Nyheter

Kva er greia med rituala til OL-utøvarane?

OL I PARIS: Ritualekspert seier slike rutiner er viktige og ein måte å skaffe tryggleik før og under konkurranse på.

Dei olympiske sommarleikane er i gong i den franske hovudstaden, og mykje står på spel. Dette er høgdepunktet i karrieren til mange av utøvarane. Det er vel kjent at ein del idrettsutøvarar har ulike ting dei berre gjere, eller eit klesplagg dei alltid må ha på seg før eller under konkurranse.

Men kvifor det? Kva er det med ritual og idrett?

– Me veit veldig lite når me byrja med ritual, fordi me har avgrensa kjelder, men det er mykje som tyder på at menneske til alle tider har ritualisert liva sine, seier Ane Ohrvik til Vårt Land.

Ane Ohrvik er professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo.

Ho er professor i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo med ekspertfelt på blant anna ritual.

– At idrettsutøvarar har ritual handlar kanskje om at dei ein eller annan gong har gjort noko spesifikt i ein konkurranse som har gått bra. Så får ein kanskje ein ide om at handlingane, eller rituala, må gjerast for at ein skal få ei god kjensle og at det skal gå bra neste gong, seier ho.

Ohrvik seier at desse rituala ofte nok er viktige mentale førebuingar utøvarane gjer før konkurranse.

– Idrettskonkurransar er sjeldne dersom du samanliknar med all tida utøvarane brukar på å trene i løpet av året. Derfor er det ekstra viktig at den tida konkurransen varer er optimal, seier ho.

Bibelen og barbering av halve fjeset

Ein kjent OL-utøvar som tyr til ritual for å gjere seg klar er den amerikanske høgdehopparen Vashti Cunningham. Ifølgje Olympics ser ho filmen «Kill Bill» kvelden før kvar konkurranse og les Bibelen saman med far sin.

---

Ritual

  • Ei handling som vert repetert bevisst og etter eit bestemt mønster frå gong til gong.
  • Kan også vere ein serie handlingar i bestemt rekkefølgje.
  • Omgrepa rite og ritual brukast ofte om einannan i daglegtale, begge kjem frå det latinske ordet ritus som betyr «skikk».
  • Religiøse ritual skil seg frå andre ritual ved at dei byggjer på ei forståing av røynda som inkluderer gudar, gudinner eller andre overmenneskelege vesen.

Kjelde: Store Norske Leksikon

---

Italienaren Gianmarco Tamberi er også høgdehoppar, og har eit litt meir synleg ritual før konkurranse. Under kvalifiseringa har han nemleg fullt skjegg, for så å barbere av seg halve skjegget til finalen.

– Kvifor trur du dei har desse faste handlingane før og under konkurranse?

– Eg trur det er ei enkel forklaring på det idrettsutøvarar gjer. Det er ein måte for dei å skaffe godkjensla og tryggleik på, seier ho.

Ohrvik trur likevel ikkje idrettsutøvarar er meir rituelle enn andre, og at me alle har våre eigne ritual.

– Me kan alle kjenne oss att i å ha spesifikke handlingar me gjer før viktige hendingar i liva våre, til dømes før jobbintervju.

Vassflasker og kalddusj

Ein annan utøvar som er kjent for rituala sine er tennisspelaren Rafael Nadal. Spanjolen plar å dusje i isvatn i akkurat 45 minutt før kvar kamp han spelar, noko han sjølv har sagt er som å entre «a new, powerful mental space», ifølgje Olympics.com.

I tillegg er han svært oppteken av at vassflaskene hans står plassert på linje med etikettane peikande i same retning. Ei rekkje handlingar som å ikkje trakke på linjer, leggje håret bak øyret og spretting av ballen med racketen, går også inn i Nadal sin rutine.

 Rafael Nadal skal møte Novak Djokovic i neste runde i Paris. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Eg har studert alt han gjer på bana, men er litt skeptisk til å kalle det Nadal held på med for ritual, for då vatnar ein på eitt vis ut omgrepet, seier Ohrvik, som sjølv er interessert i tennis.

Skilnaden på eit ritual og ei repeterande handling meiner ho er at ritualet er noko meir spesielt, noko som skjer sjeldnare. Journalisten vel likevel å kalle dei repeterande handlingane til idrettsutøvarar for ritual.

– Det blir ikkje feil å kalle det ritual heller. Ritual handlar jo om å gjere det same som ein har gjort tidlegare, det er kjernen i ritualet, og må skje for at rituala skal få gyldigheit, seier ho.

Dersom du følgjer litt ekstra nøye med under årets OL, oppdagar du nok endå fleire utøvarar med snodige ritual.

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter