg ekteskap.

Også dei intervjua frå Tyrkia held særleg fram felles religion.

Dei norskfødde med bakgrunn frå Vietnam og Sri Lanka har svakare tilknyting til trua dei blei oppdregne i.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter