Nyheter

Familie har vore fadrar i over 20 år, men er barnefadderskap utdatert?

HALDEN: Familien Wang Johannesen trur det er lettare å gi pengar dersom ein har eit andlet å forholde seg til. Hjelpeorganisasjon er kritisk til ordninga og går vekk frå barnefadderskap.

– Sjå, dei veks fort, eller kva? Seier Bent Joar Wang og peikar på bilete av eit tidlegare fadderborn med nokre år imellom.

Bent Joar Wang, kona Heidi Johannessen og døtrene Emma Wang Johannessen og Eline Wang Johannsessen er ein av mange norske familiar som i årevis har støtta arbeidet til hjelpeorganisasjonar gjennom ulike fadderbarnsordningar.

Tal frå organisasjonar som SOS-barnebyar, Plan Norge og Redd Barna viser at nordmenn har stor givarglede. Til saman hadde dei tre organisasjonane inntekter i overkant av 980 millionar kroner frå fadrar eller faste givarar i 2023.

Bilete av fadderborn på kjøleskapet er ikkje eit uvanleg syn i norske heimar, men no meiner ein av hjelpeorganisasjonane at fadderskapsordninga for enkeltborn, der ein får sitt «eige» fadderborn, er utdatert.

Kva meiner dei kan vere problematisk med barnefadderskap?

Tenkjer på personvern

Sigurd Skjefstad, som er marknads- og kommunikasjonssjef i SOS-barnebyar, fortel at barnefadderskap har hatt ein del problematiske sider når det kjem til personvernet til borna.

– Born har rett til å vere born, og ein har elles i samfunnet gått bort frå å dele ukritisk bilete av born. I tillegg kan det vere problematisk at fadderborn risikerer å finne informasjon om seg sjølv på internett når dei blir eldre, eller at dei opplever å bli kontakta av fadarar. Det vil me ikkje leggje til rette for, seier han til Vårt Land.

SOS-barnebyar har meldt at dei skal slutte slike fadderskap, og 1. januar slutta dei å selje fadderskap kor ein støttar enkeltborn, og går no gradvis over til generelle fadderskap.

Utgangspunktet for valet om å avvikle fadderskap for enkeltborn er at SOS-barnebyar skal jobbe meir med førebyggjande tiltak, som blant anna betyr at dei i større grad vil hjelpe born som veks oppskal i sin eigen familie. Dette er betre for barnet og for samfunnet rundt, seier han.

– Midlane frå bornefadderskapa har vore retta meir spesifikt mot enkeltborn og barnebyane. Når me endrar måten me jobbar på, må me også endre korleis me finansierer prosjekta på, seier han.

Besøkte fadderborn

Til sak om pengedonasjoner og bistand til organisasjoner og barn. Familien er Plan-faddere, og får hefter som informerer om hvordan det går med de som får penger. De har også tidligere gitt til et pinsemenighetsdrevet barnehjem i Bolivia, hvor de jevnlig fikk brev fra barna.

Familien Wang Johannessen har sidan 2001 vore Plan-fadrar. Nokre år etter fekk Wang, gjennom ein kollega, høyre om eit prosjekt som pinsekyrkjelyden i Halden hadde i Bolivia. Det enda opp med at familien også byrja å gi støtte til fem born gjennom dette prosjektet.

Dei hadde i fleire år mykje kontakt med fadderborna i Bolivia, og reiste på besøk til landet i 2008. Det gjorde inntrykk på alle fire.

– Jentene våre og fadderborna hadde sendt teikningar og brev fram og tilbake, så det var veldig kjekt å få møte dei og sjå korleis dei hadde det, fortel Wang og Johannessen.

For foreldra var det også eit poeng at døtrene skulle lære noko av turen til Bolivia.

Til sak om pengedonasjoner og bistand til organisasjoner og barn. Familien er Plan-faddere, og får hefter som informerer om hvordan det går med de som får penger. De har også tidligere gitt til et pinsemenighetsdrevet barnehjem i Bolivia, hvor de jevnlig fikk brev fra barna.

– Me tenkte at det å gi støtte til desse borna, ha kontakt og ikkje minst besøkje dei skulle bidra til at våre eigne born lærte å setje ting i perspektiv, fortel dei.

Dei fortel at har positive erfaringar med å vere fadrar og meiner det er fint å ha litt kontakt med fadderborn.

– Eg trur det er enklare for folk å gi støtte når det er ei viss kontakt mellom fadrar og fadderborn. Det blir nærare, seier yngste dotter Emma Wang Johannessen.

Mål om eitt fadderbarn i året

Familien fortel at sjølv om det kjennest godt ut å hjelpe andre som ikkje har dei same moglegheitene som dei sjølve, er det ikkje derfor dei gir.

– Me har heller ikkje nødvendigvis ein illusjon om at det me gir endrar liva deira totalt, men det er ein fin ting å gjere, seier Wang, som ifølgje kona var pådrivaren for å byrje å gi støtte i starten.

På eitt tidspunkt sette han seg eit mål og sa til seg sjølv:

– Viss eg ikkje klarer å auke med å gi støtte til eitt fadderbarn i året, då lever eg ikkje rett.

Til sak om pengedonasjoner og bistand til organisasjoner og barn. Familien er Plan-faddere, og får hefter som informerer om hvordan det går med de som får penger. De har også tidligere gitt til et pinsemenighetsdrevet barnehjem i Bolivia, hvor de jevnlig fikk brev fra barna.

Dei fann etter kvart ut at det vart mykje å auke støtte kvart år, men familien hadde på det meste seks fadderborn. Prosjektet pinsekyrkjelyden hadde i Bolivia vart også avslutta, og familien har derfor ikkje lenger fadderborn der.

For augneblinken har dei eitt fadderbarn på ni år i Liberia i Afrika gjennom Plan Norge. Utover bilde og informasjon om arbeidet dei får tilsendt eit par gongar i året av organisasjonen, har dei ikkje noko kontakt med fadderbarnet.


– Det er var meir naturleg å ha kontakt med fadderborn då våre eigne born var små. Og kanskje blir det det igjen når barnebarna vert litt eldre, seier Wang.

«Føre var»

Skjefstad seier at dei i SOS-barnebyar ikkje har opplevd kontaktoppsøking frå fadder eller fadderborn som eit problem til no, men at dei ønskjer å vere «føre var».

– Det er ikkje alltid så lett å seie nei til den venneførespurnaden når ein veit at dei som kontaktar deg har vore med på å finansiere omsorga din. Barn som har vekse opp i SOS-barnebyar har sagt at dei ønskjer å vere barn og ikkje SOS-barn, seier han.

På spørsmål om kva han tenkjer om at andre organisasjonar ikkje gjer det same, svarar han:

– Eg tenkjer at kvar organisasjon sjølv må finne ut korleis dei innrettar sitt arbeid, men me synest dette er eit riktig val for oss.

Avviklar ikkje

– Fadderordninga er ei ordning som me vurderer heile tida, korleis den skal sjå ut og at den skal vere tilpassa formålet til Plan. Me har ikkje vurdert å avvikle den ordninga no, men gjer heile tida endringar i innsamlingsmodellane våre, seier Kari Helene Partapuoli til Vårt Land.

Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge

Ho er generalsekretær for Plan Norge.

Partapuoli fortel at pengane dei får inn via fadrar ikkje går til eitt barn eller ein familie, men til Plan sitt langsiktige nødhjelpsarbeid, og dessutan utviklingsarbeid. Dei snakkar løpande om alle sider ved fadderordningane i organisasjonen, både nasjonalt og internasjonalt.

– Personvernet til borna er ein del av dei vurderingane me kontinuerleg gjer og barnet sin tryggleik står høgst her. Dei aller færraste fadrane deira skriv til fadderbarna, og om dei ønskjer å gjere det, skjer det alltid via organisasjonen, seier ho.

Dersom det dukkar opp saker der fadrane prøvar å ta direkte kontakt, forklarer dei at dette er i strid med retningslinjene våre, ifølgje generalsekretæren.

– Mange av givarane seier likevel at å ha kontakt i meir eller mindre grad med eit fadderbarn, gir ein særleg nærleik til arbeidet organisasjonen gjer, seier ho.

---

Fadrar/givarar og inntekter 2023:

  • Plan Norge: 125.000 fadrar gav i overkant av 400 millionar kroner, som utgjorde ca. 70 prosent av inntektene.
  • SOS-barnebyar: Fadderinntekter (barnefadderskap og byfadderskap) stod for 49 prosent av dei samla inntektene til organisasjonen i fjor, som var på 353.432 millionar kroner.
  • Redd Barna: I overkant av 90.000 faste givarar, som gav ei inntekt på omtrent 228 millionar kroner.


Kjelder: Plan Norge, SOS-barnebyar og Redd Barna

---

Endret mandag 19. august kl. 12.14: I en tidligere utgave av artikkelen sto det at prosessen med å gå over til generelle fadderskap i SOS Barnebyer startet forrige uke. Det stemmer ikke. SOS Barnebyer sluttet å tilby enkeltbarnfadderskap fra 1. januar, og går gradvis over til generelle fadderskap.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter