Han fekk usynlege sår av 47 skot i skogen

80 ÅR SIDAN D-DAGEN: Andre verdskrig er slett ikkje slutt. Til slutt sprakk byllen for den gamle motstandsmannen.

Edmond Réveil kjenner alderen tyngjer i 2019. Han er 93 år.

Han ber ei ekstra tung bør, ei bør som har knuga han sidan 1944.

Edmond Réveil bestemmer seg. Han må snakke på neste møte. Folk må få vite kva som skjedde den 12. dagen i juni.

6. juni 1944 er starten på slutten av andre verdskrig. På D-dagen byrja den allierte invasjonen og frigjeringa av Frankrike. 300.000 soldatar bryt gjennom atlanterhavsvollen til dei tyske styrkane.

6. juni 2024 står dei alliertes statsleiarar på invasjonsstrendene i Normandie, for å markere at det er 80 år sidan Hitler-Tysklands soldatar blei jaga tilbake til Berlin, tilbake til det endelege nederlaget.

Saknar ein far, ein bror, ein onkel

Ein statsleiar kjem til Normandie i vissa om at lagnaden til mange av hans landsmenn er ukjent.

I forbundskanslar Olaf Scoltzs heimland er framleis rundt ein million soldatar som kjempa for Adolf Hitler sakna. I Tyskland blir soldatar som har vore sakna sidan verdskrigen framleis spora opp.

Familiar får omsider vite kva som skjedde med ein far, ein bror, ein onkel. Den lenge sakna blir lagt i ei grav. Ein sirkel blir slutta.

Deutsche Rote Kreutz Suchdienst gjer jobben, med støtta frå Innanriksdepartementet – og med gode resultat. Årleg finn søkjetenesta til Tysklands Røde Kors (DRK) over 1.000 soldatar.

I fjor blei det avgjort av søkjearbeidet skal halde fram ut 2025.

Ved krigsslutt i 1945 var nesten 20 millionar tyskarar anten på leiting etter ein av sine kjære, eller var sjølv etterlyst som sakna.

Mange av desse lir, fortel DRK. Trauma dukkar ofte opp seint i livet. Dei har inga grav å gå til.

soldatar

Gamle våpenbrør sette kvarandre stemne

Edmond Réveil kjenner at opplevingane frå krigens siste år er arr i sjela.

Han er den siste i flokken som er i livet. I 1944 var han medlem av ei motstandsgruppe i departementet Corrèze, sør i Frankrike. I 2019 møter han gamle våpenbrør, frå andre motstandsgrupper. Det er gjenforeining i Meymac, landsbyen han har busett seg i som pensjonist, etter eit langt yrkesliv i Paris.

Dei gamle motstandsmennene skal benke seg ved bordet, det er tid for mat.

Edmond Réveil klarar røysta.

Eg har noko eg vil fortelje dykk. Noko fælsleg. Noko viktig.

Eg har noko eg vil fortelje dykk. Noko fælsleg. Noko viktig

Forsamlinga stilnar, gløymt er serveringa som ventar.

Sporar opp ukjende krigsgraver

Volksbund Deutsche Kriegsgräberfürsorge arbeider som Tysklands Røde Kors med dei mange tyske soldatane som er sakna.

Den tyske krigsgravkommisjonen tek hand om 836 krigsgravstadar i 46 land med rundt 2,8 millionar krigsdøde.

Kommisjonen deltek også i oppsporinga av ukjende krigsgraver. Målet er å få soldatane i merka graver.

I fjor sommar kjem Krigsgravkommisjonen til Meymac. Dei kjem saman med den franske organisasjonen ONAC-VG – eller Det nasjonale kontoret for veteranar og krigsoffer.

Dei kjem for å leite i skogen.

Massakrerer 643 på ein dag, 247 er barn

Edmond Réveil kjenner at alle veteranane i rommet ventar på kva han skal fortelje.

Først to hendingar alle kjenner til.

Rett etter D-dagen gjorde motstandsgrupper i oppstand i departementet Corrèze. Gruppa til Edmond Réveil tek eit titall tyske soldatar som krigsfangar, og stikk til skogs for å sleppe unna jagande, tyske styrkar.

9. juni 1944 avrettar ei SS-avdeling 99 sivile i byen Tulle. Dei blir hengt frå lyktestolpar og balkongar.

10. juni massakrerer den same avdelinga 643 menn, kvinner og barn i landsbyen Oradur-sur-Glane. 247 er barn. Den dag i dag står ruinbyen som eit minnesmerke over ugjerninga.

Massedrapa dei to junidagane er straff for den franske motstanden.

ww2

Dei blir skotne ein etter ein

Edmond Réveil fortel kva som hender i skogen.

Etter tre dagar kontaktar motstandsgruppa hans hovudkvarteret. Kva no?

Drep dei. Gravlegg dei i skogen.

Følgje på 46 tyske soldatar og ein fransk kollaboratør, ei kvinne, må døy. Dei skal ikkje hefte motstandsgruppa i frigjeringskampen.

Dei 47 byrjar å spa. Dei spar ei massegrav med gevær i ryggen. Dei blir stilte opp. Dei blir skotne ein etter ein. Jord blir skyfla over dei døde.

Alle, også Edmond Réveil, lovar å teie, for all framtid. Massakren i skogen er deira løyndom. Edmond Réveil skyt ikkje, han er vitne til avrettingane, 47 menneske blir myrda, utan lov og dom.

Fram til møtet i veteranforeininga i 2019 blir skota i skogen halde hemmeleg. Men då klarar ikkje det siste attlevande vitnet å teie. Han vil ikkje gå grava med løyndommen.

Skota i skogen gjev gjenlyd

Edmond Réveil kjenner han må snakke til eit større publikum.

Men først etter fire år. I 2023 snakkar han først med lokalavisa. Massakren blir kjent.

Dei visste kva som kom. Dei tok ut foto av familiane frå lommebøkene. Det var ingen som gret. Dei var soldatar, fortel han til ein journalist.

Me skamma oss. Me visste at me ikkje skulle drepe krigsfangar, fortel han til ein annan.

Det er naudsynt å fortelje. Det har vore ein løyndom lenge nok, vedgår han til ein tredje.

FANGE

Finn lik i 1967, blir halde hemmeleg

I august i fjor rullar gravemaskinar og leitemannskap med georadarar inn i skogen der ugjerningane fann stad 12. juni 1944.

Den tyske krigsgravkommisjonen og organisasjonen ONAC-VG skal saumfare landskapet som skal løyne ei massegrav.

Dei finn eit område som blir målt opp. 45 gonger 10 meter.

Dei gjer funn.

Det blei det også gjort i 1967. 11 lik blei spadde opp av jorda, i den same skogen.

Men nokon grip inn og stoppar gravinga, og identifiseringa. Eit slør blir trekt over funna. Frankrike er ikkje klar for å stå til rette med ein massakre, på tyske krigsfangar, utført av heroiske motstandsmenn.

Mektige menn med band til motstandsrørsla hadde framleis innverknad i fransk politikk.

Nesten seks tiår seinare forklarar ordføraren i Meymac at i krig er alle handlingar moglege.

Du kan vere på sida til dei rettferdige, og framleis utføre det som er moralsk gale.

Finn spor etter skyting

Edmond Réveil kjenner seg trudd. Han skal ikkje døy i vissa om at berre han veit.

I skogen blir det gjort funn. Men ikkje av lik, ikkje av tyske identitetsbrikker.

Den tyske krigsgravkommisjonen og den franske veteranorganisasjonen finn 20 tomhylser og patroner, alle av fransk, amerikansk, tysk og sveitsisk fabrikat. Dei finn også franske myntar eldre enn 1943.

Funna stadfestar at ei fransk motstandsgruppe ganske sikkert var her i 1944, oppsummerer Krigsgravkommisjonen.

skogen

Lovar å leite vidare

Arne Schrader, leiar i krigsgravavdelinga, sender ut pressemelding når dei pakkar saman i august:

Søket etter dei døde er over, førebels. Dessverre er slike tilbakeslag ein del av arbeidet vårt, men me gjev oss ikkje og ser etter meir informasjon.

Difor analyserer dei alle georadardata som er samla inn, søkjer etter arkivdokument og utforskar om det er mogleg å bruke ein annan søkjeteknologi for å gå over skogen ved Meymac på nytt.

Me ønskjer absolutt å komme tilbake – dersom det er eit solid grunnlag, seier Arne Schrader.

Ein stad ligg det 46 tyske soldatar og ei fransk kvinne.

Seier Edmond Réveil. Han kjenner seg letta. No veit også kona hans og barna om løyndommen frå 1944.

Kjelder: La Vie Corrézienne, Le Monde, El Pais, The Guardian, BBC, Deutsche Rote Kreutz, Der Volksbund Deutsche Kriegsgräberfürsorge

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter