Nyheter

Sende to kvinner med tvang til Etiopia - ei har vore her i over 20 år

RETUR: To kvinner blei tvangsreturnerte til Etiopia tysdag kveld. No prøver politiet å sende ein og to for å unngå merksemd om tvangsreturane, seier flyktningnettverk.

– Me har snakka med kvinnene, dei er på flyplassen, dei skal gå om bord på flyet som er i Addis Abeba i morgon tidleg, fortalde Trude Hellesø og Lemma Desta til Vårt Land tysdag kveld.

Onsdag morgon stadfestar Hellesø til Vårt Land at kvinnene ikkje blei avviste av etiopiske styresmakter då dei var vel framme i Etiopias hovudstad.

– Dei er på eit hotell i byen. Denne gongen lukkast Norge med tvangsreturen.

Hellesø er ein del av det som heiter Yemane-nettverket, som samlar ulike miljø på tvers av politiske og livssynsmessige skiljeliner og som krev endringar i dagens regelverk i asyl- og flyktningpolitikken.

Tysdag var delar av nettverket samla til møte for å drøfte situasjonen som oppstod:

Kvinnene skal mangle pass

To etiopiske kvinner med endeleg asylavslag skal bli returnerte med tvang til Etiopia. Dei blir følgd av Politiets utlendingseining (PU) som skal sjå til at kvinnene kjem seg inn i Etiopia.

– Har kvinnene fått etiopisk pass?

– Nei, opplyser Hellesø.

– Kjem kvinnene til å signere eit dokument som seier at dei vender heim frivillig, slik etiopiske styresmakter krev av dei som kjem frå Norge med tvang?

– Nei, dei har fortalt oss at dei ikkje kjem til å signere, seier Hellesø.

Vårt Land har kontakta PU med spørsmål om tvangsreturen tysdag. Men pressevakta opplyser at PU ikkje kommenterer einskildsaker.

internat

Politiet skal sikre signaleffektar

Justisminister Emilie Mehl (Sp) gav politiet eit oppdrag ved årsskiftet: Returner fleire med endeleg asylavslag til heimland, bruk tvang om naudsynt.

Tvangsreturane skulle ha signaleffekt:

«I returarbeidet skal retur av personer som får avslag på sin asylsøknad prioriteres, og ellers returer som gir god samfunnseffekt, og da særlig returer som bidrar til kriminalitetsforebygging og/eller gir viktige signaleffekter», står det i Justisdepartementets tildelingsbrev 2024 for politiet.

Måtte sleppe ut 16 etiopiarar

I februar og mars samla politiet saman ei større gruppe etiopiarar med endeleg avslag på asylsøknaden, 17 i talet.

Alle skulle bli tvangsreturnerte til Etiopia.

Men PU klarte berre å få sendt ein mann ut av Norge og inn i Etiopia. Tvangsreturen av ei kvinne enda med fiasko. Etiopia nekta å sleppe henne inn, så ho og følgje frå PU måtte gjere vendereis.

Vårt Land melde i mai at Politiets utlendingseining ikkje lukkast med å tvangsreturnere gruppa med etiopiske borgarar:

16 blei lauslatne frå Politiets utlendingsinternat på Trandum, som ligg like ved flyplassen på Gardermoen.

Dei 16 har ei felles utfordring, opplyste PU i mai:

Dei manglar godkjente identifikasjonspapir, altså etiopiske pass – noko dei må få frå Etiopias ambassade i Stockholm.

Skal hindre at folk gøymer seg for politiet

Alle som skal bli returnerte til heimland med tvang, blir internerte på utlendingsinternatet om tingretten seier at det er naudsynt. Interneringa skal hindre at folk gøymer seg for politiet for å sleppe unna utsending.

– Dei to kvinnene blei fredag internerte i to veker, opplyser Trude Hellesø.

I Yemane-nettverket meiner dei at kvinnene bør få bli i Norge. Ei har vore her i over 20 år, den andre i seks.

Ein peikar på at FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) i sine landsspesifikke tilrådingar for Etiopia rår imot retur til fleire område, og at dei som kjem frå konfliktområde kan ha rett på vern.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter