Nyheter

Abid Raja om Gaza-evakuering: – Kva ventar Noreg på?

KRIG: Seks EU-land har sagt ja til å evakuera skadde sivile frå Gaza. Noreg bør bli land nummer sju, seier Abid Raja i Venstre. MDG meiner regjeringa sleper beina etter seg.

– Det er rart å sjå at Noreg let seks andre land gå foran i å tilby evakuering frå Gaza. Kva er det me ventar på?

Det seier Abid Raja i Venstre. Han har engasjert seg i saka rundt evakuering av barn frå Gaza.

Det vil vera pinleg om Noreg ikkje melder seg som frivillig. Det vil nesten ikkje vera til å leva med.

—  Abid Raja i Venstre

I går kunne Vårt Land melda at seks EU-land har meldt seg frivillig til å hjelpa til med medisinsk evakuering frå Gazastripa. Noreg er førebels ikkje mellom landa som har meldt interesse. Mange av dei som står på lista for evakuering, er barn.

No ber Abid Raja regjeringa om å koma på bana.

– Noreg bør bli det sjuande landet som seier ja til å hjelpa. Det vil vera pinleg om Noreg ikkje melder seg som frivillig. Det vil nesten ikkje vera til å leva med.

Viser til Noregs rikdom og rolle i konflikten

Verdas Helseorganisasjon (WHO) har bede EU-land om å ta imot opptil 9.000 pasientar frå Gazastripa.

I appellen, som vart sendt ut 22. april, ber WHO land som er interesserte, om å kontakta EU. Det er frivillig å tilslutta seg eit slikt program for medisinsk evakuering.

Abid Raja seier Noreg har ei spesiell rolle i verda.

– Noreg er verdas rikaste land og me har vore ein viktig aktør i Israel-Palestina-konflikten. Det forpliktar.

– Gaza ligg no i ruinar. Sett at Noreg hentar barn hit for medisinsk behandling, kva tenker du vil skje med dei, når dei er blitt friske?

– Først må me hjelpa dei, så får me sjå an kva me gjer. Det er ikkje urimeleg at nokon av barna kan få bli i Noreg for å leva fredelege liv. Men det er ikkje eit aktuelt spørsmål her og no, me kan ikkje driva med slike kalkuleringar. Dette er ikkje eit sjakkspel, seier Raja.

UNRWA-sjef Philippe Lazzarini sier «vi risikerer å ofre en hel generasjon av barn på Gazastripen» hvis de ikke får trygghet og skolegang. Her fra et sykehus sentralt på Gazastripen tidligere i juni. Foto: Saher Alghorra / AP / NTB

Regjeringa vurderer å hjelpa på to måtar

Utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim (Sp) har opplyst til Vårt Land at regjeringa vurderer å tilby to typar hjelp:

  • Transport med norsk evakueringsfly av pasientar frå Gaza til Europa for vidare medisinsk behandling.
  • Mottak av eit avgrensa tal på palestinske pasientar i Norge for behandling.

Tvinnereim har via kommunikasjonsavdelinga opplyst at arbeidet går føre seg og blir prioritert høgt. Ministeren legg vekt på at det viktigaste er å sørga for at helseinstitusjonane i Gaza blir beskytta og kjem i drift igjen.

MDG: – Utruleg kor lang tid regjeringa brukar

Før jul føreslo Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) å henta krigsskadde barn frå Gaza til Noreg for å gje dei medisinsk behandling her.

I diskusjonen på Stortinget gjekk MDG saman med Venstre, SV og Raudt om å be regjeringa ta initiativ til evakuering til Europa av særskild skadde palestinarar som ikkje kan behandlast i Gaza, og sjølv ta imot krigsskadde for medisinsk behandling i Noreg.

MDGs Lan Marie Berg gir seg i politikken. Arkivfoto: Annika Byrde / NTB / NPK

Forslaget fekk støtte frå Pasientfokus. Regjeringspartia, Høgre, Framstegspartiet og KrF stemte imot.

Nestleiar Lan Marie Berg er glad regjeringa no vurderer slik evakuering, men:

– Regjeringa sleper beina etter seg. Det er utruleg kor lang tid regjeringa brukar på å koma i gang. Hadde dei stemt for MDGs forslag i haust, så kunne dei første palestinske pasientane allereie vore evakuert.

Frp støtter ikkje å henta palestinske pasientar. Erlend Wiborg, innvandringspolitisk talsmann, seier til VG:

– Frp støttar ikkje å henta såra palestinarar til Noreg for medisinsk bistand. Me meiner det er ein langt betre bruk av ressursar å eventuelt hjelpa til med medisinsk utstyr, personell og behandling, der pasienten er.

Noreg blant dei beste i klassen på Ukraina-evakuering

Tysdag denne veka stilte Abid Raja spørsmål til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap). Der viser han til at over 14.000 barn er drepne i Gaza dei siste åtte månadane.

Raja spør om Noreg vil vurdera å ta i mot skadde eller sjuke barn for medisinsk behandling i Noreg.

I spørsmålet trekker han fram Noreg si rolle i den medisinske evakueringa frå Ukraina. Ifølgje regjeringa er Noreg mellom landa som har teke imot flest pasientar frå Ukraina.

Raja skriv at Noreg har vore eit føregangsland i krigen i Ukraina, og at no er det behov for å gjera det same i Gaza.

– Kan det sende eit signal til det norske folk, om me evakuerer frå Ukraina men ikkje Gaza?

– Ja, om me ikkje evakuerer frå Gaza samstundes som mange land i Europa er villige til å hjelpa. Mange i Noreg legg merke til korleis me reagerer i konflikt til konflikt.



Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Mer fra: Nyheter