Tysdag la den interne energikommisjonen i Raudt fram ein rapport som opnar for ny, norsk kjernekraft. Får kommisjonen gjennomslag, vil det vera eit klart brot med dagens partiprogram.
– Kjernekraft blir garantert ein av diskusjonane på neste landsmøte, seier energipolitisk talsperson Sofie Marhaug til Vårt Land.
Ho er del av fleirtalet i Raudts interne energikommisjon som stiller seg positiv til forsking og utgreiing av norsk kjernekraft.
– Me kjem ikkje utanom kjernekraft på verdsbasis. Kjernekraft er ikkje perfekt, men den norske stat må ta ansvar for å henta inn meir kunnskap, seier Marhaug.
Landsmøtet skal vedta nytt arbeidsprogram for Raudt, og blir halde 28. februar til 2. mars 2025.
– Rapporten vår er meint for å gje kunnskap til partiet. Eg legg ingen føringar, det er opp til landsmøtet å bestemma Raudts politikk, påpeiker Marhaug.
SV-Haltbrekken viser til artiklar i Vårt Land
Dei nye signala frå Raudt får Lars Haltbrekken i SV til å reagera:
– Raudt sin kraftrapport er basert på draumar og luftslott. Om me satsar på ny kjernekraft, vil me hiva vekk masse pengar. Det er rett og slett uansvarleg å skulle satsa på ny kjernekraft før me ryddar opp etter oss.
Han har lese Vårt Lands artiklar om problema rundt opprydding av norsk atomavfall. Medan dagens atomlager har fått påvist fukt og rust, blir arbeidet med å bygga nye lager og eksportera brukt brensel utsett.
– Artiklane til Vårt Land viser at me må bruka pengane på å rydda opp etter oss. No må det bli slutt på diskusjonen om nye atomkraftverk, seier Haltbrekken.
Vårt Land har avdekka at etaten NND, som har ansvar for atom-oppryddinga, i fjor brukte 240 millionar kroner på konsulentar. Mange av desse skal vera ekspertar frå utlandet.
– Det viser berre at me må til utlandet for å finna kompetanse. Noreg kan ikkje atomkraft. Alle parti som diskuterer ny kjernekraft, har eit ansvar for å kutte denne diskusjonen og heller konsentrera seg om å rydda opp i avfallet som alt er her, seier Haltbrekken.
Artiklane til Vårt Land viser at me må bruka pengane på å rydda opp etter oss. No må det bli slutt på diskusjonen om nye atomkraftverk.
— Lars Haltbrekken, SV
Raudt: Han har tydelegvis ikkje lese rapporten
– Lars Haltbrekken har tydelegvis ikkje lese rapporten. Me legg ikkje inn ein einaste terrawatt-time med kjernekraft i planen vår, svarer Sofie Marhaug.
Ho understrekar at kommisjonen ikkje trur kjernekraft blir del av energimiksen i Noreg i 2030 og heller kanskje ikkje i 2050.
– Dette ligg langt fram i tid. Det er viktig at kjernekraft ikkje blir ei avsporing, der folk peiker på kjernekraft i staden for å gjera ting som trengst på kortare sikt, seier Marhaug.
Vil at partiet skal «arbeida aktivt» for forsking
I dagens program slår Raudt fast at det ikkje skal byggast ut atomkraftverk i Norge, med eit unntak for statleg forsking på thoriumkraftverk.
Tonen er ein annan i den ferske rapporten frå partiets interne energikommisjon. Sju av åtte medlemmer i kommisjonen opnar for kjernekraft. Dei rår Raudts programkomite om at partiet bør «arbeida aktivt» for meir forsking og utgreiing av kjernekraft i Noreg.
Kommisjonen peiker på små, modulære kraftverk og thoriumkraftverk. Dei meiner at om kjernekraft blir bygd ut i framtida, så må staten vera eigar og lokaldemokratiet må ha vetorett på lokalisering.
Komiteens fleirtal på sju skriv dette:
«Gitt et premiss om betydelig større kraftbehov i Norge på grunn av utfasing av fossile brennstoff, har mange, også en del naturvernere, gått fra nei til tja eller ja til kjernekraft. Selve kjernekraftproduksjonen betegnes som utslippsfri, og trenger mindre areal enn for eksempel vindkraft eller bakkemontert solkraft.»
Dei skriv at nyare kjernekraftanlegg i Finland og Sverige er bygd på måtar som betre forebygger ulykker.
Samstundes peiker medlemmene på at det i dag ikkje finst gode nok løysingar for lagrig av atomavfall.
Rapporten nemner kjernekraft 40 gonger
Vårt Land har gjort ei rask oppteljing av Raudt-rapporten «Demokratisk kontroll over krafta» som viser at:
- Ordet «vannkraft» dukkar opp 36 gonger i rapporten.
- «Kjernekraft» blir nemnt 40 gonger i rapporten, medan «havvind» dukkar opp 57 gonger.
- EUs energibyrå ACER, ein raud klut for mange EU-motstandarar, dukkar opp berre 17 gonger.