Nyheter

Naoroz fekk hjelp i Norge i 2007. I 2024 vil ikkje regjeringa svare på bønn om hjelp for Gaza-barn

EVAKUERING: Jonas Gahr Støre var rask med å fly brannskadd afghansk jente til Norge. Regjeringa nølar med å evakuere skadde frå Gaza. Akkurat som dei brukte lang tid på såra Ukraina-soldatar

Norge blei utfordra i april:

Kan Norge evakuere skadde frå Gaza, som treng medisinsk behandling som følgje av krigen mellom Hamas og Israel? Som skadde barn?

I juni har Støre-regjeringa framleis ikkje svart, fortalde Vårt Land onsdag.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har bede EU-land om å ta imot opptil 9.000 pasientar frå Gaza.

Appellen frå WHO gjekk ut 22. april i år. I brevet ber WHO land som er villige til å hjelpe, om å ta kontakt med EU. WHOs brev gjekk også til Norge.

HJELP

Blei med til Norge, reiste heim etter fire veker

I 2007 var dagens statsminister utanriksminister. På eit besøk hjå norske soldatar i Afghanistan blei Jonas Gahr Støre (Ap) nappa i armen av militærlegen Terje Erlid i Maimana i Nord-Afghanistan.

Kan du ta med deg Naoroz Gulandeer til Norge for behandling?

Militærlegen hadde funne tiåringen på det lokale sjukehuset. Ho var sterkt brannskadd etter ei ulukke og hadde så vidt overlevd ein seks timar lang og skranglete kjøretur frå landsbyen Gurziwan til Maimana.

Med djupe brannskadar i hovud og overkropp var det lite som tyda på at ho ville overleve.

Jonas Gahr Støres vurdering der og då blei at han rydda plass til Naoroz på det innleigde flyet.

Ho skulle bli evakuert. Ho skulle få behandling på Norges fremste sjukehus for brannskadde, Haukeland i Bergen, så skulle ho sendast heim til familien i Afghanistan.

Etter fire veker var ho tilbake hjå mor og far.

Bakhmut ligger i Donetsk øst i Ukraina. Kampene om byen, som nå ligger i ruiner, har vart siden i fjor sommer. Her får ukrainske sårede soldater behandling på en vei i nærheten av byen. Arkivfoto: Boghdan Kutiepov / AP / NTB

Regjeringa fekk fire førespurnader

15 år seinare invaderte Russland Ukraina. Våren 2022 utfordra EU Norge:

Kan de tilby medisinsk evakuering av skadde ukrainske soldatar?

Bøna om hjelp kom via EUs ordning for sivil beredskap.

Våren 2022 fekk Støre-regjeringa heile fire førespurnader. 23. april, 5., 7. og 10. mai, opplyste justisminister Emilie Mehl (Sp) i eit skriftleg svar til Stortinget.

Først i slutten av mai blei det klart: Norge skulle ta i mot såra ukrainske soldatar til behandling på norske sjukehus, for å avlaste det hardt pressa helsevesenet i Ukraina.

VG avslørte at fire departementer hadde drøfta om det var mogleg å hente soldatar frå eit land i krig.

Regjeringa sa først ja, så nei, så ja

Då Direktoratet for samfunnssikkerhet- og beredskap (DSB) sjekka med Utanriksdepartementet om Norge kunne svare ja på førespurnaden, var svaret frå utanriksminister Anniken Huitfeldts (Ap) departement ja.

Men i justisminister Emilie Mehls (Sp) departement var svaret nei.

Norge hadde ikkje røynsle med å ta imot såra utanlandske soldatar under ein krig, var haldninga.

Saka blei så drøfta i Utanriksdepartementet, Justisdepartementet, Helsedepartementet og Forsvarsdepartementet.

Høgre mista tolmodet og hasteinnkalla justisminister Mehl til Stortinget for å få ei avklaring.

I regjeringa var det uklart kven som skulle svare Stortinget; justisminister Mehl eller helseminister Ingvild Kjerkol (Ap)?

Statsminister Støre skar gjennom før møtet i Stortinget starta. Norge skulle evakuere såra ukrainske soldatar.

Dei første soldatane landa i Norge i juni 2022.

KLINIKK

Regjeringa har drøfta i to månader

Våren 2024 vurderer Støre-regjeringa på nytt ein førespurnad om medisinsk evakuering:

Kan Norge evakuere skadde frå Gaza, som treng medisinsk behandling som følgje av krigen mellom Hamas og Israel?

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp) skriv via kommunikasjonsavdelinga at spørsmålet blir drøfta:

«Regjeringen vurderer hvorvidt pasienter fra Gaza vil kunne flys med norsk evakueringsfly til Europa for videre medisinsk behandling, i tråd med anmodningen fra WHO. Regjeringen vurderer også om vi kan ta imot et begrenset antall palestinske pasienter i Norge for behandling. Dette arbeidet er pågående og prioriteres høyt. De berørte departementene er i kontinuerlig kontakt med EU og WHO.»

Regjeringa rosar seg sjølv

Støre-regjeringa skryt av eigen evakueringsinnsats i Ukraina:

«Siden august 2022 har Norge tilbudt faste ukentlige flyvninger til europeiske land for å evakuere ukrainske pasienter. Det har blitt beskrevet av EU-kommisjonen som en bærebjelke i Europas sivile støtte til Ukraina», skriv tre departement på regjeringen.no, Utanriks, Helse og Justis.

Statsrådane Espen Barth Eide (Ap), Jan Christan Vestre (Ap) og Emilie Mehl (Sp) er nøgde med eigen innsats.

«Fortsatt er det kun Norge som tilbyr luftbåren medisinsk evakuering på fast basis på vegne av andre europeiske land», melder dei tre departementa.

Venstre-Raja ber regjeringa få opp farten og svare ja

Seks EU-land har til no sagt ja til evakuere skadde frå Gaza, får Vårt Land opplyst i EU-kommisjonen.

– Det er rart å sjå at Norge let seks andre land gå føre i å tilby evakuering frå Gaza. Kva er det me ventar på? sa Abid Raja i Venstre til Vårt Land torsdag.

Han har engasjert seg i saka rundt evakuering av barn frå Gaza.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter