Nyheter

Davids rusomsorg står i fare for å forsvinne

HELSEHJELP: David er fast brukar av hjelpetilbodet 24Sju. Får ikkje Kirkens Bymisjon den faste støtta frå staten, vil David møte ei stengt dør. Tilbodet blei etablert fordi ein Ap-minister utfordra.

Han har sett seg ned på butikktrappa, i skuggen frå junisola. Han snakkar varmt om tilbodet på andre sida av gata, i Tollbodgata i Oslo.

– På 24Sju får eg hjelp med medisinane mine, og eg slepp å bli lagt inn. Her kan eg få noko å ete, her får eg sove over når det trengst. Her kan eg også sove utanfor, på gate, for det er trygt, fortel David.

– Korleis blir kvardagen om tilbodet blir lagt ned?

– Livet mitt blir vanskelegare, eg mistar ein viktig møtestad.

David fortel at det som er viktigast for han er 24Sju har ein låg terskel inn til hjelp og omsorg.

Har sagt ja til å løyse samfunnsoppgåver

Adelheid Firing Hvambsal er generalsekretær i Kirkens Bymisjon, den ideelle, diakonale organisasjonen som driv 24Sju, som sidan 2009 har vore eit døgnope tilbod for dei mest utsette rusavhengige i Oslo.

Ho er klar på kva som vil skje med tilbodet om ikkje Helsedirektoratet sikrar finansieringa, slik dei har gjort sidan oppstarten.

– Ein, no blir 24Sju lagt ned, og dei som slit aller mest med rus og psykisk helse mistar eit livsviktig tilbod. To, då forringar Helsedepartementet vilkåra til ideelle organisasjonar, som har sagt ja til å ta på seg samfunnsoppgåver. No ber me om at det blir lagt til rette for føreseielege rammevilkår.

24sju, Kirkens bymisjons gatetilbud i Oslo.

Ap-statsråd oppmoda Kirkens Bymisjon til å ta oppdraget

Tilbodet 24 Sju blei ein røyndom i 2009. Dåverande helseminister Bjarne Håkon Hanssen oppmoda Kirkens Bymisjon om å ta ansvaret. Statsråden frå Arbeidarpartiet bad om at det blei «iverksette tiltak for å oppnå bedre helse og økt sosial inkludering for de mest utsatte rusavhengige».

24Sju var lenge fullfinansiert med statlege midlar. I seinare år har Kirkens Bymisjon ytt eigenfinansiering grunna kutt i tildelinga.

Etter oppstarten for 15 år sidan fekk 24Sju 30 millionar årleg. I fjor var løyvinga på 22,2 millionar. Kirkens Bymisjon la inn ein million.

– Midla har årleg komme frå ei tilskotsordning i Helsedirektoratet. Men så, i vår, utan forvarsel, melder direktoratet at me ikkje lenger kan få søkje støtte frå den aktuelle ordninga. 24Sju kan søkje på ei ny støtteordning, som ikkje var klar, og som framleis ikkje er klar, fortel generalsekretær Hvambsal.

Adelheid Firing Hvambsal, generalsekretær Kirkens Bymisjon

Kan ikkje vente til årsslutt på svar

For Kirkens Bymisjon er eitt sikkert, seier ho:

– Me har ikkje økonomi til å drifte 24Sju med eigne midlar. Me har ikkje 20 millionar til drifta.

Kirkens Bymisjon fortel at dei er kjent med at Helsedirektoratet skal opprette ei ny tilskotsordning dei kan søkje på.

– Men me vil ikkje få svar før mot slutten av året, og då vil me ikkje få midlar for allereie utført drift, som vil vere mesteparten av 2024.

Hvambsal seier at det er umogleg å drive 24Sju, eller andre samfunnstenester, på slike vilkår.

24sju, Kirkens bymisjons gatetilbud i Oslo.

Ap-statsråd sende ideelle ut økonomisk uvisse

Støtteomlegginga som no råkar 24Sju har eit politisk bakteppe.

Då Støre-regjeringa legg fram statsbudsjettet for 2023 hausten 2022 blir det klart at Arbeidarpartiet og Senterpartiet vil rydde kraftig opp i statlege støtteordningar. Organisasjonar som har fått driftsstøtte over statsbudsjettet blir lempa ut og vist til nye søknadsordningar, som ikkje var klare.

På rusfeltet sender Arbeidarpartiets dåverande helseminister Ingvild Kjerkol ei rekkje organisasjonar og tiltak ut i økonomisk uvisse. No er Kirkens Bymisjons 24Sju i Oslo mellom desse.

– Etter 15 års drift finansiert via Helsedirektoratet, har dei no, utan forvarsel, langt ut i driftsåret, skrudd igjen kranen, trass i at me ser at det er tøffare på gata, seier Hvambsal.

24sju, Kirkens bymisjons gatetilbud i Oslo.

Kjem frå andre kommunar enn Oslo

Marius Mangseth har arbeidd på 24Sju sidan 2016. Han er svært uroleg for kvardagen til dei som brukar tilbodet i dag.

– Må me stengje vil dei miste medisinsk hjelp, samtale, overnatting, mat og kvile.

Fordi økonomien er usikker, har 24Sju valt å halde stengt på natta for å spare pengar. Men normalt får opp mot 100 personar ulik hjelp i løpet av eit døger, opplyser Kirkens Bymisjon.

Mange av desse har ei sak felles: dei er ikkje heimehøyrande i Oslo, heimkommunen deira ligg lang eller kort veg frå hovudstaden.

Generalsekretær: Er eit problem for Norge og regjeringa

– Hjå oss får dei hjelp til å komme i kontakt med hjelpeapparatet i heimkommunen, fastlege, ruskonsulent, og spesialisthelsetenesta. Me tilbyr ei hand å halde i slik at dei blir trygge i møtet med hjelpeapparatet, forklarar Mangseth, som er seniorrådgjevar i Kirkens Bymisjon.

– Dei som kjem til oss slit med to ting, tungt rusmisbruk og psykisk vanhelse, så godt som alle har ein psykisk diagnose.

Generalsekretær Hvambsal seier støtteomlegginga betyr at ei utsett gruppe står i fare for å miste den einaste staden dei kan få medisin. Andre stader i Oslo kan dei ikkje få fordi dei ikkje kjem frå kommunen.

– Difor er ikkje dette eit Oslo-problem, men eit problem for Norge og regjeringa, meiner Hvambsal.

24sju, Kirkens bymisjons gatetilbud i Oslo.

Lovar rask handsaming

I Helsedirektoratet får Vårt Land opplyst at 24Sju må over på ny støtteordning fordi Helsedepartementets nye retningsliner krev dette.

– Ny ordning blir planlagt til å få søknadsfrist 1. august, og me skal handsame ein søknad frå Kirkens Bymisjon raskt, lovar avdelingsdirektør Elise Husum.

– For organisasjonen er kvalifisert til å søkje støtte til 24Sju frå den nye ordninga, legg ho til.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter