Nyheter

0,23 prosent av Equinors produksjon er fornybar

KLIMA: Seks år etter at Statoil byta namn til Equinor, kjem framleis over 99 prosent av energiproduksjonen frå olje og gass. Greenpeace kallar det «tragisk» og «latterleg».

I mai 2018 gjekk det tradisjonsrike selskapet Statoil over til å heita Equinor. Dåverande konsernsjef Eldar Sætre sa at vedtaket om namnebyte var den «mest emosjonelle avgjersla» han hadde teke.

– Når me ser fram mot dei neste 50 åra, den globale energiomlegginga og korleis me utviklar oss som eit breitt energiselskap, har det blitt naturleg å endra namnet vårt, sa Sætre i ei pressemelding.

Men seks år etter namnebytet er Equinor framleis hovudsakleg ein olje- og gassprodusent.

Vårt Land har bede oljeekspert Arne Ingar Svendby rekna på kor mykje det norske statseigde selskapet bidreg med av fornybar kraft.

Svaret er klart: I første kvartal i år kom berre 0,23 prosent av energiproduksjonen frå fornybare energikjelder. Over 99 prosent av energien kom frå olje og gass.

Sjølv om fornybarprosenten er låg, er den nesten tredobla sidan 2018, året selskapet byta namn.

Greenpeace Norge er blant miljøorganisasjonane som ber Støre om å hindre utbygging av vasskraft i verna vassdrag. Her er leiar Frode Pleym utanfor Hurdalsjøen Hotell under regjeringssonderingane i fjor haust. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK

Slik har han rekna

Arne Ingar Svendby har tidlegare vore sjef-geofysikar i Hydro og Equinor. Han har henta ut tal frå pressemeldingar og gjort eit enkelt reknestykke.

Medan energi frå olje og gass blir oppgjeven i oljeekvivalentar, blir fornybar energi oppgjeven i terrawatt-timar.

For å kunna samanlikna dei to, har Svendby rekna oljeekvivalentar over til terrawatt-timar, ved hjelp av ein modell frå Oljedirektoratet.

Dette har han funne ut:

  • Equinors ferske kvartalsrapport viser at selskapet har produsert 336 terrawatt-timar energi frå olje og gass, og berre 0,774 terrawatt-timar frå fornybar. Dermed blir fornybarprosenten på 0,23 for første kvartal.
  • I heile 2023 produserte Equinor 1291,4 terrawatt-timar energi frå olje og gass, og 1,937 terrawatt-timar frå fornybar. Det gav ein fornybarprosent på 0,15.
  • Til samanlikning var delen fornybar i 2017 – året før Equinor byta namn – på 0,06 prosent. I 2018 var den på 0,09 prosent.

Næringslivsavisa Energi Watch har komme til om lag same fornybarandelen som Vårt Land for første kvartal i år.

f

Greenpeace: Equinor er like oljesvart som Statoil

– Dette er ein tragisk og latterleg låg fornybarprosent. Det viser at Equinor er like oljesvart som det Statoil var. Me står midt i ei klimakrise, då er dette uakseptabelt frå eit selskap eigd av det norske folk, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace.

Reknestykket Arne Ingar Svendby har gjort for Vårt Land, er det same som Greenpeace gjorde tidlegare i år, då organisasjonen rekna på Equinors fornybarandel for 2023.

– Det er krig i Europa, då treng me vel det me kan få av energi?

– Equinor brukar Putins grufulle krig mot Ukraina som argument for å produsera meir olje. Det er kynisk. For det kjem ikkje til å vera krig i Europa om nokre år, medan Equinor planlegg for ny oljeproduksjon 30, 40 og 50 år fram i tid, svarar Pleym.

Equinor: Me har forståing for utolmodigheit

– Me har forståing for utolmodigheit i møte med klimautfordringa. Det har me også, skriv Magnus Frantzen Eidsvold, pressetalsmann for fornybar for Equinor, i ein e-post til Vårt Land.

f

Han har lese kritikken frå Greenpeace og sett reknestykket til Vårt Land.

– Er 0,23 prosent fornybar-andel godt nok for Equinor?

– Fornybarproduksjonen er framleis låg, samstundes så auka den med 35 prosent frå første kvartal i fjor til første kvartal i år, seier Eidsvold.

Han seier at Equinor ser ut til å kunna få ei auke på 50 prosent fornybar i år samanlikna med året før. Det betyr at Equinor kan enda på ein fornybarandel på 0,23 prosent for heile 2024.

– Så andelen fornybar aukar, men det kjem til å ta tid, det er store prosjekt som skal byggast ut.

Han peiker på at Equinor i fjor investerte 28 milliardar kroner i fornybart og lavkarbonløysningar, og at selskapet har starta produksjon frå verdas største havvindpark, Dogger Bank, utanfor Storbritannia.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter