– Medlemsveksten er del av bølgja med anti-woke som er i samfunnet. KrFU representerer eit trygt fundament som mange unge kan kjenna seg igjen i.
Det seier KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland til Vårt Land.
Han kan jubla over at KrFs ungdomsparti har fått 257 nye medlemmer så langt i år. Ungdomspartiet er no oppe i 1.512 medlemmer.
Bjuland meiner veksten viser at tradisjonelle kristne verdiar har fått større appell blant unge.
– Mange unge tek eit oppgjer med det politisk korrekte og normlause. Me ser det i diskusjonen om aukande kriminalitet, normaliseringa av narkotika og at barn lærer på skulen at dei må finna ut kva kjønn dei tilhøyrer.
Medlemsveksten er del av bølgja med anti-woke som er i samfunnet.
— KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland
Ambisjon: Bli blant dei største ungdomspartia
KrFU er open for medlemmer i aldersgruppa 13 til 33 år. Medlemmer i ungdomspartiet blir automatisk medlem i moderpartiet.
– KrFU står for ein stor del av rekrutteringsarbeidet for KrF. Me får inn nye, unge medlemer til partiet, seier Bjuland.
---
Medlemstal i KrFU
- Vårt Land har henta inn nye medlemstal frå KrFU. Ungdomspartiet er no oppe i 1.512 medlemmer.
- Ved utgangen av 2023 hadde KrFU 1.264 medlemmer. Frå 1. januar til 8. juli i år har KrFU fått 257 nye medlemmer.
- KrFs ungdomsparti har opplevd vekst sidan 2021, der dei ved utgangen av året hadde 1.120 medlemmer.
---
Til samanlikning hadde Frps ungdomsparti 1.851 medlemmer ved starten av året. FpU ønsker ikkje å gje oppdaterte medlemstal, men opplyser til Vårt Land at talet per no held seg stabilt som ved årsstart.
– Det er nærliggande å tenka at me kjem til å ta igjen FpU, når me har auka med over 250 medlemmer berre til no i år. Vår ambisjon fram til 2025 er å bli blant dei største ungdomspartia, seier Hadle Rasmus Bjuland.
Medlemsvekst utan TikTok
Under skulevalet i fjor gjorde høgresida det godt. Ungdomspartias bruk av sosiale medium-plattforma TikTok vart trekt fram som ein del av suksessoppskrifta.
FpU-leiar Simen Velle vart kalla TikTok-kongen og har ein langt tydelegare profil på appen enn KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland.
Medan videoane til FpU-Velle har fått rundt 560.000 likar-klikk, må KrFU-Bjuland nøya seg med under 10.000 likar-klikk. Han har også lagt ut langt færre videoar.
– Viser dei nye medlemstala at det ikkje er nok å vera konge på TikTok?
Hadle Rasmus Bjuland ler.
– Eg og Simen Velle er nok ganske ulike på TikTok. KrFU er veldig i startfasen, men me skal vera meir synlege på TikTok framover.
Den kinesiske appen for videodeling har skapa debatt. Fleire politikarar vil forby eller avgrensa TikTok i Noreg.
– Så lenge det er lovleg og unge bruker det som nyheitsapp, så tenker eg at me må vera der, seier Bjuland.
Siktar seg mot andreplass på stortingsliste
Bjuland har møtt som vara for partileiar Olaug Bollestad i Stortinget fleire gonger dei siste åra. Bollestad har ved fleire høve vore sjukmeld, no sist i juni i år.
Han har stilt seg til disposisjon for andreplassen på Rogaland KrFs liste til stortingsvalet 2025, etter Olaug Bollestad.