Nyleg skreiv Vårt Land om levande gravferder og korleis ein gravferdskonsulent hjelpte til med å arrangere ein gravferdsseremoni der personen sjølv var til stades. Å ha gravferdsseremoniar før døden, eller såkalla «living funerals», er blitt omtala i utanlandske medium som The Guardian og Svenska Dagbladet.
Jan Willy Løken er i utgangspunktet skeptisk til å gjennomføre gravferdsseremoniar før nokon er død, men meiner at føremålet er avgjerande.
– Dersom det er ein slags fest for å feire livet, er dette noko me alltid har hatt, berre at ein no kallar det for «levande gravferd». Men om folk vil erstatte den vanlege gravferda me har med ei levande gravferd, er eg skeptisk, seier han til Vårt Land.
Løken er dagleg leiar i Jølstad gravferdsbyrå og styreleiar i Virke Gravferd.
– Kva tenkjer du om at gravferdsbyrå skal hjelpe til med å arrangere levande gravferder?
– Å la eit gravferdsbyrå stå som arrangør for ein slik «gravferd» er eg skeptisk til. Det handlar om at gravferder det viktigaste ritualet me har som samfunn, og eit ritual som er til for dei etterlatne når nokon er død.
Fleire etiske dilemma
Løken meiner det er fleire etiske dilemma som bør diskuterast rundt levande gravferder. I saka Vårt Land tidlegare skreiv, møter me gravferdskonsulent Kenneth Slaatten som hjelpte til med å arrangere gravferdsseremoni for ein mann som skulle til utlandet for å avslutte livet. Mannen ville sjølv ta del i denne seremonien.
– Eg vil ikkje kommentere enkeltsaker, men dette landskapet er ulendt etisk og juridisk. I byrået eg jobbar i har me nokre gonger vore i kontakt med menneske som, me undervegs har forstått, har tenkt å ta livet sitt. Då må me ta ein stopp i den samtalen.
Det er ikkje openbert greitt å arrangere ei gravferd for nokon som har tenkt å gjennomføre assistert sjølvmord
— Jan Willy Løken, leiar i Jølstad begravelsesbyrå
Løken peiker på at assistert sjølvmord, eutanasi, er ulovleg i Norge, og at å hjelpe til eller leggje til rette for dette også er ulovleg.
– Det er ikkje openbert at det er greitt å arrangere ei gravferd for ein person som har tenkt til å gjennomføre dette, meiner Løken:
– Som byrå held me oss til det samfunnet oppfattar som etisk forsvarleg, det kan vere den allmenne opinionen, leiande fagmiljø, eller lovverket, seier han.
Potensielt problematisk
Åse Skrøvset er bransjeleiar i Virke Gravferd, som er bransjeorganisasjonen for gravferdsbyrå.
Ho trur det kan vere problematisk for eit gravferdsbyrå å stå på arrangørsida av ein slik seremoni.
– Eg vil ikkje vere bastant på det enno, men eg kan seie at ein rører seg i eit grenseland her.
I Virke Gravferd har dei eit etisk regelverk, men enn så lenge har dei ingen retningslinjer for korleis dei skal levande gravferder.
Bransjeleiaren seier det per dags dato er opp til kvart enkelt gravferdsbyrå å avgjere om dei vil hjelpe til med å arrangere gravferdsseremoni for ein levande person.
– Det kan vere problematisk om ein person planlegg å ta sitt eige liv, seier Skrøvset.
Vart diskutert
Kenneth Slaatten, gravferdskonsulenten som hjelpte ein mann med å arrangere ei «levande gravferd», seier avgjersla vart teken etter ein diskusjon med andre kolleger i byrået.
«Hvem som helst av mine kollegaer hadde antagelig gjort det samme i denne situasjonen», skriv Slaatten til Vårt Land i ein e-post.
Slaatten seier gravferdsbyrået og han sjølv ville møte mannen sine ønske og hjelpe han med å arrangere ei feiring av livet. Slaatten peiker på at mannen sjølv kunne ha arrangert ein fest eller seremoni med hjelp frå familien, utan eit byrå.
«Men han visste vi var gode på det med tanke på at vi kan tilby seremonileder. Seremonileder hos oss kan også vie par som gifter seg, og det er jo også en feiring av livet», skriv Slaatten.