Unicef: Meir enn éin av fire barnehagebarn lever med alvorleg matfattigdom
Over ein firedel av barn under fem år globalt lever i alvorleg matfattigdom, noko som kan få konsekvensar for veksten og utviklinga til barnet, åtvarar Unicef.

– Alvorleg matfattigdom blant barn vil seie barn som overlever på svært mangelfullt kosthald, og berre får i seg to eller færre matgrupper, seier Harriet Torlesse, hovudforfattar av ein ny Unicef-rapport.
Ifølgje Unicef lever 440 millionar barn under fem år i matfattigdom fordelt på om lag 100 låg- og mellominntektsland. Av desse opplever 181 millionar alvorleg matfattigdom.
– Barn som berre konsumerer to matgrupper per dag, til dømes ris og litt mjølk, har opptil 50 prosent høgare risiko for å oppleve alvorlege former for underernæring, seier Unicef-sjef Catherine Russell.
Alvorleg underernæring kan føre til avmagring, ein tilstand som kan vere dødeleg. Sjølv om barna overlever, vil dei sannsynlegvis mistrivast og gjere det dårlegare på skulen, noko som gjer det vanskelegare å få seg ei leveleg inntekt som vaksne, forklarer Torlesse.
Unicef etterlyser betre sosiale tenester og humanitær hjelp for dei mest sårbare barna. Rapporten understrekar også behovet for å revurdere det globale matsystemet og påpeikar at sukkerhaldige drikker og ultraprosessert mat blir marknadsført mot familiar som ein ny normal for barnekosthald.
(©NPK)