Tysdag meldte NRK at Bergen kommune har valt å melde hetsen mot KrF-politikar Joel Ystebø, som skjedde under ein fotballkamp i Nederland tidlegare i sommar, til politiet.
Dette får NRK stadfesta av beredskapssjef Britt Lise Nymark.
– Eit trygt politisk og offentleg ordskifte er viktig for demokratiet, og kommunen ser alvorleg på alle formar for truslar og hets mot folkevalde, uttalar Nymark til statskanalen.
– Ikkje personleg
Hendinga skjedde under kvalifiseringskampen i Conference League i Nederland. Yestbø fortalde sjølv om hendinga i eit Facebook-innlegg, og det var Bergens Tidende som omtalte saka fyrst.
– Me stod i ein trong kø mellom to bussar for å komme inn. Då kom det opp tre-fire menn rett bak oss, som eg trur tok seg fram til oss. Og så byrja dei å syngje: «Ystebø skal døy, Ystebø skal døy», fortalde den unge KrF-politikaren til Vårt Land tidlegare i sommar.
Ystebø sa då også til Vårt Land at hetsen ikkje skal ha vore personleg, for ein av mennene skal ha lagt handa på skuldra hans og sagt:
– Det er ikkje personleg, men politisk hat.
Det var Ystebø sjølv som varsla bystyret sitt kontor om saka, og no har kommunen meldt forholdet til politiet. Han seier til NRK at han er glad for at kommunen tek saka på alvor.