Nyheter

180 millionar menneske treng humanitær hjelp. Ei heiter Satayesh

SVOLT, FLUKT, DØD: Satayesh bur i eit land heimsøkt av katastrofer, som at 23 millionar landsmenn treng akutt hjelp i år.

Ingen går i protesttog for Satayesh.

Ingen organiserer næringslivsleiaropprop for Satayesh.

Ingen bombarderer statsminister Jonas Gahr Støre med krav om strakshjelp til Satayesh.

Satayesh bur i Afghanistan.

I Utanriksdepartementet ser utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) mot eit 365 kvadratkilometer stort område inst i Middelhavet, som husar vel to millionar menneske.

– Gaza er nok den verste staden på jorda no på lang tid.

Dei er tvinga til å leve under desperate og uverdige tilhøve, i provosorike telt, utan eingong grunnleggjande bistand. Korleis er det mogleg at desse menneska er blitt så gløymde?

—  Jan Egeland, generalsekretær Flykninghjelpen

Årets oppdrag: Må hjelpe 180 millionar menneske

OCHA. Fire bokstavar. Forkorting for Office for the Coordination of Humanitarian Affairs. Eller: FNs nødhjelpskontor.

OCHA har fire oppgåver. Dei varslar, dei informerer, dei utviklar politikk, dei finansierer.

I år ber OCHA, og deira medhjelparar, om 490 milliardar kroner. 180 millionar menneske i 72 land har akutt behov for hjelp.

Ei av dei 180 millionane er Satayesh. Ho bur i landsbyen Chahak, vest i Afghanistan, som i blei jamna med jorda av eit jordskjelv.

Ho og familien manglar alt.

FN anslår at minst 114 millioner mennesker i verden er på flukt fra sine hjem, og blant dem er det over 50 millioner barn. Behovene for nødhjelp er enorme. Disse har flyktet fra Øst-Kongo der militsgrupper herjer. Foto: AP / NTB

Her er dei fem verste

OCHA rangerer ikkje humanitære kriser.

Men målt i millionar menneske er dette verdas fem verste krisene som herjar akkurat no: Kongo, Sudan, Afghanistan, Etiopia og Myanmar.

Kongo

  • 25,4 millionar menneske treng humanitær støtte.
  • Konfliktane i landet har sendt over sju millionar på flukt. 6,5 er internflyktningar, ein million har rømt til naboland.
  • Berre i provinsane Ituri, Nord-Kivu, Sør-Kivu og Tanganyika skal det vere over 150 væpna grupper. Her har valden sendt meir enn 3,3 millionar menneske på flukt.
  • Berre i Ituri blei titusental drepne i massakrar i åra 1999–2007. Årsakene til valden går mange år tilbake. Tvistane handlar om landrettar og eigarskap til jord, etniske motsetningar og kontroll med naturressursane.
  • Krigshandlingane i Kongo byrja i 1996, og i løpet av 28 år har kring fem millionar menneske mista livet.

Sudan

  • 24,8 millionar menneske treng humanitær hjelp.
  • 10,7 millionar er blitt flyktningar. Over seks er internflyktningar medan 1,7 har flykta til naboland som Tsjad og Sør-Sudan.
  • Borgarkrigen mellom regjeringshæren og deira tidlegare allierte i RSF-militsen starta i april i fjor.
  • RSF blei skipa i 2013 med utgangspunkt i Janjaweed-militsen og har på vegner av regimet i Khartoum kjempa i Darfur-regionen vest i Sudan, og blir skulda for omfattande krigsbrotsverk.

Afghanistan

  • 23,3 millionar menneske treng humanitær hjelp.
  • Vel fem millionar er flyktningar i naboland, særleg Pakistan.
  • I august 2021 tok Taliban makta i landet, mykje internasjonalt hjelpearbeid stoppa fullstendig opp.

Etiopia

  • 20 millionar menneske treng humanitær hjelp.
  • Kring 3,5 millionar er internt fordrive på grunn av vald, konfliktar og forfølging. Samstundes har om lag ein million søkt vern i Etiopia, dei kjem særleg frå Sør-Sudan og Somalia.
  • I 2020 braut det ut ein borgarkrig mellom regjeringshæren og regionen Tigray.

Myanmar

  • 18,6 millionar menneske treng humanitær hjelp.
  • 2,6 millionar er internt fordrive, 1,1 millionar har rømt landet, storparten til nabolandet Bangladesh.
  • Myanmar er heimsøkt av fleire konfliktar mellom ulike folkegrupper og regjeringshæren.
Kriser i verden utfordrer Kirkens Nødhjelp: 
Sudan utdeling:
Hygienepakker blir delt ut til internt fordrevne i Al Tadamun i Gedaref-leiren i østlige Sudan.

Har opplevd avrettingar, valdtekter, massakrar

FNs matvareprogram (WFP) trykkjer no på den store raude knappen.

Den 11 månedar lange borgarkrigen i Sudan kan utløyse verdas største svoltkatastrofe.

For: Berre fem prosent av befolkninga i Sudan har i dag råd til eitt verkeleg mettande måltid om dagen. 90 prosent av dei som treng hjelp, må klare seg sjølve.

Jan Egeland, generalsekretær i Flyktninghjelpen, har vitja sudanske flyktningar i Tsjad.

– Her i Tsjad har eg høyrt forferdelege vitneprov om overlagt vald. Familiar på flukt frå Darfur har vore vitne til avrettingar, valdtekter, vilkårleg skyting, brenning av leirar og massakrar – berre på grunn av deira etnisitet.

Egeland ser få hjelparar:

– Dei er tvinga til å leve under desperate og uverdige tilhøve, i provosorike telt, utan eingong grunnleggjande bistand. Korleis er det mogleg at desse menneska er blitt så gløymde? spør han.

FN slit med å få medlemsland til å gje pengar

FNs naudhjelpssjef lovar drygt ein milliard kroner til sju oversette kriser i Afrika, Latin-Amerika og Midtausten, men vedgår at behova er langt større.

Kongo, Sudan og Syria, alle herja av langvarig krig, får mest: 200 millionar kroner til innsats i kvart land. Millionane blir henta frå FNs sentrale naudhjelpsfond (CERF).

Tsjad, som har tatt imot vel 500.000 flyktningar frå Sudan, får vel 150 millionar kroner.

Men CERF slit. I fjor bad FN om 590 milliardar kroner til fondet. Men FNs medlemsland fylte berre på med 40 prosent.

Norge finansierer ti prosent av fondet, opplyser Utanriksdepartementet.

alt

Får mat frå feltkjøkken

I landsbyen Chahak, vest i Afghanistan, fekk Satayesh og familien hennar akutt naudhjelp i dagane etter jordskjelvet i oktober: Mat, vatn, medisin, telt, tepp og klede.

Kirkens Nødhjelp starta så med å byggje mellombelse hus og syte for mat til dei jordskjelvramma frå store feltkjøkken.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter