Nyheter

Noas ber Mehl snu om tvangsutsending: Barn i Norge rammes

TVANGSRETUR: Regjeringa gjer alvor av returavtalen med Etiopia. 23 ventar på å bli tvangsreturnert. Noas ber justisministeren om å snu: – Barn i Norge rammes.

Vårt Land melde måndag at politiet har pågripe om samla saman 21 etiopiarar med endeleg asylavslag, og sendt dei til Politiets utlendingsinternat (PU) ved Gardermoen.

Onsdag får Vårt Land opplyst frå to organisasjonar som følgjer saka tett, Noas og Mennesker i Limbo, at talet har stege til 23. Alle skal tvangsreturnerast til Etiopia, for alle har fått avslag på søknaden om vern i Norge.

– Politiets utlendingseining kommenterer ikkje einskildsaker, opplyste pressevakt i PU til Vårt Land måndag.

Etter det Vårt Land erfarer skal dei første fem bli sendt til Etiopia på fredag.

Norge gav Etiopia raus skogavtale

Innsamlinga av etiopiarar kom kort tid etter at Støre-regjeringa signerte ein skogavtale med Etiopia: Landet kan få inntil 100 millionar dollar – eller litt over ein milliard kroner – dersom dei oppnår måla i avtalen om å redusere klimagassutslepp frå avskoging.

Det var Stoltenberg-regjeringa som i 2012 fekk på plass ein returavtale med Etiopia. Fram til då nekta Etiopia å ta imot etiopiarar som hadde fått avslag på asylsøknadane i Norge.

Ber om vurdering av «barns beste»

Onsdag sender Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas) brev til justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) og Utlendingsnemnda der organisasjonen ber om ny vurdering av sakene til etiopiarane som er internerte på Politiets utlendingsinternat.

Fordi fleire av dei har budd lenge i Norge ber Noas om «vurdering av om det foreligger sterke menneskelige hensyn i den enkelte sak».

Noas peikar på at tvangsutsendingane også vil «innebære en brå og brutal familiesplittelse. Det er barna her som rammes, barn som ikke har andre enn den norske stat til å beskytte sine grunnleggende rettigheter.

Tre etiopiarar har til saman seks barn i Norge, som blir igjen her i landet.

Justisminister Mehl har fleire gonger dei seinare åra understreka at personar med endeleg avslag må reise frå Norge.

Spør justisministeren

Etter at saka blei kjent har både KrF og SV tatt opp tvangsutsendingane med Mehl i form av skriftlege spørsmål til statsråden.


Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter