Nyheter

Firedobla salet av israelsk vin

NORSK REAKSJON: I mars rydda statens alkoholutsal hyllene. Vin frå israelske busetjingar på okkupert grunn blei kasta ut. Nordmenn svarte med å fylle glasa med vin frå Israel.

Han mana ikkje til boikott, utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Han bad berre næringslivet tenkje seg om.

«Både offentlige og private bedrifter har et selvstendig ansvar og må evaluere om de bidrar og må trekke seg ut av dette», sa utanriksministeren 7. mars.

Striden handla om sal av israelsk vin, vindruer dyrka og vin tappa på okkupert grunn, på Vestbreidda og på Golanhøgdene.

Styret reagerte straks

Bakteppet var den eskalerande, brutale krigen i Gaza, mellom Israel og Hamas.

Norges einaste godkjende vinseljar reagerte straks.

«Vinmonopolet legger regjeringens tydelige fraråding til grunn, og Vinmonopolets styre har fredag morgen besluttet å stanse distribusjon og salg av produkter fra israelske bosetninger med umiddelbar virkning» kunngjorde administrerande direktør Elisabeth Hunter i Vinmonopolet, dagen etter utanriksministerens appell.

GAMLA

Svarte med å kjøpe mykje meir

Busetjarvinen forsvann på dagen. Dei som hadde tinga slik vin og venta på flaskene, fekk melding om at dei ikkje ville bli utleverte.

Vinkundar gav svar på tiltale.

Fleire byrja å kjøpe meir vin frå Israel. Mange skjenka seg rause glas med raudt og kvitt, produserte på vingardar som ligg innanfor grensene til Israel, slik dei var fram til 1967.

Vårt Land har fått tal frå Vinmonopolet første halvår i år og første halvår i fjor. Dei viser at salet av busetjarvin stupte – naturlegvis som følgje av hylleryddinga:

  • Første halvår i fjor blei det selt 2.054 liter vin frå Golanhøgdene og Vestbreidda.
  • Første halvår i år blei det selt 887 liter vin frå dei same områda.

Vinmonopolets styre har fredag morgen besluttet å stanse distribusjon og salg av produkter fra israelske bosetninger med umiddelbar virkning

—  Elisabeth Hunter, administrerande direktør Vinmonopolet, i mars

Firedobla interesse

Tala fortel så kva som skjedde med nordmenns handlevanar etter at Polet tok ut busetjarvinen.

Slik gjekk det med salet av vinar som er produserte innanfor Israels 1967-grenser:

  • Første halvår i fjor blei det selt 474 liter vin.
  • Første halvår i år blei det selt 1.892 liter vin – fire gonger meir enn same periode i fjor.

Vinar er utselde i Norge

Halvor Bing Lorentzen, samfunns og styresmaktkontakt i Vinmonopolet, fortel Vårt Land at leveringsvilkåra for israelsk vin er vanskelege akkurat no.

«Vi har jevnlig dialog med grossistene våre om leveringssituasjon. Tilbakemeldingen fra grossistene våre viser at det er utfordringer med transport og levering fra Israel», skriv han i ein epost til Vårt Land.

Bing Lorentzen opplyser at Vinmonopolet i dag tilbyr sju produkt frå Israel, men at fire er utselde frå grossist.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter