1. august markerte miljøorganisasjonar at verda har brukt opp sine ressursar for eit heilt år. Frå no av lev me på såkalla «lånte» ressursar, ifølgje miljøorganisasjonen Global Footprint Network.
Ellen Hageman er miljøaktivist i sivil-ulydigheitsgruppa Extinction Rebellion, men også ordinert prest i Den norske kyrkje. Ho meiner dagen er ei viktig påminning om at me har system som ikkje fungerer.
– Eg tenkjer at når Norge som eit av verdas rikaste land brukar opp sine ressursar i april, mens heile verda når denne dagen i august, betyr det at nokre land lever med veldig få ressursar. Det trur eg er eit viktig perspektiv å få med. Det blir banalt å seie det, men me må dele på ressursane, seier Hageman til Vårt Land.
Ifølgje Verdens naturfond (WWF) var 12. april dagen Norge brukte opp sin del av jordas fornybare naturressursar for 2024.
Bibelen med «klimabriller»
Hageman trur Bibelen kan gi god rettleiing i klimaspørsmål.
– Det viktigaste akkurat no er å lese Bibelen på nytt med «klimabriller» for å få eit nytt perspektiv. Eg trur det i større grad handlar om å ha blikket på heile bodskapen, ikkje på kvart enekelt vers, seier ho.
Hageman meiner også at det er viktig at kristne får eit religiøst språk når dei snakkar om klimautfordringa.
Eg etterlyser eit hyrdebrev frå biskopane som erklærer klimakrise
— Elisabet B. Breen
– Endetidsforteljingane treng å få eit nytt liv, til dømes Johannes’ openberring og profetiane i Det gamle testamentet. Kvar er kyrkja i dette? Dette kan ende i katastrofe, me må ta ting innover oss. Me burde snakke mindre om håp og meir om mot, meiner Hageman.
Miljøaktivisten trur likevel kristne naturleg blir minna på klimaspørsmålet, og opplever at det er lettare å ta opp temaet i kristne samanhengar.
– Å snakke om klimakrisa i sosiale samanhengar drep ofte stemninga, men eg føler det kan vere lettare å ta det opp i kristne fellesskap. Det er noko med at det ligg ei etisk utfordring i den kristne bodskapen som utfordrar oss. Eg meiner at kyrkja likevel har ein lang veg å gå når det kjem til desse spørsmåla, seier ho.
Aktivistisk liturgi
Hageman tek til orde for at kyrkja bør bruke liturgien aktivistisk. Sjølv har ho vore med på å ha gravferd for ein skog som skulle bli motorveg.
– Kyrkja er veldig god på ritual, kvifor ikkje bruke det på andre måtar? Ein kunne til dømes hatt friluftsgudstenester på stader der naturen har vorte øydelagt, eller sørgjeliturgi for ein isbre som smeltar. Me må kjenne att den valden som vert utøvd mot skaparverket, seier ho og legg til:
– Kyrkja har eit stort potensial her, og eg meiner prestar og biskopar burde bruke liturgien aktivistisk.
Systemet er problemet
Hageman trur det største problemet er at me har eit økonomisk system som er rigga til evig vekst og som forsterkar sosial skeivheit.
– Det økonomiske systemet er problemet. Me må gå over til eit anna økonomisk system med nedvekst. Økonomien må krympe, ikkje vekse. Me må utfordre og endre systemet, og det burde kyrkja også vere med på, seier ho.
Trua forpliktar
Teolog og medlem i Besteforeldrenes klimaaksjon Elisabet B. Breen er einig med Hageman i at kyrkja kan gjere meir for klimasaka.
For Breen er klimaet eit heilt sentral spørsmål i hennar gudstru, og ho meiner trua pliktar henne til å kjempe for klimaet og naturen.
– Det heng tett saman med nestekjærleiksbodet. Når me forbrukar tre jordklodar og samtidig sender ut klimagassar, er det utanfor all anstendigheit – og det burde kyrkja seie noko om.
Breen meiner at å leve slik at me ikkje skadar vårt forhold til planeten er god og gammal teologi. Ho meiner ein treng ei grøn vekking i kyrkja, og at ein må starte med trusopplæringa og forkynninga.
– Eg trur eg berre ein gong har høyrt ei bøn om at me må kjempe mot klimaendringane. Det held ikkje å seie at ein må «vise omsorg for jorda». Ein må vere tydelegare og ein må fortelje kva som er årsaka til klimakrisa; forbruket og klimagassutsleppa våre. Me har visst dette lenge og endringane skulle vore gjort for lenge sidan, seier Breen.
Opplever lite handling
Breen har to håp for klimaengasjementet i kyrkja.
– Det eine håpet er at me som kristne kan leve eit liv som gjer at me reduserer global oppvarming. Det andre håpet er at kyrkja løfter opp visjonen om ei gjenoppretta jord der fred og rettferd bur, og brukar denne visjonen som eit motiv for å kjempe for denne jorda, seier ho.
Sjølv opplever ho at ho med klimaengasjementet sitt blir møtt av ein mur med velvilje, men lite handling i kyrkja. Prestar ho snakkar med seier dei anten ikkje har tid eller at det ikkje nyttar.
– Eg etterlyser eit hyrdebrev frå biskopane som erklærer klimakrise, og som oppmodar om å finne fram til ein ny og berekraftig livsstil og eit sterkare samfunnsengasjement. Me som kristne må kunne seie at, nettopp fordi me er kristne, øver me på å leve eit enklare, grønare, meir kortreist og samfunnsengasjert liv, seier ho.
---
Bruk av fornybare naturressursar 2024:
- Norge ligg på 25. plass på lista over verdas storforbrukarar av ressursar. Me brukte opp vår årlege del av ressursane 12. april i år.
- Øvst på lista ligg Qatar, med oppbrukte naturressursar 11. februar.
- Danmark ligg på 13. plass (16. mars) og Sverige ligg på 29. plass (21. april)
- Dei siste 35 åra har dagen verda har brukt opp ressursane sine blitt framskunda med tre månader.
Kjelde NTB og Global Footprint Network
---