Nyheter

Medlemmane i folkekyrkja har dobla seg i verdi

DOBLA PÅ 12 ÅR: To teikn er tydelege for dei som steller økonomien i folkekyrkja, og for dei som skal løyve milliardane. Høgre varslar endringar i partiprogram.

Eitt teikn er dette: Kvart medlem i Den norske kyrkja blir mykje meir verdt, år for år. Summen er nesten dobla på 12 år.

– Akkurat no har me drøftingar i programkomiteen om ordlyden i denne saka, for me ønskjer oss større handlingsrom, fortel Tage Pettersen til Vårt Land. Han er Høgres fremste livssynspolitikar på Stortinget

Kjersti Toppe er tru- og livssynsminister i Støre-regjeringa. Ho er statsråden som deler ut statleg støtte til både majoritetskyrkja, Den norske kyrkja, og dei mange mindre kyrkjesamfunna nordmenn soknar til.

No har departementet hennar rekna på løyvingane per medlem til landets største kyrkjesamfunn, der storparten er blitt medlem då dei blei borne til dåp.

Me ønskjer oss større handlingsrom

—  Tage Pettersen, Høgres livssynspolitiske talsmann

Bad Toppe finne fram kalkulatoren

Høgre bad henne finne fram kalkulatoren i samband med at regjeringa skal lose eit revidert nasjonalbudsjett gjennom Stortinget. Alle parti har høve til å stille skriftlege spørsmål

Partiet har ved fleire høve varsla at Den norske kyrkja (DNK) må bu seg på reduserte løyvingar når Høgre får regjeringsmakt.

Difor bad Høgre om ein oversikt over utviklinga i løyvingane til DNK, «målt i totalt bevilgning og bevilgning per medlem».

Tage Pettersen, Høyre.

Frå 363 kroner i 2010 til 689 kroner i 2022

Toppes tal viser at tilhøva er omvendt proporsjonale.

Dess færre medlemmer Den norske kyrkja får, jo fleire statlege kroner blir det løyvt per medlem:

  • I 2010 fekk kvart folkekyrkjemedlem 363 kroner frå staten.
  • I 2022 var summen nesten dobla; 689 kroner.
  • I 2010 hadde DNK 3,835 millionar medlemmer.
  • I 2022 stod 3.472 millionar nordmenn i kyrkjemanntalet.

Folkekyrkja har byrja å kutte stillingar

I mai gjekk nyvalt leiar i Kyrkjerådet, Harald Hegstad ut i Vårt Land og varsla om dramatiske økonomiske tilhøve i folkekyrkja. No blir stillingar kutta, og det vil komme fleire kutt.

Høgre har siste år varsla at rammeløyvinga til folkekyrkja ikkje er noko heilag ku.

Då partiet la fram sitt alternative statsbudsjett i oktober, hadde partiet slipt sparekniven:

268 millionar blei kutta vekk.

Kva kyrkja har i vente frå Høgre skal kyrkjerådsleiar Hegstad få snakke meir om med partiets kyrkjetalsmann.

– Eg har også avtalt eit møte i juni med Hegstad, om økonomien til den norske kyrkja, opplyser Pettersen.

Dei utanfor DNK har sterk draghjelp av folkekyrkja

Pettersen seier endringar må til, for det er satsen per kyrkjemedlem som er utgangspunkt for støtta til andre kyrkje-, trus- og livssynssamfunn.

– Og desse er i vekst, kommenterer han.

I februar sa Tage Pettersen, til Vårt Land, dette om måten dagens støtte blir rekna ut:

– Støtta er ikkje lenger berekraftig.

(MANDAG) Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Borgarleg samling om kyrkjebarbering

Høgres gamle regjerings- og budsjettvener Frp og Venstre vil også løyve mindre til folkekyrkja. I dei alternative statsbudsjetta i fjor haust barberte Frp vekk 366 millionar medan Venstre skar vekk 230 millionar kroner.

I februar sa Pettersen dette om den borgarlege semja:

– Tre av fire parti som ønskjer ei anna regjering enn dagens, har her staka ut ein kurs. Det er viktig at me gjer eit grundig arbeid når me kjem i posisjon og kan kunne endre noko.

Då statsbudsjettet for 2024 blei klubba i Stortinget rett før jul, fekk Den norske kyrkja eit rammetilskot på 2,56 milliardar kroner. Andre kyrkje-, trus- og livssynssamfunn fekk 1,1 milliardar.

Samla sum på 3,66 milliardar kroner er rekordhøg.

Høgre provoserer KrF

Høgre og Tage Pettersens utspel provoserer KrF og Kjell Ingolf Ropstad:

– Eg skal ikkje blande meg i Høgres programarbeid, men eg meiner det er naivt at Høgre ikkje ser kor viktig det er å styrkje verdiformidlinga og samfunnsbygginga som kyrkjene driv i heile landet.

Ropstad har ei oppmoding:

– Dersom Høgre ønskjer å kutte støtta til trussamfunn tykkjer eg dei skal seie det rett ut, fremfor å løyne seg bak finansieringsmodellar og medlemstal.

---

Kyrkjesamfunn

  • Medlemmer i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, i alt: 381.059
  • Den katolske kyrkja: 166.663
  • Pinsebevegelsen i Norge: 41.017
  • Den ortodokse kyrkja: 36.498
  • Frikirken: 19.523
  • Jehovas vitner: 12.683
  • Svenska kyrkan i Norge: 12.605
  • Misjonskirken i Norge: 11.366
  • Det Norske Baptistsamfunn: 10.653
  • Metodistkirken i Norge: 9.382
  • Brunstad Christian Church (BCC): 8.973
  • Islandske Kirken i Norge: 5.634
  • Adventistkirken: 4.533
  • Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn: 3.102
  • Kristne senter: 2.906
  • Den finske menigheten i Norge: 2.556
  • De Frie Evangeliske Forsamlinger: 2.398
  • Kristensamfunnet: 2.332
  • Andre trussamfunn: 28.235

Kjelde: SSB

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter