Nyheter

Spår meir israelsk vin i norske pol-hyller

VIN: Vin-importør Christian Helsvig sørger for at vin frå Vestbreidda hamner i norske pol. – Me importerer vinar frå produsentar, ikkje frå styresmakter.

– Basert på kvaliteten på vinar frå Israel blir det heller meir vin frå Israel i framtida enn færre, trur eg. Akkurat kva område det blir frå, blir avgjort av vinkvalitet og vårt samarbeid med produsentar, ikkje av politikk.

Det skriv vin-importør Christian Helsvig i ein e-post til Vårt Land. Han er dagleg leiar i selskapet Ewine, som importerer to vinar som Vinmonopolet merkar med opphav frå israelske busettingar på Vestbreidda.

I dag kan norske pol-kundar velja mellom 13 produkt frå Israel og israelsk-okkuperte område. Fleire tek til orde for ein boikott av denne vinen som følgje av Israels krigføring på Gaza.

Det får ikkje støtte frå Christian Helsvig i selskapet Ewine.

– Eit grunnprinsipp for oss er at me importerer vinar frå produsentar, ikkje frå styresmakter. Me ser ingen verdi av ein politisk boikott av menneske som produserer gode vinar frå vinmarkene der dei jobbar og bur.

– Eit unikt jordsmonn med ein heilt spesiell vinhistorie

Christian Helsvig anslår at Ewine har mellom 80 til 100 vinar til sals gjennom Vinmonopolet. To av desse er merka med opphav frå Vestbredden og israelsk busetting.

– Kvifor importerer Ewine vinar frå Vestbreidda?

– Det har vore produsert vin i området i tusenvis av år. Det er eit unikt jordsmonn med ein heilt spesiell vinhistorie. Det er druene, jordsmonnet og menneska som bur og jobbar der som avgjer om me vel å importere vinen, skriv Christian Helsvig.

– Ser Ewine det som eit problem at vinane er produsert på område som er okkupert av Israel?

– Det er ikkje ein faktor som har nokon innverknad på vår beslutning om å importera vinane.

Seier vindruene kjem frå palestinske bønder

Dei to vinane som Ewine importerer, kjem frå den israelske vinprodusenten Recanati Winery. Den har adresse i Israel, og produserer fleire vinar som er til sals i Noreg med Israel som opphavsland.

Vårt Land har spurt Vinmonopolet om kvifor vin frå same produsent blir merka med ulikt opphav. Svaret er at druene kjem frå ulike stadar.

– Ut frå nye opplysningar me fekk i fjor på kor druene kjem frå for to av desse produkta, så endra me opphav frå Israel til Vestbreidda og israelsk busetting, skriv samfunnskontakt i Vinmonopolet Halvor Bing Lorentzen i ein e-post til Vårt Land.

Det er druene, jordsmonnet og menneska som bur og jobbar der som avgjer om me vel å importere vinen

—  Christian Helsvig

Importøren Christian Helsvig seier at den israelske vinprodusenten Recanati Winery kjøper vindruer frå palestinske bønder på Vestbreidda. Han seier han ikkje har dokumentasjon på dette, hovudsakleg sidan den palestinske vinbonden ikkje ønsker at dette skal bli offentleg.

I ein artikkel frå 2015 omtalar Haaretz ein partnarskap mellom israelske Recanati Winery og ein palestinsk vingard nær Betlehem. Ifølgje artikkelen er identiteten til den palestinske vingarden hemmeleg på grunn av samarbeidets kontroversielle karakter.

Importør av Gamla-vin vil ikkje svara

I tillegg til dei to vinane frå Vestbreidda, har Vinmonopolet inne fem vinar frå Golanhøgdene. Golanhøgdene er område Israel har okkupert frå Syria. Noreg ser på dei israelske busettingane på okkuperte område som i strid med folkeretten. Det omfattar Golan, Gaza og Vestbreidda, inkludert Øst-Jerusalem.

Gamla Cabernet Sauvignon. Rødvin fra Golanhøydene i Israel på Vinmonopolet i Oslo.

Selskapet Amka står som grossist på alle fem vinane frå Golanhøgdene. Mellom vinane er Gamla Cabernet Sauvignon, som er bestseljar av busettarvinane. I 2022 utgjorde denne vinen over halvparten av Vinmonopolets totale sal av vin frå israelsk-okkuperte område.

Vårt Land har kontakta dagleg leiar i Amka Thomas Leegaard Jensen og spurt kvifor selskapet importerer vin frå Golanhøgdene. Han har ikkje svara på gjentekne førespurnader.

Inga tru på boikott

I fjor kjøpte nordmenn rundt 7.800 flasker vin og brennevin frå Israel og ulovlege israelske busettingar. Sist veke meldte Vårt Land at fagforeiningsleiar for dei tilsette i Vinmonopolet vil ha stopp i salet.

Sist veke drøfta bedriftsforsamlinga i Vinmonopolet eit boikott-spørsmål frå SV-politikar Gunhild Johansen. Ho tok opp om Vinmonopolet ville stansa eller avgrensa importen av vin produsert av israelske busettingar. Spørsmålet vart drøfta utan at noko vart vedteke.

Same veke stemte Stortinget ned ei rekke forslag om sanksjonar og boikott av Israel som følgje av krigen i Gaza.

d

Vinmonopolet har visa til at selskapet ikkje tek eigne utanrikspolitiske vurderingar. Selskapet viser til alkohollova, som slår fast at selskapet ikkje kan forskjellsbehandla leverandørar på grunnlag av nasjonalitet eller land.

Vin-importør Christian Helsvig meiner at Vinmonopolets policy er ein nødvendig balansegang;

– Verken Vinmonopolet, staten, LO eller Handel og Kontor Vinmonopolet kan diktera kva kvar enkelt nordmann meiner om konflikten og politikk rundt den, eller kva den enkelte kan kjøpa og selja.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter