Nyheter

Tysk miljøminister provoserer Botswanas president

VERNE DYR: Tyskarane bør få oppleve korleis det er å leve side om side med fleire tonn tunge dyr som øydelegg landsbyar og trakkar folk i hel.

Synspunktet kjem frå Botswanas president Mokgweetsi Masisi, som er svært provosert:

– Det er veldig lett å sitje i Berlin og ha ei meining om det me driv med i Botswana, seier han til den tyske avisa Bild.

Som svar på eit utspel frå den tyske miljøministeren Steffi Lemke, som representerer partiet Dei Grøne, truar Masisi med å sende ei særs talrik – og tung – gåve nordover:

20.000 elefantar – der ein fullvaksen hanne kan vege nesten sju tonn.

– Det er ikkje ein spøk, seier presidenten til Bild.

SJEF

Vil stoppe tysk troféimport

Bakgrunnen for elefantstriden er at Tyskland er mellom dei største importørane av jakttrofé i EU. Miljøministeren Steffi Lemke ønskjer derfor å få slutt på elefantjakta i Botswana, ved å stramme inn reglane for kva trofé som kan hentast heim til Tyskland.

Lemke ønskjer også å stoppe krypskytinga av det største dyret på det afrikanske kontinentet.

Det er veldig lett å sitje i Berlin og ha ei meining om det me driv med i Botswana

—  Mokgweetsi Masisi, president, Botswana

Gjev villig vekk elefantar

Botswanas statssjef opplyser at landet har fått ein enormt stor flokk dyr å hanskast med: Kring 130.000 elefantar.

Landet sør i Afrika prøver å regulere dyrestanden på to måtar: Jakt og gåver.

Angola har fått tilbod om å ta i mot 8.000 elefantar og Mosambik kan få 500, fortel Masisi til Bild.

Han meiner miljøministeren Steffi Lemke ikkje veit kva ho snakkar om når ho vil verne Botswanas elefantar.

GRØN

Vernar kjempedyra for oss alle

– Me betalar prisen for å bevare desse dyra på vegner av verda – og Lemkes parti, minner presidenten om, og legg til:

– Tyskarane burde prøve å leve saman med dyra.

Utfordringane med å ha flokkar av elefantar valsande rundt i landet er mange, seier han og listar opp: Dei raserer landsbyar, et opp avlingar og trampar folk i hel.

Difor tilbyr Masisi 20.000 dyr til Tyskland, som avlastning.

Skrota forbod mot jakt

I 2014 innførte landet eit forbod mot troféjakt for å regulere bestanden, som var på retur. I 2019 blei forbodet skrota.

Presidenten fortel at jakt er den beste måten å regulere bestanden på.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter