Nyheter

Snåsamannen sa at Trump ville bli skoten

SNÅSAMANNEN: Like før Donald Trump var sett inn som USA sin 45. president, sa Joralf Gjerstad han trudde noko kom til å skje med den påtroppande presidenten, men teolog Jan Olav Henriksen er skeptisk til å koble Snåsamannen si utsegn med åttaket på Donald Trump.

Joralf Gjerstad, også kalla Snåsamannen, snakka fleire gongar i si levetid om åttak på amerikanske presidentar, sist gong i eit intervju med Namdalsavisa i 2017.

Noen konspirasjonsteoretikere beskylder Secret Service, som her tar hånd om Donald Trump etter skytingen, for selv å stå bak attentatet. Foto: Gene J. Puskar) / AP / NTB

– De kommer til å ta han. Trump blir skutt, sa Gjerstad i eit intervju med Namdalsavisa då, utan at han tidfesta hendinga nærare.

Denne helga skjedde eit åttak på presidentkandidat og tidlegare president Donald Trump. Litt over midnatt, natt til søndag, vart fleire skot utløyst under eit republikansk valkampmøte i Butler, Pennsylvania. Trump, som stod på talarstolen, vart skoten i øyret og vart raskt frakta til sjukehus.

FBI har gått ut og identifisert gjerningsmannen som 20 år gamle Thomas Matthew Crooks, ifølgje NTB.

– All grunn til å vere skeptisk

Jan Olav Henriksen er teolog og professor ved MF vitenskapelig høyskole. Han stiller seg kritisk til om det er noko samanheng mellom Gjerstad si ytring i 2017 og angrepet mot Trump laurdag.

Jan Olav Henriksen fotografert for Vårt Land Forlag ifb. med ny bok som blant annet tar for seg sex, sårbarhet, begjær og kristen tro

– Eg tenkjer det er vanskeleg å vurdere om dette er tilfeldig eller ikkje. Folk som hevdar dei er synske kan ta feil, og har tatt feil, så eg trur ikkje me skal leggje for mykje i det, seier han.

Folk som hevdar dei er synske kan ta feil, og har tatt feil, så eg trur ikkje me skal leggje for mykje i det

Likevel vil ikkje Henriksen avvfeie at det kan vere spesielle evner inne i biletet, men han meiner ein burde vere forsiktig med å ytre slikt offentleg.

– Eg syns ikkje ein skal publisere eller offentleggjere slike intuisjonar, fordi dei kan vere feilaktige. Då ender ein opp med at folk orienterer seg ut frå ting som ikkje er moglege å teste og som det ikkje er hald i. Det er all grunn til å vere skeptisk, seier han.

Under eit intervju Gjerstad hadde med Namdalsavisa i 1991, kom det fram at han også hadde snakka om tidlegare president John F. Kennedy sin død før han vart drepen i 1963.

Bibelen åtvarar

– Kva seier Bibelen om synske?

– Bibelen åtvarar mot sånne spådomskunstar, og det tenkjer eg handlar om at dei kan vere feilaktige, og at det derfor er viktig å ikkje orientere livet sitt ut ifrå det. Samtidig reknar Bibelen med at folk kan ha evner som gjer det mogleg å føresjå hendingar i framtida, seier Henriksen.

Ikkje ein unik tanke

Henriksen er ikkje den einaste som er skeptisk til om samanhengen mellom utsegna til Gjerstad og hendinga laurdag.

30 mennesker møtte Snåsamannen – Joralf Gjerstad – for å snakke om hvor viktig det er for kirken å be for mennesker og praktisere helbredelser. Privat møte. Startet med morgenmesse i Snåsa kirke. Samtale etterpå på Snåsa hotell.

Gunnar Tjomlid er forfattar og føredragsholdar og har blant anna skrive boka Placebodefekten – Hvorfor alternativ behandling virker som det virker. Han har tidlegare kritisert media og Margreth Olin, regissør av dokumentarfilmen Mannen fra Snåsa, for å vere for lite kritiske til Snåsamannen.

Søndag seier han i eit blogginnlegg at han sjølv etter det amerikanske presidentvalet i 2016, ved fleire høve, uttalte at det ikkje ville overraske han om Trump vart drepen. Det trur han millionar av andre menneske også har ytra seg om.

Trump har også tidlegare blitt angripe, påpeikar Tjomlid. I juni 2016 vart ein 20 år gammal britisk mann skulda for å ha tatt pistolen frå ein politimann på eitt av Trump sine valkampmøter for å skyte og drepe Trump.

«Med andre ord: Ideen om at Trump måtte leve med høy risiko for å bli drept var ikke akkurat en unik eller sjelden tanke», skriv Tjomlid.

Tjomlid meiner at Gjerstad si utsegn om Trump i 2017 er rein gjetning og at kven som helst kunne ha tippa det same.

Vårt Land har vore i kontakt med Tjomlid, som viser til innlegget sitt.

---

«Snåsamannen»

  • Joralf Gjerstad, også kjent som Snåsamannen, var kjent for sine påståtte synske og lækjande evner.
  • Om lag 50 000 menneske har teke kontakt med Gjerstad i hans levetid, anten over telefon eller ved direkte konsultasjon.
  • I 2017 uttalte Gjerstad seg til Namdalsavisa (NA) om at han trudde den då påtroppande president Donald Trump kom til å verte skoten.
  • Under eit intervju Gjerstad hadde med Namdalsavisa i 1991, kom det fram at han også hadde snakka om tidlegare president John F. Kennedy sin død før han vart drepen i 1963.
  • Gjerstad døydde 18. juni 2021, 95 år gammal.
  • Kjelder: Store norske leksikon og Namdalsavisa

---

Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter