Nyheter

Valdtektsdømde van de Velde snakkar ut: – Vurderte å trekkje meg frå OL

Den valdtektsdømde sandvolleyballspelaren Steven van de Velde, som vart bua ut i alle kampane sine under OL, seier at han vurderte å trekkje seg frå leikane.

Nederlendaren har sona fengselsstraff for valdtekt etter at han for ti år sidan hadde sex med ei tolv år gammal jente.

No har van de Velde for første gong snakka ut om det han opplevde i Paris. Overfor fleire nederlandske medium, blant dei NOS, seier han at han venta reaksjonar, men at omfanget overraska han. Tilskodarane bua mot han i alle kampar, blant dei gruppekampen mot Anders Mol og Christian Sørum.

– Eg hadde stunder der eg var langt nede, og eg var inne på å trekkje meg, men eg kom til at eg ikkje vil gi andre slik makt over meg. Eg vil ikkje la meg mobbe vekk, sa han til NOS.

Vart påverka

Saman med makkar Matthew Immers tok han seg til utslagsrundane, men tapte i åttedelsfinalen.

– Det påverka nok spelet vårt. Eg var oppteken av andre ting enn prestasjonen i sanden, seier van de Velde til NOS.

– Eg synest det er synd at det vart slik. Det har gått ti år, og eg har spelt fleire enn 100 turneringar sidan det som skjedde. Men eg forstår også at det er eit problem. Har nokon med ei slik fortid lov til å stå på ei slik scene? Det er eit legitimt spørsmål.

Han innser at han aldri kan leggje saka heilt bak seg.

Vil vare heile livet

– Eg er ikkje lenger den personen eg var for ti år sidan. Eg er 30 år, gift og har eit barn. Eg har eit godt liv no. Eg prøver å fokusere på det eg kan gjere noko med, men eg veit at dette vil spele ei rolle resten av livet. Folk har rett til å klandre meg. Eg må akseptere det, for eg har gjort ein feil, seier han til NOS.

Van de Velde har late seg intervjue før EM på heimebane. Meisterskapen skal avviklast i tre nederlandske byar, og van de Velde og Immers er blant dei høgast rangerte para etter at mellom anna Mol/Sørum og dei svenske OL-meistrane David Åhman/Jonatan Hellvig har valt å stå over.

(©NPK)

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter