Nyheter

Nazi-jeger vrakar jødekritisk leiar, går for ytre høgre-parti

FRANKRIKE: Ho er 12 år. Ho fortel at ho blei valdteken, fordi ho er jøde. Hendinga rystar fransk politikk, og kjent nazi-jeger varslar val som sjokkerer.

To hendingar skakar Frankrike, som skal velje ny nasjonalforsamling i juni og juli.

Hendingane heng nøye saman. Dei finn stad i landet som er heim for det største jødiske samfunnet i Europa.

Først ei påstått valdtekt.

Så eit politisk val som gjev gjenlyd.

– Det er ei bombe for franske jødar, seier Frankrike-kjennar Tom Holta Heide til Vårt Land. Teologen har budd og arbeidd i Frankrike i over 40 år.

Det er ikkje eit sjokk berre mellom franske jødar, men i heile opinionen

—  Tom Holta Heide, Frankrike-kjennar

Sikta for gjengvaldtekt, antisemittiske krenkingar og drapstruslar

Ei 12 år gammal jente i ein forstad i Paris, Courbevoie, blir oppsøkt av tre unge gutar i ein park.

Ho fortel politiet at dei tre dreg henne inn i eit skur. Gutane er 12 og 13 år.

I skuret slår dei henne, før dei så valdtek henne, etter tur.

Ho fortel politiet at under valdtekta kjem dei med hatefulle, antisemittiske ytringar og trugsmål om drap.

Hendingane i Courbevoie fann stad 15. juni. To dagar seinare arresterer fransk politi tre gutar, ein på 12 og to på 13 år, og sikta dei.

13-åringane er sikta for gjengvaldtekt, antisemittiske krenkingar og drapstruslar. 12-åringen er ikkje sikta for valdtekt. Han skal ha filma valdtekta.

plakat

Nazi-jeger ser mot ytre høgre

Hendingane i Courbevoie er bakteppet når den kjende og anerkjende nazijegeren Serge Klarsfeld kastar ein brannfakkel inn i valkampen.

Han vil stemme på ytre høgre-partiet Nasjonal Samling ved parlamentsvalet dersom han berre har valet mellom dei og venstrealliansen.

Systemet med fleirtalsval gjer at ein ofte må stemme på den «minst verste» kandidaten I andre valrunde.

Saman med kona Beate har advokaten og historikaren Serge jakta på nazistar frå krigen i 60 år. Dei er kanskje mest kjent for å ha fått fatt i Klaus Barbie, kalla slaktaren frå Lyon.

Ekteparet er svært respekterte i Frankrike. I mai blei dei heidra av presidenten med nok ei utmerking.

Tom Holta Heide fortel at Klarsfeld utspel skaper gjenlyd i Frankrike:

– Då blei det ramaskrik, seier han og legg til:

– Det er ikkje eit sjokk berre mellom franske jødar, men i heile opinionen.

Straffa for syn på Holocaust

Klarsfelds poeng er at det er ytre venstre som er antisemittiske, det er dei som skifta leir. Han meiner at ytre høyre, altså partiet Marine Le Pen leiar, ikkje lenger er farleg for Frankrikes jødar.

Som det var då Jean Marie Le Pen, partiets grunnleggjar og Marines far, var leiar.

Jean Marie le Pen er straffa for å ha komme med Holocaust-nektande påstandar, som denne: «Eg stiller meg sjølv fleire spørsmål. Eg seier ikkje at gasskamra ikkje eksisterte. Eg har ikkje sett dei sjølv. Eg har ikkje studert spørsmålet spesielt. Men eg trur det berre er ein detalj i historia om andre verdskrig. Han har også sagt at så mange som seks millionar jødar ikkje blei drepne.

Sterk vekst i antisemittisme i Frankrike

Hendingane i Courbevoie opprører Frankrike. Sist torsdag gjekk det demonstrasjonstog med franske jødar gjennom Paris der dei bar plakatar med bodskapen «liva våre er meir verdt enn ei importert konflikt».

Dei viser til veksten i antisemittiske hendingar og ytringar særleg etter 7. oktober 2023.

Jødehatet er blitt svært synleg. Innanriksdepartementet har talt opp:

Registrerte antisemittiske saker har auka med 284 prosent frå 2022 til 2023.

Av 1.676 saker, fann 12,7 prosent stad i skulen.

President Emmanuel Macron er opprørt. I eit regjeringsmøte skal han ha uttalt at franske skular er trua av «den antisemittiske plaga».

Mélenchon bør skamme seg, seier justisminister

Macron har tillyst parlamentsval 30. juni og 7.juli. Hans fremste motstandar på venstresida, Jean-Luc Mélenchon, strevar med å ta den veksande antisemittismen i landet på alvor.

Som leiar av dominerande partiet på venstresida, La France Insoumise (LFI), nekta Mélenchon i november å gå i ein støttemarsj for Frankrikes jødar, og no i juni gjekk han ut og sa at det få spor av at den historiske antisemittismen vender tilbake.

Difor blir det retta harde skuldingar mot venstresida og Mélenchon i kjølvatnet av hendinga i Courbevoie.

Mélenchon bør skamme seg, for han nørar eit antisemittisk bål, meiner justisminister Éric Dupond-Moretti.

French President Emmanuel Macron, left, gestures after he honored Beate Klarsfeld, front right, and Serge Klarsfeld, front left, with the highest French Order of Merit at the French Embassy in Berlin, Germany, Monday, May 27, 2024. (Kay Nietfeld/DPA via AP, Pool)

Franske jødar kan gjere det utenkjelege

– Kva betydning vil Serge Klarsfelds utspel få?

– Det kan få folk med sympati for jødanes sak til å avstå frå å stemme på venstrealliansen, seier Holta Heide.

– Fleire vil gjere det utenkjelege; stemme på ytre høgre.

Tom Holta Heide fortel at no blir merkelappen «jøde» brukt i ordskifter, og at der eit tema at nokon er jødisk.

– Det har me ikkje sett sidan 30-talet. Det er nedstemmande. Her i Frankrike er me vane med at religionane og folk sitt etniske opphav blir suva i bakgrunnen. Det er menneskerettar og fridom for alle som er viktig.

Tom Holta Heide, oversetter og teolog

Allianse på venstresida

Før valet 30. juni og 7.juli har parti på venstre fløy samla seg i ein ny allianse, i von om å vinne veljarar.

Det er ytre venstrepartiet LFI (Det ukuelege Frankrike), sosialistane, kommunistane og dei grøne som går saman.

Alliansen meiner samarbeid må til for å overvinne Marine Le Pens Nasjonal Front (RN), som blir leia av Jordan Bardella.

LFI blir leia av Jean Luc Mélenchon, og partiet er det største i alliansen. Han har sidan i fjor haust komme med fleire utspel om jødar og Israel.

Tom Holta Heide seier Mélenchon ønskjer å appellere til Frankrikes sju millionar som er muslimar. Frankrike har den største muslimske folkegruppa i Europa, cirka 7 millionar.

Ytre venstre-lederen Jean-Luc Mélenchon fikk stor oppslutning i presidentvalgets første runde. Verre gikk det med Sosialistpartiets kandidat Anne Hidalgo. Foto: Michel Spingler / AP / NTB

---

Val i Frankrike

  • 30. juni og 7. juli skal det veljast ny nasjonalforsamling i Frankrike.
  • Jordan Bardella leiar Nasjonal samling, og er statsministerkandidat.
  • President Emmanuel Macron har bedt andre franske parti om å gå saman for å hindre at Nasjonal samling får regjeringsmakt.
  • Ved valet til nytt EU-parlament i mai fekk Nasjonal samling over dobbelt så stor oppslutning som Macrons koalisjon
  • Macron lyste ut val etter nederlaget i EU-valet.
  • Dersom eit parti eller ein allianse ikkje får meir enn 50 prosent av stemmene i første valomgang, blir det ein andre runde. Det skjer sjeldan.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Une Bratberg

Une Bratberg

Une Bratberg er utenriksjournalist og kommentator i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter