Nyheter

Når overgriparane seier nei til tilgjeving

FOLKEMORD: Overgriparane vil ikkje bli tilgjevne. Då må dei vedgå skuld. Verda får ny minnedag for folkemord.

Srebrenica.

Sefika Mustafic kyssar gravsteinen. Han står på grava til sonen som blei offer for eit folkemord.

Sefika Mustafic kjem til minneparken så ofte ho kan. Her ligg sonen saman med 8.371 andre gutar og menn.

Dei blei myrda og lagt i massegraver av bosnisk-serbiske soldatar i julidagar i 1995, for så å bli spadd opp i månadane som følgde, partert og lagt i nye graver.

Dei blei drepne av éin grunn: Dei var alle bosniarar. Dei var muslimar.

11. juli skal bli den årlege minnedagen for folkemordet som fann stad sommaren for 19 år sidan. I Srebrenica.

Det vedtok FN i mai.

Tyskland og Rwanda var pådrivarar for forslaget. Begge land har røynsle med folkemord.

Det er anslått at mellom 800.000 og 1 million mennesker, de fleste av dem etniske tutsier, ble drept i Rwanda i løpet av våren og sommeren 1994. Foto: Brian Inganga / AP / NTB

«Hogg ned dei høge trea», lydde kommandoen

Holocaust, det industrielle folkemordet på seks millionar jødar, anerkjent av verdssamfunnet som det første folkemordet etter at FN i 1948 vedtok folkemordkonvensjonen.

Nedslaktinga av over 800.000 rwandarar i løpet av 100 dagar våren 1994, folkegruppe stod mot folkegruppe, hutuar drap tutsiar.

Begge folkemord har fått eigne, internasjonale minnedagar, oppretta av FN.

27. januar: Datoen då sovjetiske soldatar frigjorde dødsleiren Auschwitz, 27. januar 1945.

7. april: Datoen då det det lydde over rwandiske radioar «Hogg ned dei høge trea», ein koda kommando som gav hutuane ordre om å drepe alle tutsiar, 7. april 1994.

Eit land protesterte kraftig

FN evna ikkje å samle alle medlemslanda bak vedtaket om å gjere 11. juli til årleg minnedag for Srebrenica.

Etter eit oppheta ordskifte der protestane var mange, vedtok til slutt 84 medlemsland minnedagen, 19 røysta mot og heile 68 land avstod frå å flagge standpunkt.

Serbia stod i front mot resolusjonen. President Aleksandar Vučić hevda at FN, med minnedagen, risikerer å stemple Serbia og det serbiske folket som kollektivt ansvarlege for folkemordet på vel 8.000 bosniarar.

Vučić påpeika at han «allereie har bøygd hovudet og lagt ein blom» ved eit minnesmerke for alle drepne bosniarar.

Borgarkrigen i Bosnia-Hercegovina kosta kring 100.000 menneske livet.

bein

Har nekta i 24 år

For mødrene, som Sefika Mustafic, for søstrene, for døtrene, for enkene, for ofra for ugjerningane som starta 11. juli 1994, er den kommande minnedagen, som skal bli markert årleg, særs viktig.

Minnedagen for Srebrenica stadfestar at folkemordet fann stad.

For det er det mange som nektar for. Framleis.

Difor ønskjer dei heller ikkje å ta imot tilgjevingar. For då må dei godta den vanskelegaste premissen: Dei må vedgå skuld.

Ein talsmann for denne motstanden, er serbaren og presidenten Milorad Dodik. Han styrer halve Bosnia-Herzegonvia, delrepublikken Republika Srpska – og er ein av tre i landets roterande presidentskap.

---

Krigen i Bosnia-Hercegovina

  • Oppløysinga av Jugoslavia starta i 1991, republikkane Slovenia og Kroatia blei sjølvstendige statar.
  • Bosnia-Hercegovina følgde etter i 1992.
  • Serbarane i Bosnia-Hercegovina braut ut og etablerte Republika Srpska, og gjekk til krig.
  • Krigen varte fram til desember 1995, freden kom med Dayton-avtalen.
  • Kring 100.000 mista livet og to millionar blei flyktningar.

---

Massakren er ei «bosnisk myte»

Dodik har hevda at Srebrenica-massakren er oppdikta, og slett ikkje noko folkemord. «Dei bosniske muslimane hadde ingen mytar, så dei vedtok å skape ein rundt Srebrenica», har han hevda.

Men både Den internasjonale straffedomstolen i Haag og FNs krigsbrotsverkdomstol for Det tidlegare Jugoslavia har for lengst slått fast at massakren i Srebrenica var eit folkemord.

Då FNs generalforsamling i mai vedtok å opprette 11. juli som internasjonal minnedag for folkemordet, følgde dei berre opp dommane frå dei to domstolane.

Overgav vel 8.000 menn til døden

Men bakteppet handlar også om svikt. Og med det oppgjer med svikten.

I 1995 låg byen Srebrenica i eit område FN hadde erklært som «sikkert». Her stod ein nederlandsk FN-styrke som skulle verne bosniarar som hadde søkt vern mot framrykkande bosnisk-serbiske hæravdelingar.

Då dei hærtok Srebrenica 11. juli 1995 tok nederlendarane eit steg til sides. Dei overgav vel 8.000 menn til døden.

Ti år etter nedslaktinga tok FN og verdssamfunnet eit sjølvransakande oppgjer: Dei bad om tilgjeving for å ha svikta.

11. juli 2005, i Srebrenica, sa ein representant for FNs generalsekretær Kofi Annan at Srebrenica kjem til å forfølgje verdsorganisasjonen for alltid.

OFF

Fann to brør, men far er sakna

Minnelunden ved Srebrenica blir kvart år utvida. I dag er over 6.600 ofre for massakren gravlagt der.

Torsdag blir 14 nye identifiserte bore inn på minnelunden i grøne kister. Den yngste som blir gravlagt er Beriz Mujic, 17 år i 1995. Hans leivningar blei funne først i mai i fjor. Beriz skal kvile side om side ved broren Hazim, som blei gravlagt i 2013.

Far deira, Omer Mujic, er framleis sakna.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter