Helga Pedersen vil ut av politikken. Den tidlegare Ap-toppen har søkt det ledige embetet som statsforvaltar i Norges to nordlegaste fylke.
Fram til kommunevalet i fjor var Pedersen ordførar i heimkommunen Tana i fire år.
Før ho blei stortingsrepresentant, fiskeriminister i Jens Stoltenbergs regjering og nestleiar i Ap, var Pedersen fylkesordførar i Finnmark.
Rett før jul i fjor byrja Pedersen i ny jobb, den tidlegare sauebonden blei organisasjonssjef i Finnmark Bondelag.
Vurderte nasjonalt comeback
For vel eit år sidan blei Helga Pedersens namn spelt inn i striden om kven som skulle leie Arbeidarpartiet. Opptakten til Aps landsmøte i fjor vår blei prega av bråk rundt valet av ny partileiing. Ein samla valkomité hadde innstilt på at Kjersti Stenseng skulle halde fram partisekretær.
Helga Pedersen signaliserte at ho vurderte å stille som motkandidat, men trekte seg rett før valet etter å ha blitt ringt opp av statsminister Jonas Gahr Støre kvelden før.
Får konkurranse frå tre menn
Fem har søkt stillinga. Ein søkjar har trekt seg, melder Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som har ansvaret for statsforvaltarane.
Dei tre andre søkjarane er:
- Ivar B. Prestbakmo, statssekretær for Senterpartiet i Kunnskapsdepartementet.
- Runar Sjåstad, stortingsrepresentant for Ap frå Finnmark.
- Håvard Sellæg Aagesen, advokat.
Statssekretær og folkevald vil også ha embetet
Ivar B. Prestbakmo var fast møtande vararepresentant til Stortinget for Troms, og møtte på Tinget så lenge Sandra Borch var statsråd.
Tidlegare i år blei Prestbakmo statssekretær i Kunnskapsdepartementet for minister for høgare utdanning og forsking, Oddmund Hoel.
Runar Sjåstad er Ap-topp frå Finnmark. Sidan 2017 har han hatt sete på Stortinget. I åtte år, 2007–2017, var han fylkesordførar i Finnmark.
Har fortid i Høgre
Dagens statsforvaltar, Elisabeth Aspaker, blir pensjonist ved årsskiftet. Fram til ho blei fylkesmann i 2014, var Aspaker statsråd i Erna Solbergs regjering.
Det er digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) som skal finne ny statsforvaltar i nord.