Nyheter

Fagforening-topp vil ha israelske vinflasker ut av Vinmonopolet

STOPP: I fjor kjøpte nordmenn rundt 7.800 flasker vin og brennevin frå Israel og ulovlege israelske busettingar. Klubb-leiar for dei tilsette vil ha stopp i salet. Saka blir tema under møte i Vinmonopolet.

– Eg er bekymra for at me har desse vinane inne og kva det gjer med oss som bedrift.

Det seier Helge Storvik, leiar av Handel og Kontor Vinmonopolet, ei fagforeining som organiserer 1.100 tilsette. Det er over halvparten av alle som jobbar i det statleg eigde selskapet.

I dag kan kundar velja mellom 13 produkt frå Israel og israelsk-okkuperte område frå sortimentet til Vinmonopolet. Ifølgje Helge Storvik har dette over tid skapa reaksjonar internt blant dei tilsette, ikkje minst etter krigen i Gaza braut laus i oktober.

Krev hyllerydding av poleigaren

Han har ei klar oppmoding til leiinga i Vinmonopolet:

– No bør leiinga gå inn og utfordra eigarane våre på dette. For me burde ikkje selja vin frå Israel og okkuperte område.

Saka blir tema torsdag, når bedrifts­forsamlinga i Vinmonopolet møtes. Møtet skal ta stilling til om følgjande spørsmål:

«Vil Vinmonopolet ta initiativ for å begrense/avslutte importen av vin produsert av Israel i bosettinger som FNs sikkerhetsråd har slått fast er ulovlige i henhold til folkeretten?»

Det opplyser Helge Storvik til Vårt Land. Vinmonopolet er eit aksjeselskap som er heleigd av staten ved Helsedepartementet.

f

Sel vin frå ulovlege busettingar

Vinmonopolet har inne fem vinar og eit brennevin frå Israel og sju vinar frå israelsk-okkuperte område på Golanhøgdene og Vestbreidda. Produkta er alle i bestillingsutvalet. Fleire av vinane er også å finna i fleire butikkar over heile landet.

Nye tal Vårt Land har henta inn, viser at Vinmonopolet i fjor selde 3.839 liter vin frå israelsk-okkuperte område og 2.037 liter frå Israel.

Det utgjer rundt 5.800 liter – eller rundt 7.800 flasker – med vin og brennevin.

Størstedelen av salet kjem dermed frå dei okkuperte områda, som ifølgje FN er ulovlege.

Israel har okkupert Vestbreidda frå Jordan og Golanhøgdene frå Syria. Det skjedde under Seksdagarskrigen i 1967. Israel har oppretta 132 busettingar og 146 sokalla utpostar i strid med folkeretten i dei okkuperte områda på Vestbreidda. På Golanhøgdene har Israel oppretta 32 busettingar.

Salet av vin frå desse områda er likevel lite sett opp mot at Vinmonopolet i fjor selde over 95 millionar liter til saman.

Har vedteke Israel-boikott

Handel og Kontor er tilslutta LO, som ved fleire høve har vedteke boikott av Israel. Sist no i januar, under Trondheimskonferansen der tillitsvalde frå heile landa var samla. Utsegna om at Noreg må forby handel med varer og tenester frå Israel vart einstemmig vedteke, skriv VG.

e

Handel og Kontor er ei av tre fagforeiningar blant dei tilsette på Vinmonopolet. Helge Storvik seier han ikkje har diskutert salet av israelsk vin med dei to andre.

Vinmonopolet: Me må følgja norsk lov

Vinmonopolet svarer med å visa til alkohollova, som slår fast at selskapet ikkje kan forskjellsbehandla leverandørar på grunnlag av nasjonalitet eller land.

– Det er Utanriksdepartementet som overheld norsk utanrikspolitikk, og per i dag er det ikkje nokon form for boikott eller restriksjonar for sal av produkt frå desse områda. Det er dette Vinmonopolet må forhalda seg til, skriv samfunnskontakt Halvor Bing Lorentzen i ein e-post.

Han skriv vidare at Vinmonopolet har jamleg dialog med eigaren, Helsedepartementet. Her blir det teke opp produkt frå Israel og israelske busettingar.

– Me kan forstå at det naturleg nok er knytt mange kjensler til konflikten i Gaza og Midtausten for tida, også blant våre tilsette. Me er likevel nøydde til å følgja norsk lov og regjeringas til ei kvar tid gjeldande politikk på dette området, skriv Lorentzen.

f

Ingen stor nedgang etter Gaza-krig

I snart fire månadar har Israel utført massive angrep på Gazastripa. Krigen starta etter Hamas sitt terroråtak 7. oktober i fjor der 1.140 menneske vart drepne. Minst 27.586 palestinarar er sidan drepne i israelske angrep på Gazastripa.

Krigshandlingane ser ikkje ut til å ha hatt veldig klar påverknad på salet av vin frå israelsk-okkuperte område. Frå oktober 2023 til januar 2024 vart det seld 1.222 liter, mot 1.515 liter same periode for eit år sidan.

Tala varierer stort frå månad til månad.

Merkeordning fekk lite å seia

Sommaren 2022 vart Vinmonopolet pålagt å merka vin som kjem frå israelske busettingar. Det skjedde etter at Utanriksdepartementet kom med eit nytt krav om at næringsmiddel frå område okkupert av Israel skal merkast.

Vårt Land har tidlegare avdekka at den nye merkeordninga fekk lite å seia for salet av vin frå okkuperte område.

Selde over 3.000 liter palestinsk øl og vin

Vinmonopolet sel også alkohol frå Palestina. I fjor vart det seld 3.130 liter øl og vin herfrå.

Den nyaste vinen kom i butikkane i mars i fjor og er frå Jesu fødeby Betlehem. Cremisan Wine Estate Baladi blir marknadsført som «A product from the holy land».

---

Vinmonopolet og Israel

  • Vinmonopolet er eit norsk, statseigd selskap med einerett på detaljomsetning av vin, brennevin og sterkøl i Noreg.
  • I fjor selde Vinmonopolet 2.037 liter vin og sterkvin frå Israel og 3.839 liter vin frå Golanhøgdene og Vestbreidda.
  • Vinmonopolet viser til alkohollova, som slår fast at selskapet ikkje kan forskjellsbehandla leverandørar på grunnlag av nasjonalitet eller land.

Kjelde: Store Norske Leksikon og Vårt Land

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter