Nyheter

Ny studie: Framtidige born si helse påverkast av far sitt kosthald

HELSE: Førebyggjande helsetiltak for menn som ønskjer å bli fedre, bør få merksemd, ifølgje forskarar. Nestleiar i KrF Ida Lindtveit Røse synest studien er interessant.

Ein ny studie, publisert i tidsskriftet Nature, har sett på menn sitt kosthald i forkant av unnfanging. Forskarar har funne ein samanheng med fedrar sine ete-og drikkevanar og helsa til borna deira, ifølgje NTB.

Studien viste blant anna at di sunnare kosthald far hadde, di lågare var risikoen for at borna vart overvektige, eller utvikla livsstilssjukdommar.

Doktor Raffaele Teperino ved forskingssenteret Helmholtz München har leia prosjektet. Han seier forskingsresultata visar at det burde utviklast program for førebyggjande helsetiltak for menn, og spesielt med tanke på kosthald, ifølgje forskingssenteret sine heimesider.

– Dette kan redusera risikoen for sjukdommar som fedme og diabetes hjå born, seier Teperino på forskingssenteret sine nettsider.

Mange opptekne av forsking

Ida Lindtveit Røse nestleiar i Kristelig Folkeparti meiner at forskinga i seg sjølv er ein måte å førebyggja på.

– Eg synest jo det er interessant funn, me har veldig stort fokus på kvinner og kosthald under og etter svangerskap. Dette viser kanskje at me må vie meir merksemd til menn sitt kosthald også. Eg tenkjer det er viktig å ha eit generelt fokus på god folkehelse og gje alle moglegheita til å ete sunt og variert, seier ho.

Ida Lindtveit Røse (KrF) kombinerer småbarnsliv med politikken. Medlem av fylkestinget i Viken for KrF.

– Treng me å styrkja kunnskap om fedrane si rolle i utvikling og helse hos born?

– Eg trur me må vera opptekne av at me treng tydlege råd, det kan vera vanskeleg å forholda seg til ulik informasjon om kosthald, seier ho og legg til:

– Berre det at me har denne studien er viktig, for veldig mange kommande mødrer og fedrar er veldig opptekne av å lesa seg opp på forsking og følgja dei råda som vert gitt.

– Nordmenn opptekne av sunnheit

Even Røed, medlem av Helse- og omsorgskomiteen (Ap) på Stortinget, meiner forskinga er viktig, men at nordmenn stort sett er opptekne av å leva sunt.

– Resultata i denne studien viser at førebyggjande helsetiltak for menn som ønskjer å bli fedrar, bør få meir merksemd, seier eine forskaren. Kva tenkjer du om det?

– Fyrst og fremst er det bra at det kjem ny forsking på området. I Norge er me generelt opptekne av å eta sunt, og den forskinga som kjem vil vera ein del av avgjerdsgrunnlaget når me utarbeider nye helseråd, seier Røed.

– Kva tenkjer du om at fedrar si rolle i born si utvikling og helse har vore lite studert til no?

– Eg tenkjer at det er ein naturleg utvikling at me no forskar på både kvinner og menn sin helsesituasjon. Det er fint at me har fått god kunnskap om kvinner, og no får me også vita meir om menn si rolle i born si utvikling, som gjer at me kan bruka den kunnskapen i framtida, seier han.


Tuva Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes

Tuva Bull Hjeltnes er journalist tilknyttet nyhetsavdelingen i Vårt Land

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter