Aleksej Navalnyj døydde brått under uklare omstende i ein straffekoloni i Sibir i februar.
Julija Navalnaja sa torsdag at ho har fått eit tre sider langt offisielt dokument der etterforskarane konkluderer med at mannen hennar døydde av ein kombinasjon av sjukdommar.
Det avviser ho. Ho kallar forklaringa løgn og forsøk på å dekkje over og seier ho vil krevje politietterforsking av dødsfallet til ektemannen. Ho meiner det var drap, noko russiske styresmakter avviser.
I den offisielle forklaringa heiter det at han vart sjuk medan han spaserte i fengselsgarden og fall om. Han vart etter seiande freista gjenoppliva, men helsepersonellet lykkast ikkje.
(©NPK)