Tor Erik Labahå er ordførar for regjeringspartiet Senterpartiet. Han skal ta i mot og busetje 35 nye flyktningar i år. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) bad kommunen nord i Finnmark om å ta 85.
– Så mange er det fullstendig urå for oss å busetje. Vardø har ikkje kapasitet til å ta så mange, seier Labahå til Vårt Land.
Vårt Land fortalde i februar at tre kommunar hadde gjort liknande vedtak som Drammen kommune, som vedtok at dei berre vil ta imot ukrainske krigsflyktningar.
Saman med kommunane Frosta og Siljan vedtok lokalpolitikarane i Vardø å berre busetje flyktningar frå Ukraina.
Vardø ekskluderer ingen
Fordi det blei reist krav om lovlegkontroll av vedtaket til Drammen kommunestyret, gjekk Statsforvaltaren Oslo og Viken inn i saka og vurderte om Drammen hadde fatta eit lovleg vedtak.
Konklusjonen kom sist veke. Punktet i vedtaket om å berre ta ukrainske flyktningar er ulovleg, melde Vårt Land:
«Vi har kommet til at dette punktet er i strid med diskrimineringsforbudet i Grunnloven og likestillings- og diskrimineringsloven», skriv statsforvaltaren.
Ingen har reist krav om lovlegkontroll av Ukraina-vedtaket i Vardø, fortel ordførar Labahå.
– Kjem bystyret til å gjere eit nytt vedtak?
– Nei, for kommunen kjem til å ta imot dei flyktningane IMDi ber oss om å busetje. Me prøver ikkje å ekskludere nokon, seier Labahå og dreg fram at IMDi var raus med rosen til Vardø i siste brev. Kommunen har gjort ein «formidabel» innsats med å busetje og integrere flyktningar i 2023.
Kommunen kjem til å ta imot dei flyktningane IMDi ber oss om å busetje. Me prøver ikkje å ekskludere nokon
— Tor Erik Labahå (Sp), ordførar i Vardø kommune
Las brevet på éin måte
Men ordførar Tor Erik Labahå har ei høne å plukke med direktoratet.
– Brevet IMDi sende Vardø oppmoda oss til å berre ta flyktningar frå Ukraina, det kan ikkje lesast på nokon annan måte. For IMDi skriv om krigen i Ukraina og dei mange flyktningane som kjem og dei mange ukrainarane som er blitt busette, og dei mange som skal bli busette i år.
Vårt Land tok opp denne saka med IMDi i februar, då vedtaka i Vardø, Frosta og Siljan blei kjent. Direktoratet svarte:
«IMDi må til enhver tid bosette de flyktningene som har fått en oppholdstillatelse fra UDI som danner grunnlag for bosetting med offentlig hjelp, uavhengig av hvilken bakgrunn flyktningene har. IMDi vil derfor forespørre kommunene om å bosette flyktninger med ulik bakgrunn og sammensetning utfra hvem som venter på å bli bosatt når forespørslene sendes til kommunene.
Etterlyser to ting frå eiga regjering
Sp-ordføraren i Vardø kyter av arbeidsgjevarane i kommune, både private og offentlege.
– Alle stiller opp for å flyktningane som kjem hit ut i arbeid. To ting må til for å lukkast med integreringa, arbeidsplassar og språkopplæring, seier Labahå.
Men han etterlyser også to ting frå sentrale styresmakter, altså regjeringa.
– I dag får dei ukrainske flyktningane berre mellombels opphald i eit år. Skal me klare å motivere dei til å lære seg norsk og skaffe seg jobb, må opphaldsløyvet strekkje seg ut over året.
– Så må regjeringa løyve langt meir til kommunane som skal ta i mot flyktningar, særleg språkopplæring.
Åtvarar mot sprengt sosialhjelp
Labahå hentar fram Støre-regjeringas rause løyvingar til norskprodusert ammunisjon som blir sendt austover til Ukrainas hær:
– Norskopplæring til ukrainske flyktningar i Norge er like viktig som norsk ammunisjon til Ukraina.
– Kva skjer om flyktningane som kjem til Vardø ikkje kjem seg i jobb fordi dei ikkje kan norsk godt nok?
– Då aukar utgiftene til sosialhjelp, seier Labahå.
---
Flyktningar
- Regjeringa har planlagt at norske kommunar skal busetje 37.000 flyktningar i år.
- Kommunar har berre gjort vedtak om busetje 27.000 flyktninger, opplyser IMDi.
- Kapasiteten er sprengt, ifølgje Kommunensektorens organisasjon.
---