Nyheter

Dagen som eksploderte

LAURDAG I MIDTAUSTEN: Først svidde israelske busetjarar ned palestinske heimar, så fylte sinte israelarar gatene, til sist sende Iran ein rakettsverm mot Israel.

Konflikten i Midtausten har mange uttrykk. Tre blei synlege laurdag. To valdelege, ei fredeleg. Alle heng saman.

Ein palestinar, Omar Hamed, blei drepen og titall skadde då israelske busetjarar, som leita etter ein sakna gut, gjekk til åtak på den palestinske landsbyen al-Mughayyir på Vestbreidda.

Busetjarane sette fyr på ei rekkje bustadar og bilar i landsbyen, og innbyggjarane svarte med å kaste stein på dei som raida al-Mughayyir, tungt væpna.

Ordførar Amin Abu Alyah fortalde at til sist kom det soldatar frå den israelske hæren. For å støtte busetjarane.

Innbyggjarane i al-Mughayyir skal ha blitt samla utanfor landsbyen før over ti hus og 50 bilar blei brent, melder AFP.

Busetjarane leita etter ein israelsk tenåring, den 14 år gamle gjetarguten Benjamin Achimeir, som forsvann fredag frå ein utpost. Han blei funnen drepen laurdag.

Akef Abu Alia inspiserer skadene på huset sitt og bilene sine etter at bosettere som lette etter en savnet tenåring, angrep landsbyen hans. Foto: Nasser Nasser / AP / NTB

Kjempar for å utvide Israel

På områda Israel har okkupert, ulovleg, sidan 1967, Vestbreidda og Aust-Jerusalem, bur det i dag 700.000 busetjarar. Målet til den israelske regjeringa er at talet skal vekse.

To statsrådar, finansminister Bezalel Smotrich og tryggingsminister Itamar Ben-Gvir, begge frå ytre høgre-parti, snakkar høgt om å innlemme Vestbreidda i Israel.

Sidan Gaza-krigen starta 7. oktober, har valden eskalert på Vestbreidda. Væpna busetjarar, med soldatar i ryggen, tek loven i eigne hender.

Minst 460 palestinarar drepne av israelske soldatar og busetjarar på Vestbreidda sidan 7. oktober.

I same tidsrom er minst 13 israelarar drepne på Vestbreidda.

Runden med busetjarvald som kulminerte laurdag er den valdelegaste sidan 7. oktober.

Titusental samla seg mot statsministeren

Idet røyken hadde letta, og innbyggjarane i al-Mughayyir byrja å leite etter eignelutar i brannruinane, gjekk israelarar i titusental ut på gater og torg i Tel Aviv og Jerusalem, Israels største byar.

Ei veke før jødisk påske, pesach, samla demonstrantane seg om to krav:

Gislane i Gaza må bli sette fri. Det må haldast val i Israel, statsminister Benjamin Netanyahu må ut av regjeringskontora.

Politiet åtvara mot store samkommer i gatene, Iran trua med åtak mot Israel.

Frå årsskiftet til 7. oktober i fjor samla demonstrasjonane mot Netanyahu-regjeringa stendig fleire. Så kom den dødelegaste dagen i jødisk historie sidan 1945, og folk forsvann frå gatene.

Kring 1.200 blei drepne, eit hundretal blei kidnappa til Gaza.

Seks månader seinare har vel 33.000 palestinarar mista livet som følgje av israelske åtak. Storparten av Gazas innbyggjarar har flykta frå heimane sine.

Seks månader seinare er framleis 133 gislar i fangenskap hjå Hamas i Gaza. Laurdag hadde svært mange israelarar på nytt funne fram flagga og kampropa, opp mot 100.000 sa arrangørane.

KRAV

Drap sju frå Irans revolusjonsgarde

I det dag gjekk mot kveld – og natt, gjekk Israel over i eit anna modus:

Fare for åtak, frå aust. Frå Iran.

Jagarfly gjekk på vengene. Folkesamlingar på over 1.000 blei forbode. Statsministerens krigskabinett blei samla. Israel budde seg på eit hemnåtak.

For: 1. april blei sju medlemmer i Irans revolusjonsgarde drepne i eit israelsk luftåtak mot det iranske konsulatet i Damaskus.

Israel er skulda for å ha stått bak åtaket, men har ikkje kommentert skuldingane. Irans øvste leiar Ali Khamenei lova onsdag at Israel ville bli straffa.

Fram til no har Iran gått til åtak på Israel og israelske mål med hjelp frå partnarar: Hamas i Gaza, Hizbollah i Libanon, houthiane i Jemen.

Har vore fiendar sidan revolusjonen i 1979

Laurdag kveld gjekk Iran gjekk til åtak mot Israel på eiga hand. Åtaket var det første frå iransk jord etter meir enn 40 år med fiendskap, eit fiendskap som byrja då den iranske revolusjonen i 1979 endra Iran frå eit autokratisk, vestleg orientert monarki, styrt av ein sjah, til ein islamsk teokratisk republikk under Ayatollah Khomeini.

Laurdag kveld gjekk flyalarmen i Israel. På nytt. Han har lydd ofte sidan 7. oktober.

Ein sverm av dronar og rakettar blei sendt mot mål i Israel. Som svarte med å skyte mange ned med luftvern. I lufta, saman med israelske fly, opererte også fly frå Jordan, USA og Storbritannia.

Berre éi israelsk jente blei skadd.

Israel visste at åtaket ville komme. Saman med USA har dei følgt den iranske opptrappinga: Klargjering av dronar, flytting av rakettbatteri.

ÅTAK

Lovar hemn når tida er inne

I Israels krigskabinett budde statsministeren seg på å svare militært. Men Benjamin Netanyahu bøygde av.

USAs president Joe Biden hadde ringt, midt i natta.

Israel svarte sundag med åtak mot Hizbollah-mål aust i Libanon – og ein lovnad, frå mannen mange i Israel ser som landets neste statsminister:

– Me vil byggje ein regional koalisjon og krevje prisen frå Iran på den måten og på det tidspunktet som er rett for oss, sa minister i Israels krisekabinett, Benny Gantz, sundag. Han har også vore forsvarssjef.

Dei to ministrane som ikkje er med i krigskabinettet, Smotrich og Ben-Gvir, ønskte sundag å svare straks: «Go crazy», lydde det frå tryggingsministeren medan finansministeren vil «skape gjenlyd i heile Midtausten».

På Vestbreidda blei palestinaren Omar Hamed gravlagt.


Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter