Nyheter

Mor Alexandra ber kunnskapsminister Kari om å gje ideelle barnehagar viktig hjelp

BARNEHAGELOV: Barnehagen er ideell, blir eigd og drive med kristent verdigrunnlag. Han står i fare for å bli lukka og låst. – Me må sikre mangfaldet, seier Alexandra Nordmark.

Fireåringen Louis skal heim. Dagen i Midtbyen barnehage i Trondheim er over. Mor Alexandra Nordmark kler han godt, for vinteren i trønderhovudstaden kjøler.

– Midtbyen barnehage er umisteleg. Dotter vår starta her, no går Louis i barnehagen. Me kunne ikkje fått betre tilbod, fortel ho til Vårt Land.

Då dottera skulle byrje i barnehagen, vitja Nordmark fleire aktuelle barnehagar i Trondheim, både private og kommunale. Men då ho kom inn i Midtbyen barnehage, var saka klar:

– Her skal ho vere.

11 år seinare er Alexandra Nordmark like nøgd.

– Personalet er svært flinke, dei skaper gode dagar for barna våre, fortel Nordmark, som i dag er leiar foreldreutvalet i barnehagen.

Difor er ho kritisk til forslaga til nytt regelverk for finansiering og styring av barnehagesektoren, som blei presentert i november av Kunnskapsdepartementet.

– Me må sikre mangfaldet. Difor bør alle ideelle barnehagar sleppe å bli omorganiserte til eigne rettssubjekt.

Me må sikre mangfaldet

—  Alexandra Nordmark, mor og foreldretillitsvalt

Innstrammingar har vore på høyring

Det heng ei mørk sky over Midtbyen barnehage og dei ni andre barnehagane til stiftinga Trondhjems Asylselskap.

I januar i fjor la dåverande kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) fram strategiplanen til regjeringa, Barnehager for en ny tid. Ho varsla nytt regelverk for finansiering og styring av barnehagesektoren.

I november sende etterfølgjaren Kari Nessa Nordtun (Ap) ut forslag til endringar i barnehageloven, med forskrifter, på høyring.

Trondhjems Asylselskap (TA) er ein av mange barnehagedrivarar som reagerer sterkt på korleis Støre-regjeringa vil styre barnehagane som ikkje er kommunale.

Det ideelle selskapet fryktar at kunnskapsminister Nessa Nordtun blir den som stengjer og lukkar drifta i Trondheim. Eit krav er svært utfordrande:

«Våre barnehager er avhengig av å bli omfattet av et unntak fra regelen om eigne rettssubjekt for å ha grunnlag for videre drift», skriv Trondhjems Asylselskap i høyringssvaret til Kunnskapsdepartementet.

Mor Alexandra Nordmark henter sønnen Louis i midtbyen barnehage i Trondheim. 
Barnehagen står i fare for å måtte stenge med ny reform for private barnehager på trappene.

Biskopen er med og styrer

Barn går i anten kommunale eller private barnehagar. Dei private er anten eigde av store konsern, små AS eller av ideelle.

Trondhjems Asylselskap tilhøyrer siste kategori. Namnet stammar frå perioden det var barneasyl; omsorgsinstitusjon for fattige barn. Eldste institusjon var Byens Asyl frå 1837 – i dag husar det Midtbyen barnehage, som med det er Norges eldste.

I 1938 blei barneasyla til barnehagar. Frå 1862 var Nidaros biskop øvste leiar, i dag har biskopen og Kirkelig fellesråd i Trondheim representantar i TA-styret.

Oppsparte kroner må brukast

I forslaga til nytt regelverk har ein type ideelle barnehagar fått unntak for kravet om å bli sjølvstendig rettssubjekt: Barnehagar som er eigde av eitt sokn i Den norske kyrkja.

Alle andre ideelle barnehagar må innfri kravet som TA protesterer kraftig mot.

Kravet betyr at dagens selskap må bli splitta opp i ti sjølvstendige rettssubjekt, som skal få eigenkapital og som må levere eigne rekneskap årleg – noko som kostar store summar.

I høyringssvaret løfter TA også fram ei anna stor utfordring: pensjonskostnadane – til dei som jobbar i TA og dei som har jobba i TA.

«Når vi da skal fordele egenkapital til oppstart av de nye selskapene, samt egenkapital til pensjonsforpliktelsene de ulike selskapene får med seg, vil det kreve hele stiftelsens oppsparte egenkapital. Resultatet blir at stiftelsen ikke er likvid», skriv TA, og peikar på at vidare drift vil «være truet både for stiftelsen som helhet, og de heleide barnehagene/aksjeselskapene».

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) overtar kontoret til Tonje Brenna.

Ber om likebehandling

Dagleg leiar Paal Christian Bjønnes i Trondhjems Asylselskap minner om kva som skjedde då Støre-regjeringa endra barnehageloven i 2022 og presenterte kravet om sjølvstendige rettssubjekt første gong.

– Forslaget var så dårleg greidd ut at Kunnskapsdepartementet måtte gå tilbake på kravet og gje barnehagar eigd av sokn i den norske kyrkja unntak, på grunn av kyrkjelovverket, seier han til Vårt Land.

– Kva følgjer bør dette få for barnehagane til TA?

– Me ber om likebehandling. TA er ei stifting med eitt formål, drive barnehage med utvida kristen formålsparagraf. Det bør gjevast eit generelt unntak for stiftingar som berre driv barnehagar.

Rekneskapsbransjen vil tene millionar

Universitetet i Agder har reikna på kva kostnadar kravet om eigne rettssubjekt vil koste dei private barnehagane: 100–120 millionar kroner i året.

Får kunnskapsministeren gjennomført omlegginga, må alle ideelle barnehagar levere eige rekneskap, revidert av revisor, ha eige styre.

«Dette er penger som kunne kommet barna til gode i form av flere ansatte, kvalitetsutvikling og utstyr», skriv Arbeidsgiverforeningen Spekter i sitt høyringssvar.

Mor Alexandra Nordmark henter sønnen Louis i midtbyen barnehage i Trondheim. 
Barnehagen står i fare for å måtte stenge med ny reform for private barnehager på trappene.

Ap-statsråd vil gje kommunane sterk styringsrett

I forslaget til nytt regelverk steilar Trondhjems Asylselskap og landets private barnehagar på at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og regjeringa vil gje kommunane utvida styringsrett.

For å hindre overkapasitet skal kommunane få retten til å redusere talet på plassar ein privat barnehage er godkjent for.

Høyringsrunden avdekkjer sterke reaksjonar på forslaget. «Dramatisk inngrep», melder Trondhjems Asylselskap, som peikar på fleire negative konsekvensar:

Foreldre vil vegre seg mot å søkje plass i private barnehagar, barnehagelærarar vil vegre seg mot å søkje ledige stillingar og bankar vil ikkje gje lån.

Barnehagehøyringa har engasjert svært mange barnehagar, foreldreutval og einskildforeldre. Kunnskapsdepartementet har fått inn heile 3.259 høyringssvar.

---

Barnehagar

  • Det er vel 5.400 barnehagar i Norge, det blir stadig færre og større.
  • 48 prosent av barnehagane er kommunale, og 52 prosent er private.
  • 84 barnehagar er eigd av ei stifting, 79 av eit trussamfunn eller kyrkjelyd, 687 av eit konsern eller eit aksjeselskap.

Kjelde: SSB

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter