Klimaendringane gjorde sørlege strok av Storbritannia til prislønte vinmarker.
No skaper mildare og varmare årstider grobotn for vindruedyrking også her i landet. Norge har fått nesten 60 vingardar.
– Difor må politikarane som snakkar varmt om å satse på distrikta, skape nye næringar og få unge til å vilja overta gardsbruk, komme oss i møte. Me må få lov til å selje vinen me produserer frå eigne utsal, seier Arild Hebnes til Vårt Land.
Vinbonden frå bygda Hebnes i Ryfylke helsar særleg til Senterparti-leiar og finansminister Trygve Slagsvold Vedum.
I Hurdalsplattforma, den politiske vegvisaren til Støre-regjeringa, fekk Sp tydeleg gjennomslag. Regjeringa lovar nemleg at ho skal «tilrettelegge for gårdssalg av lokalprodusert alkoholholdig drikke».
Slakta grisane, planta vinstokkar
Hebnes vingard blei ein røyndom for fire år sidan etter at Tobekk og Hebnes la om gardsdrifta.
– Me produserte gris, men såg ikkje ei framtid i dette. Neste generasjon ville heller ikkje overta garden. No vil dotter vår gjerne drive vingarden vidare, så tidene er endra, fortel Arild Hebnes.
No får han og dei andre vinbøndene i Norge draghjelp frå Framstegspartiet. Stortingets helsekomité skal i haust behandle eit representantforslag frå Sylvi Listhaug og Frp:
Regjeringa må leggje fram forslag for Stortinget med lovendringar om gardssal av alkoholhaldig drikke etter svensk modell.
Tysdag blei det kjent at Arbeiderpartiet, i forslaget til nytt partiprogram, går inn for at norske vinprodusentar skal få lov til å selje vin frå eigne utsal:
«Vi vil åpne for salg av lokalprodusert øl, vin og brennevin fra produksjonslokalene til småprodusenter, uten at det i volum skal utfordre Vinmonopolets stilling og funksjon», lyder det frå Aps programkomité, melder NTB.
---
Strenge reglar for eigne utsal
- Alkoholsal utanfor det statlege Vinmonopolet er strengt regulert:
- Forbode å selje øl og vin med alkoholinnhald over 4,7 prosent frå eige gardsutsal.
- Lov med flaskesal av øl på eigne pubar på mikrobryggeri.
- Lov å selje eigenproduserte drikkevarer frå visnings- eller produksjonsstad dersom verksemda er kopla til eige landbruk og eigne produkt – og drikkevarene må ha alkoholinnhald under 22 prosent.
- Produsentar av eplesider får ikkje lov til å selje eigenprodusert sider frå gardsutsal dersom produsenten ikkje eig eigen eplegard, og ein tredel av epla som blir brukt i sideren, må vere plukka på eigen gard.
- Bryggeri i distrikta som ikkje har eigenproduksjon av råvarer, kan berre selje øl og sider med alkoholprosent under 4,7 frå eigne utsal.
---
Behandlar vinprodusentar ulikt
Vinbøndene Toyni Tobekk og Arild Hebnes’ største utfordring er EØS-avtalen.
For: Avtalen seier at norske og utanlandske vinprodusentar skal bli behandla likt. Dersom vinbøndene i Ryfylke får lov til å selje druevin frå utsalet på garden, får Tobekk og Hebnes ein salskanal dei utanlandske vinprodusentane ikkje har.
Førebels sel Hebnes vingard vin til gjester som kjøper mat- og drikkeopplevingar på garden. Dei kan selje til restaurantar og Vinmonopolet. Men statens butikkar krev at paret produserer ei viss mengde vin.
– I fjor hadde me kring 1.000 gjester innom vingarden, og kjem til å ha like mange i år, fortel Hebnes til Vårt Land.
I august blei Hebnes og Tobekk heidra for arbeidet med vingarden. Norske Druedyrkere kåra dei til Årets vinbonde.
Livet før vinen er framleis med dei. På alle vinetikettane står det ein gris.
Skaper arbeidsplassar i bygdene
Bonde- og småbrukarlaget heiar på vinbøndene. Leiar Tor Jacob Solberg meiner vinproduksjon er og vil bli ei viktig næring i distrikta.
– I 2016 blei det langt enklare å selje sider frå eigne utsal. No produserer norske siderbønder produkt som er sterk etterspurde – og skaper med det arbeidsplassar i bygdene, og nye generasjonar har lyst på å drive vidare.
– Det same vil skje om vinbøndene får selje vin frå eigne utsal, seier Solberg til Vårt Land.
Destillerer brennevin, bryggjer øl
Alkoholprodusentane i Norge er mange og varierte:
- Kring 20 handverksdestilleri lagar brennevin som gin, akevitt og whisky. Fleire har vunne internasjonal anerkjenning og prisar for produkta. Det statlege monopolet på spritproduksjon blei avvikla i 2005.
- Nesten 100 mikrobryggeri.
- Opp mot 60 registrerte vingardar. Nokre har akkurat planta vinstokkar, andre har produsert vin i fleire år.
Frp, som no vil mjuke opp lovverket, har fått endra alkoholpolitikken før. I 2016 var dagens partileiar landbruksminister, og Sylvi Listhaug fekk gjennomslag for særleg gardssider.
Det blei lov å selje eigenproduserte drikkevarer frå eigen gard – på strenge vilkår – som har eit alkoholinnhald lågare enn 22 prosent.
I representantforslaget skriv Frp at «en næringsvennlig og fornuftig alkoholpolitikk bør legge til rette for at flere norske gründere får lov til å selge produktene sine lokalt i sine produksjonslokaler».
Partiet peikar på at lokale produsentar vil dra nye grupper med turistar til distrikta, dei får sterke naturopplevingar og smake sterke drikkar.
Kundar skal berre få kjøpe ein kvote
Både Toyni Tobekk og Arild Hebnes og Frp viser til den svenske modellen.
I Sverige ønskjer den borgarlege regjeringa å liberalisere lovverket. Gardsutsal skal få høve til å selje øl, vin, sider eller brennevin, på visse vilkår: type salsstad og samla salsvolum.
Og: Kvar kunde skal berre få kjøpe 0,7 liter brennevin, tre liter vin, tre liter sterkøl og tre liter anna gjæra drikke.
– Den svenske modellen vil høve også i Norge, seier Solberg i Bonde- og småbrukarlaget.
Vil vurdere det svenske forslaget
Sp-leiaren i Finansdepartementet tek ikkje i mot utfordringa frå Ryfylke. Han sender ho vidare til Sps landbruks- og matminister. Geir Pollestad skriv i ein epost at han ikkje avviser Frps forslag, henta frå Sverige:
«Jeg mener dette er et spørsmål som må vurderes og synes det er naturlig å bringe det inn i debatten om nytt partiprogram. Kan det gjøres innenfor rammen av ordningen med vinmonopol mener jeg dette er en positiv sak som kan ha distriktspolitisk betydning og samtidig liten betydning for målet om en streng alkoholpolitikk.»
Pollestad minner om at «forslaget er notifisert til Europakommisjonen, som vil vurdere forslaget før det kan vedtas formelt i Sverige».
Seier nei til liberalisering
Actis Rusfeltets samarbeidsorganisasjon avviser Frps servering.
– Dette er eit dårleg forslag å liberalisere omsetjinga av alkohol i Norge. Det vil setje Vinmonopolet som statleg monopol i fare, seier generalsekretær Inger Lise Hansen til Vårt Land.
For, seier ho, blir det sal av alkohol i nye kanalar vil det sosialpolitiske aspektet ved monopolet falle vekk.