Sykkelesset sa ja til biskopens farlege oppdrag

NASJONALHELT: Gino Bartali var verdas beste syklist. Han tagde om den største sigeren.

Han fekk kallenamnet Gino le Pieux, Gino den fromme.

Han blei omtalt som kongen av sykling.

Han var mellom Italias mest meritterte proffsyklistar.

Hans stjernestatus gjorde at ein kardinal gjesta bryllaupet og at paven velsigna ekteskapet.

Han har fått eit eige museum i heimbyen Firenze, Museo del Ciclismo Gino Bartali, byen som var startstad for årets Tour de France, verdas viktigaste sykkelløp, som alle proffsyklistar higar etter å vinne. Anten ein etappe, eller samanlagt.

Gino Bartali klarte begge delar. Samstundes redda han liv.

Du gjer gode gjerningar, du snakkar ikkje om dei

—  Gino Bartali

Broderte blonder saman med mor

Med oppsparte pengar kjøpte han den første sykkelen som 11-åring. Snart sykla unge Gino lengre turar enn vegen mellom heimen og skulen.

Han blei fødd i svært enkle kår. Ingenting varsla at han skulle bli landets fremste stjerne på to hjul.

Gino Bartali blei fødd i Ponte a Ema, ein liten landsby som er ein del av storbyen Firenze. Far var dagarbeidar, mor var landarbeidar og spedde på familieinntekta med å brodere.

Sonen måtte hjelpe mora, på åkeren og med stinga.

TRENING: Under andre verdskrig var Gino Bartali sykkelordonanse i hæren, slik fekk han ingen avbrot i treninga. Gino Bartali pryda sykkelkort i Italia, som blei samleobjekt.

Slo franske ryttarar i Frankrike

Årets Tour de France rulla ut frå Firenze, nesten på dagen 110 år etter at Gino Bartali blei fødd – og 80 år etter at han risikerte livet, utan startnummer på brystet.

Talent og trening gav resultat for Gino Bartali. 17 år gammal vann han sitt første løp. Fire år seinare blei han profesjonell syklist. Utover på 1930-talet kom dei gjævaste sigrane, etappar i Giro d’Italia – eller Italia rundt, og i 1936 og 1937, samanlagtvinnar i Giroen.

Sykkeklassikaren Tour de France blei rulla i gang i 1903. Lenge var løpet dominert av franske og belgiske ryttarar, med ein nederlendar eller to innimellom.

I 1938 blei Gino Bartali ei legende. Han vann Tour de France, med 18 minutt ned til nummer to – og han blei første rytter til å vinne både klatretevlinga og gul trøye.

Nekta å hylle Il Duce, heidra heller kyrkja

Men i heimlandet vanka det ikkje noko offisiell mottaking av ryttaren.

Gino Bartali nekta nemleg å heidre Italias sterke mann, fascisten Benito Mussolini, som hadde styrt landet sidan 1922.

Tour de France-vinnaren hadde ingen sympati for regimet til Il Duce. Difor dedikerte han ikkje sykkelsigeren i Frankrike til Mussolini, slik tradisjonen kravde; ein skulle fremje og heidre den italienske rasen.

Katolikken dedikerte sigeren til den katolske kyrkja, som hadde ein stor plass i livet hans. Kvar gong Tour de France gjesta Lourdes, gjekk Bartali til messe i den verdskjende, franske pilegrimsbyen.

Tour

Mussolini innførte strenge raselover

1938 blei eit mørkt år for Italias jødar. Benito Mussolinis allierte i Tyskland, Adolf Hitler, pressa på – og Il Duce gav etter.

Italia fekk antisemittiske raselover. Jødar blei fjerna frå offentlege jobbar og frå media, det kom forbod mot ekteskap mellom jødar og ikkje-jødar og jødar av utanlandsk nasjonalitet blei fengsla.

I 1940 erklærte Italia krig mot Frankrike og Storbritannia.

Gino Bartali blei soldat. Men ein ujamn hjartelyd hindra ryttaren i å bli sendt til fronten. Bartali blei sykkelordonanse.

I krigsåra fekk han gjere det han var aller best til: Sykle. Italia rundt.

---

Gino Bartali

  • 1914–2000
  • Italiensk proffsyklist.
  • Ranka som verdas beste syklist i sju sesongar.
  • Vann Tour de France to gonger, Giro d’Italia tre gonger, Milano-Sanremo fire gonger, 12 etappesigrar i Tour de France, 17 i Giro d´Italia, pluss ei lang rekkje ritt.
  • Tour de France er verdas gjevaste sykkelritt, starta i 1903.

---

Kardinal bad om farlege oppdrag

Tre år ut i krigen kom møtet som gjorde syklisten til helt i Israel, 50 år seinare.

Erkebiskopen av Firenze, kardinal Elia Dalla Costa, prelaten som hadde gjesta bryllaupet, og blei ven med brudgommen, bad om ein samtale med Bartali. Han hadde ein plan.

Dalla Costa var kjent som både antifascist og antikommunist – og blei etter verdskrigen kjent for å ha organisert gøymestader for italienske jødar, og for å ha skaffa falske dokument til jødar som risikerte å bli arresterte og sendt til utryddingsleirar.

Han fekk kallenamnet «den miskunnsame kardinalen».

I 1943 meinte Elia Dalla Costa at Bartali var rett mann til rett oppdrag.

For han var alltid ute på vegen, på sykkelen. Han trente, og han sykla ordonanseoppdrag.

legende

Løynde livsviktige papir inni sykkelen

Gino Bartali takka ja. Som kristen opplevde han oppdraget som langt viktigare enn å sikre sigrar og skinande pokalar.

Han byrja å sykle Nord-Italia på kryss og tvers med falske pass og reisedokument, som blei produserte i kloster av nettverket til kardinalen.

Bartali gøymde dei livsviktige dokumenta slik at det var uråd å finne dei.

Han løynde dei i den hole sykkelramma.

Når Bartali blei stoppa på kontrollpostar, bad han soldatar og politi om ikkje å røre sykkelen, for som han sa; alt på sykkelen var stilt inn for å gje maksimalt utbytte av treninga, og kunne bli skipla om nokon byrja å sjekke sykkelen.

Og ingen våga å utfordre ein syklande nasjonalhelt.

Dersom du er god i ein sport, festar dei medaljane til skjorta di, og så skin dei på eit museum. Det å gjere gode gjerningar er knytt til sjela og skin andre stadar

—  Gino Bartali

Kom ut av krigen med styrke, vann på nytt gul trøye

Tilhøva for Italias jødar blei ille i 1943. Il Duces regime kollapsa, Tyskland okkuperte Nord-Italia og Mussolini blei styrar i ein tysk vasallstat. 10.000 jødar blei deporterte til konsentrasjonsleiarar, 7.000 mista livet.

Men mange klarte å styre unna dei tyske fangarmane. Dei fekk falske identitetspapir som viste at dei ikkje var jødiske.

Så mange som 600 skal ha fått dei frå sykkelbodet Gino Bartali.

I eit tilfelle tok han sjølv stor risiko. Han løynde ein jødiske familie i eige husvære i tyskkontrollerte Firenze.

I august 1944 blei Firenze frigjort av allierte styrkar. Familien Goldenberg kunne komme fram frå gøymestaden. Gino Bartali kunne sykle utan hemmeleg og livsfarleg last.

I 1948 stod han igjen øvst på det gjævaste podiet. Han vann Tour de France. Han vann den gule trøya. Igjen.

Ingen har vunne rittet med så mange år mellom sigrane.

ÆRE

Tagde om åra som redningsmann

Gino Bartali valde å teie om dei mange og lange sykkelturane som redda jødiske liv. Han snakka meir om at han hadde lært to pavar å sykle.

Berre sonen Andrea Bartali fekk små drypp frå farens krigsinnsats. Som orda om heider:

«Dersom du er god i ein sport, festar dei medaljane til skjorta di, og så skin dei på eit museum. Det å gjere gode gjerningar er knytt til sjela og skin andre stadar.»

Først då Bartali døydde i 2000, kom bit for bit av hans redningsaksjonen for dagen, i bøker, i filmar.

I Israel vekte bragdene til den italienske katolikken sterk åtgaum. I 2013 blei han posthumt tildelt ei utmerking.

Rettskaffen mellom nasjonane er oppretta av Yad Vashem i Jerusalem, Israels offisielle minnesmerke for jødane som blei drepne i Holocaust – og for dei som prøvde å hjelpe.

«Du gjer gode gjerningar, du snakkar ikkje om dei.»

Sa Gino Bartali.

Kjelder: Museo del Ciclismo Gino Bartali, letour.fr, Forbes, BBC, encyclopedia.ushmm.org, Yad Vashem, crankpunk.com, hmd.org.uk

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter