Nyheter

Bibelselskap lindrar krigssmerter

KRIGEN I UKRAINA: Norge sender meir enn granater til krigsherja Ukraina. Bibelselskapet deler ut biblar og samlar krigstrøtte til lindrande samtalar.

– Her i Ukraina er alle, på ein eller annan måte, ramma av krigen. Og mange får sår på sjela, sår som treng lindring.

Bernt G. Olsen, bibelmisjonsleiar i Bibelselskapet, har vore talrike turar austover. No er han i Ukraina saman med generalsekretær Øyvind Haraldseid, som er i landet for første gong.

Olsen fortel Vårt Land at medan dei vitjar landet rettar Russland massive angrep på infrastruktur, særleg blir straumforsyninga til dei store byane bomba.

Difor har Olsen og Haraldseid søkt vern i bomberom fleire netter.

– Ei natt blei det talt 92 nedslag, fortel utsendingen frå Bibelselskapet.

I Ukraina er alle, på ein eller annan måte, ramma av krigen. Og mange får sår på sjela, sår som treng lindring

—  Bernt G. Olsen, Bibelselskapet

Bombar mål over heile landet

Russlands angrep natt til fredag var det største mot Ukrainas energiforsyning så langt i krigen. Natt til søndag blei det meldt om russiske rakettar også over andre delar av Ukraina, mellom anna i Lviv-regionen i vest.

Måndag blei hovudstaden Kyiv på nytt mål for russiske rakettar. USAs ambassadør i Ukraina, Bridget Brink, melder på X, tidlegare Twitter, at russarane brukte hypersoniske rakettar.

«Dei fem siste dagane har Russland fyrt av hundrevis av dronar og rakettar», skriv Brink.

Enorme krigskostnadar på begge sider

Russlands invasjonskrig har enorme kostnadar, målt i menneskelege lidingar:

  • Korkje Ukraina eller Russland gjev opp kor mange soldatar dei mistar på slagmarka, men analysar viser at kring 500.000 soldatar er drepne og såra i krigen, og at fleirtalet av desse skal vere russiske, melder NTB.
  • FN har registrert over 10.000 drepne sivile i Ukraina, men det reelle talet er langt høgare.
  • 6,5 millionar ukrainarar har flykta frå landet sidan invasjonen 24. februar 2022, og ytterlegare 3,7 millionar er internt fordrive.
traume

Kursopplegg til bruk ved katastrofar

Krigen har skapt sterk etterspurnad etter hjelp. Bibelselskapet yter psykisk helsehjelp på brei front, til sivile, til soldatar, til helsepersonell.

Dei foreinte bibelselskapa som både Bibelselskapet i Norge og Bibelselskapet i Ukraina er medlem av, har eit eige Traumelindringsinstitutt.

Bernt G. Olsen, bibelmisjonsleiar i Bibelselskapet, forklarar kva form for traumelindring dei tilbyr i Ukraina:

Eit kursopplegg tufta på bibelske og psykologiske prinsipp til bruk ved katastrofar. Det ukrainske bibelselskapet har tilpasset kurset til ukrainsk bruk.

Nesten 20.000 har fått traumelindring

Til no er 1.500 kurshaldarar opplært og held kurs over heile i landet, særleg i lokale kyrkjelydar. I fjor fekk opp mot 20.000 ukrainarar traumelindring gjennom dette programmet.

Gjennom samtaleøktene evnar folk å gjenkjenne traume, samt avklare kva som er normale og unormale reaksjonar, kva som kjenneteiknar stadia for sorg, kjensla av vonløyse og aksept for no-tilhøva.

– Kyrkja nyt stor tillit i Ukraina, og no ønskjer kyrkjelydar over heile landet dette kursopplegget, seier Olsen.

Han fortel at ein skal ikkje skrape mykje under overflata før krigstraumene kjem fram.

– Folk har levd med krig i over to år.

Fordi etterspurnaden er så sterk, vil Bibelselskapet no søkje offentleg støtte i Norge, slik at organisasjonen kan nå ut til fleire ukrainarar.

bibel

Har fått inn ein million biblar

Sidan krigen starta i februar 2022, har Norge sendt store mengder våpen, ammunisjon og militært utstyr til Ukraina.

Med innsamla midlar syter Bibelselskapet for heilt andre gåver til landet.

– Frå januar 2023 til januar i år har me fått ein million biblar til Ukraina. Mykje blir delt, noko blir selt. Etterspurnaden etter biblar er enorm, seier Olsen.

– Men det er utfordrande å få dei inn i landet. Biblane blir trykte i Kina, og før krigen frakta me dei med båt til den ukrainske hamnebyen Odesa. No må me frakte dei til den polske hamnebyen Gdansk, så inn i Ukraina med lastebil.

---

Bibelselskapet

  • Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991 og Ukraina blei ein sjølvstendig nasjon, har Bibelselskapet i Norge vore med å bygd opp Ukrainas bibelselskap.
  • Sidan 1993 har Bibelselskapet hatt hovudansvaret.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter