Nyheter

Norge har éin jødisk barnehage: – Me må vise at me er der for den jødiske minoriteten

JØDEDOM: Sunniva Holmås Eidsvoll (SV) ber Oslo kommune lønne ekstrastilling i Norges einaste jødisk barnehage. Då ho var oppvekstbyråd i Oslo sa ho nei. Barnehagen er med og sikrar jødisk liv i Norge, seier styrar.

Norge har ein nasjonal jødisk minoritet. Han tel rundt 1.500 personar.

Norge har éin jødisk barnehage. Han har plass til 36 barn.

Difor er barnehagen ein særs viktig institusjon for det jødiske miljøet, meiner SVs fremste politikar i Oslo, gruppeleiar Sunniva Holmås Eidsvoll:

«Barnehagen har siden 1981 for mange jødiske barn representert selve starten på jødisk danning og identitet. Barnehagen er også viktig for deltakelse og fellesskap for familier i menigheten og er helt sentral for å sikre en bærekraftig fremtid for jødisk liv i Oslo», skriv ho i eit forslag som er fremma for Oslo bystyre.

– Me må vise at me er der for den jødiske minoriteten, seier Sunniva Holmås Eidsvoll til Vårt Land.

Ho viser til presset og hetsen norske jødar blir utsette for i samband med Gaza-krigen. Ho snakkar om aukande antisemittisme.

Den jødiske barnehagen

Ber kommune lønne ein stilling

Difor meiner SV-toppen Norges hovudstad må stille opp med pengar:

«Bystyret ber byrådet innføre en varig ordning med økonomisk støtte til Den Jødiske barnehagen i Oslo tilsvarende ett årsverk», lyder forslaget hennar, som no er til handsaming i Kultur- og utdanningsutvalget.

Holmås Eidsvoll er leiar av utvalet. Ho minner om at «det finnes ingen jødisk skole i Norge», difor er barnehagen særs viktig, for han «er helt sentral for å sikre en bærekraftig fremtid for jødisk liv i Oslo».

SV-toppen minner også om at Norge har eit ekstra ansvar for å leggje til rette for at jødar «kan ivareta sin kultur og religion siden de er en nasjonal minoritet».

– Akkurat som Oslo har ein samisk barnehage, er det viktig at Oslo har ein jødisk barnehage, seier Holmås Eidsvoll til Vårt Land.

Me må vise at me er der for den jødiske minoriteten

—  Sunniva Holmås Eidsvoll, gruppeleiar SV, Oslo bystyre

Er for støtte i 2024. Sa nei i 2022

Fram til hausten 2023 var Sunniva Holmås Eidsvoll byråd for oppvekst og kunnskap. I 2022 fekk ho ein søknad på pulten.

Den jødiske barnehagen – den same barnehagen som Holmås Eidsvoll vil støtte i 2024 – søkte kommunen om ekstra økonomisk støtte frå Oslo kommune.

Som byråd sa Holmås Eidsvoll nei til søknaden, og det raudgrøne byrådet med Ap, SV og MDG stilte seg bak byråden.

Holmås Eidsvoll forklarte avslaget med at private barnehagar måtte handsamast likt.

– Møter du deg sjølv i døra i og med at du no fremmar forslag om «varig ordning med økonomisk støtte til Den Jødiske barnehagen»?

– Eg møter meg sjølv i døra heile tida, seier Holmås Eidsvoll.

– I 2022 sa eg nei ut frå prinsippet om likehandsaming av private barnehagar. Men eg sjekka ut om den jødiske barnehagen kunne bli ein kommunal barnehage, og slik bli sikra betre økonomiske kår. Det sa eigaren, Det Mosaiske Trossamfund, nei til, for det ville betydd at dei mista råderetten og dermed ville eigenarten forsvinne.

– Kva ønskjer du å oppnå med forslaget du no har fremma?

– At barnehagen får meir støtte via Oslo-budsjettet.

Veilederen om miljørettet helsevern i barnehager og skoler er svært gammel, opplyser statssekretær Julie Midtgarden Remen (H). Nå er forskriften på høring.

Høgre-byråd seier nei til særhandsaming

Etter valet i fjor overtok eit borgarleg byråd med Høgre og Venstre makta i Oslo. Dagens byråd for oppvekst og kunnskap, Julie Remen Midtgarden (H), brukar same argument som Holmås Eidsvoll i 2022, i innstillinga til Kultur- og utdanningsutvalget.

Ho seier nei – og viser til likskapsprinsippet. Og minner om kva byrådet under leiing av Aps Raymond Johansen konkluderte med:

«Søknaden ble avslått av byrådsavdeling for oppvekst og kunnskap med henvisning til at det ville innebære forskjellsbehandling av private barnehager», skriv ho.

Her får barna erfare og oppleve jødisk kultur i ein majoritet, ei oppleving dei ikkje får seinare i livet om dei blir buande i Norge

—  Cathrine London Adler, styrar i Den Jødiske Barnehagen

Viser til Oslo-budsjettet

Men Remen Midtgarden stengjer ikkje døra heilt – og Høgre-byråden meiner som SV-toppen at den jødiske barnehagen er ein viktig institusjon for den jødiske minoriteten:

«Viktigheten av å bevare jødisk språk og kultur er hensyn som kan begrunne saklig forskjellsbehandling, men dette bør vurderes i forbindelse med ordinær budsjettbehandling.»

21. mai var Kultur- og utdanningsutvalget på synfaring i barnehagen. Onsdag 5. juni skal utvalet støtte eller avvise forslaget som Sunniva Holmås Eidsvoll har sett fram.

---

Den Jødiske Barnehagen

  • Etablert i Oslo i 1981, har plass til 36 barn i alderen eitt til seks år.
  • Han er eigd av Det Mosaiske Trossamfund.
  • Skal styrkje barnas jødiske identitet.

---

Den jødiske barnehagen

Barn får erfare og oppleve jødisk kultur i ein majoritet

– Barnehagen er med og sikrar jødisk liv i Norge, ganske enkelt, seier styrar Cathrine London Adler til Vårt Land.

Ho fortel at det jødiske samfunnet er for lite til å ha eigen skule. Difor blir barnehagen særs viktig.

– Her får barna erfare og oppleve jødisk kultur i ein majoritet, ei oppleving dei ikkje får seinare i livet om dei blir buande i Norge.

London Adler styrer ein barnehage som lever i ein økonomisk skvis, for talet på barn går opp og ned. I tider med færre barn må ho permittere tilsette.

– Ved å få den økonomiske støtta SVs Sunniva Holmås Eidsvoll gjer framlegg om, vil me kunne senke skuldrene på svært lang sikt, forklarar ho, og held fram:

– Ein sterkare økonomi gjev tryggleik for at jødisk kunnskap blir formidla til kommande generasjonar.

Mange av dei som går i Den Jødiske Barnehagen kjem tilbake når dei blir vaksne. Dei har vikarjobbar medan dei studerer, dei er religionslærarar i synagogen eller dei er jødiske vegvisarar, fortel Cathrine London Adler.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter