I desember 2023 meldte den amerikanske nyheitskanalen CNN at nesten halvparten av luftammunisjonen Israel då hadde sleppt over Gaza sidan Hamas-angrepet 7. oktober, var såkalla «dumme bomber». Med det meinast bomber som ikkje kan fjernstyrast, men som blir sleppt ned frå fly.
CNN hadde fått kjennskap til dette gjennom ein amerikansk etterretningsrapport.
Hizbollah- og Hamas-leiarar drepne
Tysdag 30. juli uttalte Det israelske forsvaret at dei hadde drepe Hizbollah-leiar Fuad Shukr, det stadfesta seinare også Hizbollah. Ifølgje libanesiske myndigheiter vart fem sivile også drepe i åtaket.
Natt til onsdag 31. juli vart Hamas-leiar Ismail Haniyeh drepen i ein bustad i Teheran i samband med innsetjinga av den nye presidenten i Iran. Så lang har ikkje Israel offisielt kommentert drapet, men har heile tida vore open om at Haniyeh er eitt av måla deira. Same dag som åtaket la Israel sitt presskontor (GPO) ut eit innlegg på Instagram med bilete av Haniyeh og teksten «eliminert». Innlegget vart kort tid etter fjerna.
Spørsmålet mange stiller seg er kvifor Israel ikkje har teke større omsyn til sivile i Gaza i si krigføring. Ifølgje palestinske helsemyndigheiter er så langt over 39.000 menneske drepne på Gazastripa sidan 7. oktober, langt fleire er skadde.
– Heile Gazastripa er eit mål
– Eg tenkjer at det er viktig å presisere akkurat dette. Desse angrepa utanfor Gaza viser at Israel har den evna når dei vil. Det stemmer ikkje når dei seier at dei vil vere mest mogleg presise. Israel har erklært at heile Gazastripa er eit mål, som også går ut på at heile befolkninga i Gaza er fienden, seier Jørgen Jensehaugen til Vårt Land.
Han er Midtøsten-ekspert og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet PRIO.
Jensehaugen seier at ein ser eksempel på dette i mange av ytringane frå i folkemordrettsaka mot Israel. Han seier at Israel ser på heile infrastrukturen og befolkninga i Gaza som ein fiendtleg struktur, til skilnad frå Libanon, der dei skil mellom Hizbollah og den libanesiske befolkninga.
Vart skulda for folkemord
Før jul i fjor reiste Sør-Afrika sak i Den internasjonale domstolen (ICJ) der dei skulda Israel for å gjere seg skuldig i folkemord mot den palestinske befolkninga i Gaza. Ein talsmann for myndigheitene i Israel kalla skuldinga om folkemord for ein «blodanklage» og USA kalla skuldingane for «grunnlause».
I slutten av januar i år gav ICJ Israel ordre om å forhindre folkemord i Gaza, blant anna ved å sikre nødhjelp. 24. mai kom ICJ sin dom, som blant anna kravde at Israel umiddelbart måtte stoppe operasjonen i Rafah, noko dei trossa dagen etter.
– Suksesshistorie i israelsk propaganda
– Når det gjeld Gaza opplever Israel lite konsekvensar. Dei har lang erfaring med fleire krigsrundar i området. Andre land klagar og ein dekkjer krigen, men etterpå går den israelske leiinga ustraffa, seier Jensehaugen.
Han legg til at Israel ikkje har same type etterretning i Gaza som dei til dømes har i Libanon. I rolegare område har dei mykje meir tid til å kalibrere, det har ein ikkje i Gaza, seier han.
– Kvifor får det ikkje konsekvensar for Israel?
– Det handlar om fleire ting. Det eine er at USA står veldig tydeleg bak Israel. Sjølv om dei snakkar om ei raud linje som Israel ikkje må krysse, er det veldig uklart kvar denne linja går, og USA held fram med å gi våpen. Det andre er at ein har klart å etablere eit syn om at, sidan Gazastripa er styrta av Hamas, er det eit slags terrorområde. Då dømmer ein samtidig 2,3 millionar menneske, noko som er heilt uakseptabelt.
Han kallar det ei suksesshistorie i israelsk propaganda, og meiner at eit tydeleg eksempel er at ein undergrev talet døde i Gaza ved å snakke om det som tal frå Hamas sine helsemyndigheiter. Han trur at det for mange vert oppfatta som at alt i Gaza er styrt av terroristar.
Meiner det er vanskeleg å etterprøve
Midtøsten-forskaren meiner at sjølv om IDF seier dei tek sivile omsyn i Gaza for å unngå unødige sivile lidingar, kan ein ikkje nødvendigvis stole på at dei gjer det.
– Dei gjer visse grep med flygeblad og erklæring av trygge sonar, men me ser gjentatte gonger at dei bombar desse «trygge» sonene. I tillegg skyt dei på folk som går med kvite flagg, og på humanitærarbeidarar og journalistar, seier han.
Han meiner at noko av utfordringa ligg i at folk utanfor ikkje slipp inn på Gazastripa, heller ikkje journalistar, samtidig som mange lokale journalistar i Gaza er drepne. Det seier han gjer at det omtrent er umogleg å få verifiserbar informasjon ut, og også vanskeleg å etterprøve IDF og Israel sine påstandar.
Konflikt med flest drepne journalistar
Onsdag 32. juli vart Al Jazeera journalist Ismail al-Ghoul og kameramannen Rami al-Rifi drepne i eit israelsk åtak. Ifølgje FN er konflikten den med flest drepne journalistar nokosinne, og Den internasjonale journalistorganisasjonen (CPJ) skriv at per 2. august er 113 journalistar stadfesta drepne sidan 7. oktober; 113 av dei er palestinarar, to israelarar og tre libanesarar. Ulike organisasjonar opererer med ulike tal.
Krisa i Gaza er også den med flest drepne hjelpearbeidarar nokosinne, ifølgje Faktisk Verifiserbar. I april vart blant anna sju hjelpearbeidarar i World Central Kitchen drepne i eit israelsk angrep. Ifølgje ei uavhengig australsk gransking skuldast dette alvorlege feil frå det israelske militæret, melder NTB.
– Har IDF nok informasjon om kvar Hamas-måla deira oppheld seg før dei bombar område med mange sivile?
– Israel har ei «liberal» tolking av kva som er eit legitimt mål. Dei ser ein til dømes på at dei ser på politistyrkjer som legitimt mål, fordi dei er knytt til Hamas. Kva dei peikar ut som mål er ekstrem breitt, noko sivilbefolkninga lid under.
Jensehaugen seier at med unntak av 13. juli, då Det israelske forsvaret hevda å ha drepe Hamas sin militære leiar Mohammed Deif i eit åtak i Khan Younis, har dei nesten ikkje teke livet av nokon Hamas-leiarar i Gaza.
– Ikkje som dei har lagt fram dokumentasjon på i alle fall, seier han.
Tidlegare i juli sa Israel sin forsvarsminister Yoav Gallant at 60 prosent av medlemmane i Hamas sin væpna fløy var såra eller døde sidan 7. okotber, ifølgje NTB. Israel har førebels ikkje lagt fram noko statistikk på dette.