Fungerande leiar i KrF, Dag-Inge Ulstein, møter Vårt Land onsdag ettermiddag. Ei knapp veke har gått sidan regjeringa la fram forslag til ny abortlov.
Ulstein vil kasta lys over ei side ved forslaget han meiner ikkje har fått mykje merksemd: At kvinner skal få rett til sjølvbestemt fostertalsreduksjon fram til veke 18. Forslaget om sokalla tvillingabort går lenger enn regjeringas eige abortuval og praksis i mange av Noregs naboland.
No vender Ulstein seg til Sp-representantar og ber dei tenka seg om før dei støttar tvillingabort.
– Eg opplever at det er uklart kva utbrytarane i Senterpartiet meiner om tvillingabort. Stemmene frå Senterpartiet kan bli viktige i denne saka.
Fem stemmer bestemmer ny lov
For å få fleirtal til å endra dagens abortlov, trengst det støtte frå fem representantar på Stortinget. Senterpartiet er i mot å endra abortlova, men let representantane stemma fritt i Stortinget.
NRK har snakka med fleire Sp-arar som ønsker å endra abortlova. Ulstein håpar at fleire av dei som støtter abortgrense ved veke 18, likevel kan sette foten ned ved tvillingabort.
– Eg håpar at fleire senterpartistar skal seia nei til den delen som går på tvillingabort. Senterpartiet kjenner lova godt som regjeringsparti.
– Er det realistisk at nokon Sp-arar vil stemme for sjølvbestemt abort til veke 18, men mot sjølvbestemt tvillingabort?
– Absolutt. Eg vil vera veldig overraska om ikkje det skjer.
Statsrådane til Senterpartiet har teke dissens på to punkt i forslaget til abortlov. Dei støttar ikkje ei utviding av abortgrensa til veke 18, og at tvillingabort blir sidestilt med andre abortar.
Tek avstand til «Klarer du eitt, klarer du to»
I 2019 fekk KrF gjennom ei innskrenking av rett til tvillingabort, der alle slike abortar skal bli behandla av abortnemnd.
Då saka var oppe, skapa ei utsegn frå dåverande nestleiar Kjell Ingolf Ropstad, debatt.
– Ropstad vart sitert på: «Klarer du bera fram eitt barn, klarer du to», og fekk mykje kritikk.
Ulstein bryt inn.
– Det skjønnar eg godt. Det veit eg at han meiner og han har tydeleg sjølv sagt det også.
– Var det dumt å seia?
– Det er jo noko med respekten for dei utfordringane som ein står i, og at ikkje nokon av orda våre skal tyde på at me tek lett på det. For nokon.
– Så du vil ikkje sagt noko liknande?
– Nei. Absolutt ikkje.
Kjell Ingolf Ropstad beklaga ordbruken i etterkant.
---
Fosterantallsreduksjon
- En prosedyre i et svangerskap med to eller flere fostre, der man avslutter utviklingen av et eller flere fostre mens et eller flere fostre lever videre.
- Fosterantallsreduksjon blir omtalt som tvillingabort og har blitt utført i Norge siden 2002.
- I 2016 avga lovavdelingen i Justisdepartementet en tolkningsuttalelse: Fosterantallsreduksjoner anses som abort, og er regulert av abortloven.
- I 2019 fikk KrF gjennomslag om å innføre krav om at all fosterantallsreduksjon skal behandles av en abortnemnd.
---
Ulstein: KrF står samla, medan Sp og Frp slår sprekker
Ulstein legg til at han opplever debattklimaet om abortlova som betre i dag enn i 2019, og at fleire perspektiv kjem fram. Han opplever at saka samlar KrF.
– KrF er utruleg samla. Frp og Sp slår sprekker. Folk kan verkeleg stola på at KrF står samla om vårt syn på abortlova.
Det er uklart kven som tek over som ny leiar etter Olaug Bollestad. I intervjuet med Vårt Land repeterer Ulstein det han har sagt mange gonger: han ønsker ikkje bli leiar eller stilla for ein ny stortingsperiode.
Forslag går lenger enn utval
Lovforslaget om tvillingabort går lenger enn regjeringas eige abortutval. Utvalet har foreslått at alle tvillingabortar bør behandlast av nemnd, og at den gravide må gjennom obligatorisk rettleiing. I NOU-rapporten skriv utvalet at tvillingabort skil seg frå andre abortar:
«Fosterantallsreduksjon skiller seg fra abort ved at fosterantallsreduksjon gjøres med mål om å fortsette et svangerskap og føde ett eller flere barn, og at svangerskapet ikkje avsluttes. Siden inngrepet kan føre til skade på eller død av gjenværende foster/fostre reguleres dette ikkje likt.»
Eit mindretal i abortutvalet ønska å gå i meir liberal retning, der kvinner har sjølvbestemt rett til tvillingabort fram til veke 14. Regjeringas forslag som Stortinget skal stemme over, legg no opp til veke 18.
127 fostertalsreduksjonar på sju år
Sidan 2016 har alle tvillingabortar blitt utført ved Nasjonal behandlingstjeneste for avansert invasiv fostermedisin ved St. Olavs hospital. Frå 2016 til 2022 vart det utført 127 slike abortar. Under halvparten – 46 – var selektive abortar, der det er medisinske forhold ved fosteret som ligg til grunn.
Av friske fostre har det vore 43 fostertalsreduksjonar av tvillingar, 34 av trillingar og 4 av firlingar.
Det kjem fram i rapporten til abortutvalet. Den lister også opp praksis i nabolanda våre:
- I Sverige blir tvillingabort ikkje regulert av abortlova, men av helselova. Inngrepet blir berre utført på medisinsk indikasjon, i praksis blir det gjennomført både på sosial og medisinsk indikasjon.
- I Danmark er det ikkje sjølvbestemt fosterantallsreduksjon. Slik abort er berre tillate på bestemte vilkår, og vil vanlegvis berre gjelda når kvinna er gravid med trillingar og firlingar, ikkje tvillingar.
- I Finland blir ikkje tvillingabort omfatta av abortlova. Avgjerd blir teke etter medisinsk vurdering av sjukehuset i samråd med den gravide.
- På Island er fosterantallsreduksjon regulert i den islandske abortlova, med sjølvbestemming til veke 22.