Nyheter

Her er den nye tittelen på Israels bidrag til Eurovision

MUSIKK: Israels kontroversielle bidrag til Eurovision har byta namn frå «October Rain» til «Hurricane».

Israels deltaking i den komande Eurovision-finalen har vore kontroversiell på grunn av landets krigføring i Gaza der over 30.000 menneske er drepne.

Ikkje minst har det vekt merksemd at landets bidrag «October Rain» peiker mot terrorangrepet som Hamas utførte 7. oktober i fjor. Det kan vera eit brot på kravet Eurovision stiller til politisk nøytralitet.

No har Israel endra songen, melder svenske Dagen.

Tittelen er endra frå «October Rain» til «Hurricane». Songen skal ha same melodi, men teksten skal vera endra. Det er ikkje offentleggjort om heile song-teksten eller berre delar av den er skriven om.

Handlar om ei ung kvinne i krise

I helga la den israelske offentlege kringkastaren KAN ut eit bilde av deltakar til Eurovision, Eden Golan. Bildet skal vera frå opptaket av den nye versjon av songen.

Den opphavlege teksten hadde linjer som «There’s no air left to breathe» and «They were all good children, each one of them».

Den nye versjonen handlar, ifølgje KAN, om ei ung kvinne som overlever ei personleg krise, skriv The Times of Israel. Songen skal offentleggjerast på direkte fjernsyn kommande søndag, 10. mars.

Flere demonstranter krever at NRK råder EBU til å utestenge Israel fra Eurovision 2024. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Israels president greip inn

Den nyskrivne songen kjem etter at Israels statsminister, Isaac Herzog, involverte seg i saka, skriv The Guardian.

Den israelske kringkastaren KAN seier til The Guardian:

«Presidenten understreka at spesielt i denne tida, når dei som hatar oss, ønsker å dytta vekk og boikotta staten Israel frå alle scener, må Israel lata si stemme bli høyrt med stoltheit og halde sitt hovud høgt og heva flagget i alle verdsfora, spesielt dette året.»

Eurovision-finalen blir halden frå 7. til 11. mai i Malmø i Sverige.

«Samanlikningar mellom krigar og konfliktar er vanskeleg»

Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) har tidlegare opplyst til HuffPost UK at den skulle gjennomgå songteksten.

I ei utsegn til NTB i helga understreka EBU-direktør Noel Curran at song-konkurransen er ikkje-politisk og ein konkurranse mellom allmennkringkastarar som er medlem i unionen.

– Me veit at mange har teke til orde for å ekskludera Israel frå årets konkurranse på same måte som me ekskluderte dei russiske kringkastarane i 2022 etter invasjonen av Ukraina. Samanlikningar mellom krigar og konfliktar er vanskeleg, og som ein ikkje-politisk medieorganisasjon er det ikkje vår oppgåve, sa han til NTB.

Han sa vidare at den israelske offentlege kringkastaren KAN oppfyller alle konkurranse-reglane for i år.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter