Nyheter

Kirkens Nødhjelp refsar bruk av bistand i tvangsretursaker

TVANGSRETUR: Generalsekretær Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp stiller to krav til departement: Fortel ope korleis de har brukt bistand i saker om tvangsreturar – og slutt med det.

– Dette er ei form for smøring. Dette er ikkje effektiv bruk av bistandsmidlar.

Dagfinn Høybråten held fram at norsk bistand skal leggje FNs berekraftsmål til grunn, ikkje norsk asylpolitikk.

Toppsjefen i bistandsorganisasjonen reagerer på det Vårt Land fortalde tysdag:

Land som nektar å ta i mot eigne borgarar kan motiverast til å opne dørene for dei Norge vil tvangssende heim: Personar med endeleg asylavslag, som ikkje returnerer frivillig slik dei er pålagt.

Dette er ei form for smøring. Dette er ikkje effektiv bruk av bistandsmidlar.

—  Dagfinn Høybråten, generalsekretær i Kirkens Nødhjelp

I Justisdepartementets Returstrategi 2023–2029 forklarar justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) korleis ein skal bruke bistandskroner:

«Samarbeid med utviklingssiden om tiltak som kan styrke utvalgte opprinnelseslands reintegreringsevne og -vilje. Det kan vurderes tiltak til lokal-/vertssamfunn som gjør dem bedre rustet til å reintegrere egne borgere.»

– Bistand må ikkje brukast som pressmiddel, seier generalsekretær Høybråten i Kirkens Nødhjelp.

440 har plikt til å reise frå Norge

Ved utgangen av februar sat det 440 personar på asylmottak som har utreiseplikt. Flest frå Etiopia, Eritrea og Iran, viser ein oversikt frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

Norge har avtalar med 34 land som seier at landa skal ta tilbake borgarar som Norge ikkje gjev opphald. To av landa på topp-tre-lista har Norge ikkje returavtalar med, Eritrea og Iran.

Akkurat no fører Norge forhandlingar med tre nye land om returavtalar, Kapp Verde, Usbekistan og Cuba.

Sp-nestleder Anne Beate Tvinnereim ser ikke mørkt på de første valgresultatene og mener partiet har gjort et godt valg om de står seg. Foto: Lise Åserud / NTB

Tvinnereim held på bistandskronene

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) skriv i ein epost til Vårt Land at det «det er ikkje regjeringas politikk å bruke bistandsbudsjettet som insentiv for at statar skal ta imot borgarar utan opphald i Noreg, slik Vårt Land gir inntrykk av i si sak.»

Så sender ho ballen vidare til partikollega og justisminister Emilie Enger Mehl:

«Spørsmål om innhaldet i Justisdepartementets Returstrategi 2023-2029, må Justisdepartementet svare på.»

Justisdepartementet har ikkje svart på Vårt Lands spørsmål om returstrategien.

Skal sende ut 21 frå Etiopia

Vårt Land fortalde sist veke at kort tid etter at klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) signerte ein skogavtale verdt inntil ein milliard kroner med Etiopia sat det minst 21 etiopiarar på Politiets utlendingsinternat ved Gardermoen. Målet er å få dei tvangsreturnert til Etiopia. Alle nektar å reise heim frivillig etter endeleg asylavslag.

Kirkens Nødhjelp-sjef Høybråten har ei klar melding til regjeringa og klimaministeren:

– Fortel oss kva som blei sagt i Addis Abeba.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen og Etiopias finansminister Ahmed Shide setter sine signaturer på den nye partnerskapsavtalen om bevaring av tropisk skog. Foto: Ragnhild Eikenes / Klima- og miljødepartementet / handout / NTB

Returavtalen kom ikkje på bordet

Vårt Land har spurt Andreas Bjelland Eriksen om akkurat det. Han svarar i ein epost:

«Koblingen Vårt Land og andre forsøker å lage mellom returavtalen, mitt og vårt skogsamarbeid er ren konstruksjon. Jeg er overrasket over måten Vårt Land har fremstilt denne saken. Returavtalen var på ingen måte del av programmet og ble ikke nevnt verken formelt eller uformelt. Jeg var i Addis Abeba for å markere fortsettelsen av et mangeårig samarbeid om skogbevaring i Etiopia.»

Ap-statsråden skriv at «Norges støtte forutsetter at Etiopia leverer resultater i form av reduserte CO2-utslipp».

---

Tvangsretur

  • Norge har returavtalar med 34 land, og fører forhandlingar med tre nye.
  • Avtalane skal sikre Norge retten til å tvangsreturnere personar som har fått endeleg avslag på asylsøknaden og som nektar å reise heim frivillig, slik dei blir pålagt.
  • Justisminister Emilie Enger Mehl har lagt fram Returstrategi 2023–2029.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter