Nyheter

Nemndlege: Kvinner ber om hjelp til å seia nei til abort

NY LOV: Gynekolog Ellen Holtan Folkestad har lang erfaring frå abortnemnd. Ho fryktar at seinare abortgrense kan gå utover kvinner som blir pressa av partnar eller familie til å ta abort.

Regjeringa har varsla at ei ny abortlov snart blir lagt fram for Stortinget. I forslaget blir grensa for sjølvbestemt abort heva frå veke 12 til veke 18.

Ellen Holtan Folkestad er gynekolog med lang erfaring frå abortnemnd ved sjukehuset i Vestfold. No åtvarar ho mot at å heva abortgrensa kan gjera at kvinner som blir utsett for abortpress, går under radaren for helsevesenet.

– Det finst kvinner som ber om hjelp til å seia nei til abort, seier Folkestad til Vårt Land.

Kvart år får nemnda i Vestfold inn mellom 15 og 30 søknader om abort. Ifølgje Folkestad opplever nemnda nesten årleg at ei av desse kvinnene, ikkje eigentleg ønsker abort. Det kan vera kvinner som blir pressa av familie eller partnar.

– Det er kvinner som på ein måte har berga seg over veke tolv. Og då håper dei å få hjelp til å seia nei. Det er få kvinner, men det er ei gruppe som eksisterer.

Vart takka etter abort-avslag

Ellen Holtan Folkestad sit i eit nøytralt rom med blå vegger og matchande stolar på sjukehuset i Tønsberg. Det er her ho pleier å møta kvinnene som har søkt om abort. Ho har sete i abortnemnda i Vestfold i 13 år, og er den i nemnda med lengst erfaring.

– Nokon gonger er det noko som skurrar, seier Ellen Holtan Folkestad.

Under abortsamtalen kan ho merka det på fleire måtar. Kvinna kan ha problem med å setta ord på korleis ho ser for seg framtida etter ein abort. Eller at kvinna kan ha med ein partnar som dominerer samtalen.

Eit møte med eit par har brent seg fast i minnet til Folkestad.

Overlege Ellen Holtan Folkestad på Sykehuset i Vestfold.

– Kvinna var stille medan mannen snakka mykje. Han sa at det ville øydelegga familien om nemnda ikkje sa ja til abort.

Nemnda avslo. Folkestad fortel ho snakka med kvinna nokre veker etter på telefon for å diskutera eit prøvesvar. Kvinna var framleis gravid.

– Ho sa til meg: «Tusen takk, de skjønte kanskje at eg ikkje ville ta abort?» Ho var veldig takksam for at me hadde avslått søknaden.

Det er kvinner som på ein måte har berga seg over veke tolv. Og då håper dei å få hjelp til å seia nei.

—  Ellen Holtan Folkestad, lege i abortnemnd

Nemnda bestemmer mellom veke 12 og 18

Abortnemnda i Vestfold har seks medlemmer som alle er legar, fire av dei er varamedlemmer. Under møtet med kvinna som søker abort, er det to legar som møter frå nemnda.

Etter dagens lov er det nemndene som bestemmer om kvinna kan få innvilga abort mellom veke 12 og veke 22. Etter veke 18 krevst det særleg tungtvegande grunnar for at kvinna kan få innvilga abort.

– Noko av det viktigaste for meg fram til veke 18, er å finna ut om søknaden kjem frå ei kvinne som eigentleg ikkje vil ta abort, seier Folkestad.

Frå 2020 til 2023 behandla nemnda i Vestfold 77 saker. I fire av desse sakene fekk kvinna avslag.

Toppe har åtvara mot abortpress

Kvinnene som opplever abortpress, kan vera i ulike situasjonar.

– Det kan vera etnisk norske kvinner som har problem med parforholdet. Det kan vera kvinner frå ein annan kultur, der forventningar og normer kan spela inn. Der det er storfamilien som ønsker ein abort, om til dømes barnet er kome til utanfor ekteskap.

Overlege Ellen Holtan Folkestad på Sykehuset i Vestfold.

Også barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp), som sjølv er lege, har åtvara mot abortpress.

– Me veit at abortpress skjer. Me veit at kvinner føler press også denne vegen. Det kan skje frå helsepersonell, eller frå samfunnet rundt, sa Toppe i eit intervju med Morgenbladet sist veke.

– Me er ein blanding av lege og dommar

Nemnda i Vestfold er ei av dei 23 primærnemndene i Noreg.

– Me er ein blanding av lege og dommar, som er ein uvanleg situasjon for helsepersonell, seier Folkestad.

Ho seier ho ofte opnar samtalen med å be kvinna fortelja litt om seg sjølv.

– Me må få vita ganske mykje om kvinnene som søker abort. Det er viktig for avgjersla me skal ta og for å hjelpa kvinnene vidare. Om dei skal gjennomføra abort eller ikkje, så skal dei leva vidare med det valet.

Kvinnene som kjem til nemndene, er i ulike livssituasjonar. Nokon kan akkurat ha fått påvist misdanning på fosteret. Andre kan over tid ha kome fram til at dei ikkje ønsker å behalda fosteret av andre årsaker.

Om primærnemnda avslår abortsøknaden, blir den automatisk sendt til sentral klagenemnd.

Meiner seinare grense ikkje svekkar fosterets rettsvern

Dagens abortlov har blitt omtala som eit kompromiss mellom kvinna sin rett til å bestemma over eigen kropp, og fosterets krav til rettsvern.

Folkestad ser det ikkje som ei svekking av fosterets vern, om grensa for sjølvbestemt abort blir heva til veke 18.

– Det er først og fremst frå veke 18 og utover at fosterets rettsvern verkeleg slår inn. I tida før veke 18 er det kvinnas vern frå abortpress, at ho er fast i si avgjersle og har fått tilstrekkeleg informasjon som eg tenker er det viktige. Eg trur ikkje at sjølvbestemt abort til veke 18 vil føra til at fleire seinabortar.

Me er ein blanding av lege og dommar, som er ein uvanleg situasjon for helsepersonell.

—  Ellen Holtan Folkestad

Vil ha obligatorisk forsamtale

I Abortutvalet sitt forslag til abortlov, skal gravide ha rett til informasjon både før og etter ein abort.

Abortnemnda i Vestfold meiner at kvinna bør ha ein obligatorisk forsamtale, om ho tek abort mellom veke 12 og 18.

– Kvinnene må få vita kva dei går til på førehand. Om ein slik samtale er frivillig, er eg redd for at nokon kan takka nei til noko dei absolutt burde takka ja til, og at det kan gje dei større mentale utfordringar etterpå, seier Folkestad.

– Du er ikkje redd for at ein sånn obligatorisk forsamtale kan påføra kvinna skam eller ei kjensle av nokon utanfrå får meina noko om hennar val?

– Jo, men forskjellen då vil jo vera at det er kvinna som bestemmer sjølv. Etter at ho har fått informasjon.


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter